Meny

Moglege nye forskriftskrav til hald av storfe

Mattilsynet føreslår å innføre omsorgsbingar til alle dyr i alle typar storfefjøs. I tillegg ønsker dei endringar i krav til beite og mosjon for storfe. Heilårleg krav til mosjon for storfe i båsfjøs frå 2024 er foreslått teke bort.

av: Torfinn Nærland og Cathinka Trøen, rådgivarar bygningsplanlegging, TINE Rådgiving Rogaland og Hordaland

Mattilsynet la fram eit justert utkast til forskrift 08.07.2020 som omfattar blant anna kalvings- og sjukebinge, samt krav til mosjon og beitetid for storfe. Dersom forslaga vert vedteke, vil det føre til endringar for både bås- og lausdriftsfjøs til storfe når det gjeld dei omtala forholda i drifta. Me skal i denne artikkelen sjå på dei nye forslaga.

Regelverket

I dag er det blant anna «Forskrift om hald av storfe», med tilhøyrande «Veileder til forskrift om hold av storfe» som regulerer korleis fjøset skal vera, og som stiller krav til beite og mosjon for dyra. Det har sidan 2013 føregått ei revidering av regelverket for hald av storfe, svin, sau og geit. Forslaget er nå ei felles forskrift for alle fire dyreslaga. Det vil vera ein felles del som gjeld for alle dyreslaga, samt spesifikke delar for det enkelte dyreslaget. Eit oppdatert forslag vart sendt frå Mattilsynet til Landbruks- og matdepartementet i juli 2020.

Nye krav til beite og mosjon

Gjeldande forskrift om hald av storfe stiller krav til at storfe skal sikrast fri bevegelse og mosjon på beite i minst 8 veker for dyr i lausdriftsfjøs, og minst 16 veker for dyr i båsfjøs. Krav til mosjon og beite gjeld generelt i forslaget ikkje for oksar eldre enn 6 månader.

Det nye utkastet foreslår eit generelt krav om at storfe skal haldast på eller ha tilgang til uteområde i til saman minst 56 heile døgn i løpet av den normale beiteperioden. Kyr som blir tekne inn for å mjølkast, kan likevel haldast inne til neste mjølking.

Kva som er normal beiteperiode er ikkje definert. Dette vil naturlegvis variere kor i landet me er. Dagens rettleiar seier dette er frå og med april til og med oktober. 

Etter dagens forskrift skal storfe i tillegg sikrast moglegheit til regelmessig mosjon og fri bevegelse resten av året. For båsfjøs trer dette i kraft frå 2024. I Mattilsynet sitt siste forslag er dette ikkje lenger eit krav. Det vil difor bare vera krav til beite og mosjon i normal beiteperiode som må oppfyllast. Det vil vera spesifikke krav til bås- og lausdriftsfjøs.

Flyfoto gårdstun

Prøv deg fram: Plassering av nytt fjøs er viktig med tanke på tunutforming, logistikk og lett tilgang til beite for dyra. Bruk av luftfoto og "papirfjøs" er ein enkel metode å illustrera og analysera dette på

Endring for kalv

Etter nytt forslag er det ikkje lenger unntak for kalvar for utandørs beite og mosjon, same kva tid på året dei er fødde. Kalvane må vere ute, men hovudregelen opnar for løysingar der dyra går fritt ut og inn av fjøset eller andre opphaldsrom.

Mosjon og beite for storfe i båsfjøs...

I nytt forslag skal storfe i båsfjøs etter 2024 ha ei mosjons- og beitetid på minst 112 døgn. Av desse kan 28 døgn vera utanom den normale beiteperioden. Storfe i båsfjøs kan ikkje oppfylle kravet til mosjons- og beitetid gjennom bruk av luftegardar.

...og i lausdriftsfjøs

For bruk med lausdriftsfjøs bygd etter 2014 må storfe haldast på eller ha tilgang til uteområde i minst 56 heile døgn i beiteperioden. Det er ikkje krav om at storfe skal ta opp størsteparten av grovfôret på beite i denne perioden. Det er kravet til å utøve beiteadferd og mosjon som er vektlagt. Ved planlegging av nye fjøs må me difor sikre tilstrekkeleg med beite og mosjonsareal rundt fjøset.

Lausdriftsfjøs og luftegardar

Krav om at dyra skal beite på uteområdet, gjeld ikkje storfe i fjøs som har vore innreidde for lausdrift sidan før 01.01.2014, dersom dyrehaldar ikkje har - eller kan skaffe, tilgjengeleg beiteområde. Dyra skal i staden ha tilgang til eit uteområde som gir høve til mosjon. Dette gjeld også kastratar, som i dagens forskrift. I det nye forslaget vert det stilt krav til korleis uteområdet (luftegarden) skal vera. Her er mykje likt dagens rettleiar.

Krav til kalvings- og sjukebingar

Dagens forskrift stiller krav om 1 kalvings- og sjukebinge pr. 25 «påbegynte» kyr i lausdriftsfjøs. Frå 2024 gjeld det også for båsfjøs. Det er presisert i rettleiaren til dagens forskrift at bingen kan kombinerast til både kalving og behandling av sjuke dyr. Frå eit veterinærfagleg synspunkt vert dette ikkje tilrådd grunna faren for sjukdomsspreiing. I Mattilsynet sitt nye forslag vert kalvings- og sjukebinge foreslått endra til å kallast omsorgsbinge. Kravet om 1 binge pr. 25 «påbegynte» kyr er fjerna.

Nok omsorgsbingar

Det er i nytt forslag stilt krav om at det alltid skal vera minst 1 omsorgsbinge i dyrehaldet. Talet på omsorgsbingar skal aukast tilstrekkeleg dersom det er nødvendig på grunn av talet på dyr, driftsform, helsa til dyra eller andre forhold. Omsorgsbingane skal vera lett tilgjengelege, store nok og eigna for dyr som er sjuke, skal føde, eller har andre forbigåande behov for å skjermast frå andre dyr og få spesielt tilsyn og stell. Dyr som står saman i omsorgsbingen skal kunne haldast fråskilde.

Det nye utkastet legg altså opp til at omsorgsbingen skal nyttast til alle storfe, ikkje berre kyr som er sjuke eller skal kalve. Sjuke eller skadde kviger, oksar og kalvar skal settast i omsorgsbingen. Me kan sjølvsagt nytte omsorgsbingane i kuavdelinga til kviger og oksar, men dette kan vera lite praktisk å få til i mange fjøs. For nye lausdriftsfjøs kan det vera lurt å ha eigne omsorgsbingar for kviger og oksar i tilknyting til desse avdelingane.

Kva fjøs gjeld krav om omsorgsbinge for?

Krav til omsorgsbingar vil frå 2024 gjelde for dyr i alle typar fjøs. Dermed må det vere nok omsorgsbingar tilpassa alle storfe i fjøset. For eksisterande lausdriftsfjøs kan det verte behov for fleire omsorgsbingar, avhengig av kor praktisk det er å bruke dagens kalvings- og sjukebingar til ku også til kviger og oksar.

Krav til omsorgsbingane

Forslaget stiller ikkje krav til areal og utforming av omsorgsbingen. Dette vil truleg kome i ein rettleiar eller liknande på eit seinare tidspunkt. Dagens rettleiar kan vera ei god rettesnor inntil vidare. Sjå også TINE Rådgiving sin artikkel om kalvingsbingar i båsfjøs.

Kva no?

Det nye forslaget ligg no hjå Landbruks- og matdepartementet, og kjem på høyring til landbruksnæringa. Utkastet omfattar i tillegg mange fleire velferds- og produksjonsmoment enn det som er omtala her.

Kravet til omsorgsbinge vil verte sentralt. Etter forslaget skal alle storfe settast i omsorgsbinge ved behov, medan kravet i dag gjeld berre kyr som er sjuke eller skal kalve. Ut frå eit dyrevelferdssynspunkt kan det truleg gå mot omsorgsbinge til alle storfe, for òg å kunne handtere sjuke og skadde kalvar, kviger og oksar.

Når det gjeld kravet til beite og mosjon, kan det nye forslaget langt på veg synast å ha kome fram til ei løysing. Forslaget tek i vare dyrevelferda ved ulike fjøsløysingar og er mogleg å handtere. Nokre lausdriftsfjøs bygd etter 2014 kan truleg få problem med å få til eigna beite kring bygget.

Men for å sitere kva ein dansk statsminister sa ein gong: «Man har et standpunkt, til man tager et andet». Det som er omtala i denne artikkelen er forslag, og det er viktig å presisere at det ikkje er vedteke.

Uansett vil det vera viktig å planlegge fjøset ditt slik at det er mogleg å tilpasse seg endringar og moglege utvidingar.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit oktober

Kr 5,36

Snitt fettprosent kumelk oktober

4,44%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås