Meny

Nybygg på mindre mjølkebruk

Over heile landet sit det mange unge og eldre som ynskjer å helde fram som mjølkeprodusentar, men ser at det på deira bruk må skje utan vesentleg ekspansjon.

Vi vil med to artiklar, ein tidlegare om løysingar utifrå eksisterande fjøs og denne om nybygg, visa at her er mogleg å finna lausdriftsløysingar hjå alle, som er gode nok for både ku, bonde og bankkonto.

Liten plass til kjepphestar

Det er vanlegvis lettast å finna økonomisk forsvarlege lausdriftsløysingar for mindre mjølkebruk når ein tek med heile eller deler av eksisterande driftsbygning i prosjektet. Men ulike forhold kan endre dette generelle biletet, for eksempel byggteknisk standard på eksisterande bygg, tomteforhold og omsynet til eksisterande produksjon i byggeperioden. Då sit ein altså i ein situasjon der produksjonen ikkje kan aukast vesentleg, og ein må bygge nytt lausdriftsfjøs. Håplaust eller berre ei spanande utfordring?
Gjennom eit eksempel planlagt for 24 årskyr med fullt kvigepåsett, vil eg visa at nybygg kan realiserast til denne bruksstorleiken innanfor ei akseptabel kostnadsramme for totalkostnad på kr. 20/liter kvote. Det viktige for å lukkast, er at både planleggar og byggherre, frå dag ein til innflytting, har kostnadsfokus og aksepterer at ein ikkje kan tenke «mainstream». I denne typen prosjekt er det lite plass til kjepphestar, og impulskjøp av typen «kjekt å ha».

Lågkostnadsfjøset

Planskissene nedanfor viser to innreiingsløysingar i det same bygget på ca. 40x13 m2, med eit lite tilbygg for tankrom, sosiale rom og kalv.  Både planen med 2x4 fiskebeinstall og den med robot, har kapasitet til 20 mjølkande kyr, fire gjeldkyr og 16 kviger i hovudbygget.   

Tegning_driftsbygg_2

 

Tegning_driftsbygg_3_gavl

 

Tegning_driftsbygg_4

Bygget er heilt utan kjeller og har opne gjødselgangar med kjettingdrivne skrapeanlegg.  For oppsamling av gjødsel er det planlagt betongkulvert med spalt, alternativt plastrøyr, for vidare tapping til utvendig gjødsellager. Tverrgangar, med minstemål m.o.t. breidder, må reingjerast manuelt.  I staden for liggebåsar i betong og madrassar er det vald djupstrøsenger, som no er mykje brukt i utlandet.  Desse vert fylte med sand, tørka gjødsel (fiber), sagflis eller halmbaserte blandingar som liggeunderlag.

Overbygget er uisolert med stolpe-/limtrekonstruksjon, alternativt stålbuar. Langveggene har  vindbremseduk i full høgd, og gavlveggene er tradisjonelle uisolerte stenderverksvegger. Tak av sementbaserte bølgeplater, for å redusera støy og kondens i høve til stålplater, og med saksekip i mønet.  For å halda rom for robot og mjølkestall frostfritt er desse isolerte, og kan enkelt få tilført overskotsvarme frå tankrom. Likeeins er vassforsyninga frostsikra. Fôrbrettet er tilpassa fôring med minilastar, og bygget er i utgangspunktet uten fôrsentral.

Totalkostnaden inkludert grunn, bygg, gjødsellager, elektro, VVS og i-mek er kr. 3,2 millionar med brukt fiskebeinstall, og kr 3,7 millionar med brukt robot. Med ein kapasitet på ca. 165.000 liter med mjølkestall, og ca. 180.000 liter med robot, tilsvarar dette ein kostnad på henholdsvis kr. 19,50/liter og kr. 20,50/liter.

Vindbremseduk_Hardanger
Vindbremseduk fra Hardanger

 

Gjødseltrekk_og_djupstrø_Sveits
Gjødseltrekk og djupstrø fra Sveits

 

Djupstrø_fiber_Nederland
 Djupstrø fiber Nederland

 

Tilval

Bygget inneheld berre kjende løysingar som ein veit vil fungera tilfredsstillande (godt nok) i store delar av landet. Dette gjev gode tilhøve for dyra fordi dei her får mykje lys og luft.  Likevel vil det vera naturleg å vurdera aktuelle tilval. Nedanfor har eg sett opp eit lite utval av slike, med berekna tilleggskostnad i 1000 kr.  Det er her faren for å spore av, og ende opp med eit tradisjonelt bygg med tradisjonell kostnad, er stor. Eit bygg mindre mjølkebruk sjeldan kan forsvare økonomisk.

 Tabell_tilvalg

Tek ein utgangspunkt i bygget med brukt mjølkestall og ein totalkostnad på kr 3,2 millionar, vil tradisjonelle tilval som sandwichtak, betongelementvegger, ventilasjonsanlegg, kanalomrøring, tradisjonelle liggebåsar, fôrsentral, bandfôring og ny robot heve totalkostnaden til kr. 6,1 millionar, eller kr. 34/liter. 

Det er mogleg å realisere rasjonelle og gode lausdriftsfjøs på mindre mjølkebruk, men ein må då vera innstilt på å velje ein del utradisjonelle løysingar. 

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås