Meny

Mål og tiltaksplan på medlem.tine.no

Mål og tiltaksplanen er også laga med tanke på at du skal kunne samle alle mål og tiltak på ein stad.
Mål og tiltaksplanen er også laga med tanke på at du skal kunne samle alle mål og tiltak på ein stad.

Melkebruket er ein mangslungen bedrift der leiinga skal halde styr på mange felt. TINE Bedriftsstyring skal lette og betre dette arbeidet. 8. juni vart det lansert ein ny modul - Mål og tiltaksplan.

 

Kor finn eg mål- og tiltaksplanen?

Mål og tiltaksplanen er ein del av TINE Bedriftsstyring. Du loggar deg på medlem.tine.no og klikkar på «Styring og planlegging» på det blå bandet (1.). I menyen som då kjem til syne, finn du «Mål og tiltaksplan» heilt til venstre (2.). Klikkar du på denne, kjem du til sjølve Mål og tiltaksplanen.

Hvor_mål_og_tiltaksplan

 

I figuren nedanfor ser du øvste partiet av mål og tiltaksplanen. Heilt til høgre, på det grå bandet, står det «Hjelp?». Klikkar du på denne får du opp nokre tips samt ein videosnutt som forklarar funksjonaliteten i Mål-og tiltaksplanen.

 Hjelp_mål_og_tiltaksplan

 

Kva er meirverdien ?

Kva meirverdi målsetting og planlegging gjev, er nok klart for mange. Eg har likevel tillate meg å reflektere litt rundt fenomenet:

Mål og tiltaksplanen inviterer til å gjere måla våre skriftlege. Dette vil ofte gjere målet klarare formulert og tydlegare for ein sjølv. I tillegg vil det lette formidling av måla til andre som skal involverast. Dette kan vere familien, tilsette og andre støttespelarar.

Ein positiv bieffekt av å skrive ned og dele måla, er at det aukar graden av forplikting. Det kjens kanskje skummelt, men aukar også sjansen for å nå målet - og dermed oppnå meir på vegne av seg sjølv og garden.

Det som verkeleg gjev effekt, er at ein i tillegg til å sette seg mål, planlegg målretta tiltak. Tiltak som fortel kva som skal gjerast, når og kven som er ansvarleg.

Mål og tiltaksplanen er også laga med tanke på at du skal kunne samle alle mål og tiltak på ein stad. Dette vil gje oversikt og lettare vurdering av arbeidsmengde. I tillegg blir det lettare å oppretthalde rett fokus over tid.

Ein garbrukar eg kjenner dvela ei stund ved ordet "planleggingsverkty" og sa med glimt i auge: «Frå gamalt av heiter det at planlegginga er halve arbeidet. I tillegg blir det sagt at har du rett verkty, så er halve jobben gjort: Så planlegg du godt og har rett verkty, skal du strengt teke ikkje trenge å arbeide…»

Rådgjevarane i TINE vil i tida som kjem ha fokus på Mål og tiltaksplanen. Eg vil oppmode om at de utforskar moglegheitene i dette nye verktyet saman og håpar du finn ein god måte å bruke det på!

Dersom du har spørsmål vedrørande Mål og tiltaksplan eller TINE Bedriftsstyring forøvrig, så ta kontakt med Nøkkelrådgjevaren din eller  TINE Medlemssenter på telefon 51 37 15 00. 

 

 

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås