Meny

Kva verdiar har mjølkeprodusentane i TINE?

Verdiar er grunnleggande for oss menneske. Dei styrer korleis vi opplever ulike situasjonar og problem, og kva me legg merke til. Verdiane fungerer som gaidar for oss når me må gjere val, og slik påverkar dei beslutningane våre. Ein stor undersøking blant mjølkeprodusentane i TINE fortel oss noko om kva slag verdiar som rår. Kjenner du deg att?

I motsetnad til holdningar er verdiane retta framover i tid, og ikkje mot spesielle personar eller objekt. Dei er relativt stabile over heile livsløpet, og foreldre og lærarar er viktige førebilete når verdiane våre vert forma i barne- og ungdomsåra. For tillitsvalde og tilsette i TINE er det viktig å vite noko om kva verdiar mjølkeprodusentane har, både fordi dei er eigarar, og fordi TINE leverer tenester til dei.

Tradisjon, kvalitet og botnlinja

For å finne ut kva verdiar mjølkeprodusentane i TINE har spurde me for nokre år sidan 90 produsentar fordelt over heile landet om kva som er viktig for dei. Svara me fekk syner at bønder har fleire ulike verdiar. Ein av dei viktigaste verdiane er å halde garden og tradisjonen i hevd. Ein bonde i førtiåra sa det slik: «Eg kjenner ei forplikting overfor dei som har drive garden før meg til å ta vare på  og gjerne overlate den til neste generasjon i litt betre stand enn den var».

Dette er ikkje eit særnorsk fenomen, i Irland  går det såleis i middel 450 år mellom kvar gong ein gard blir seld ut av slekta. Ein annan viktig verdi er sjølvsagt å tene pengar, ikkje nødvendigvis mest mogleg, men tilstrekkeleg. Fleire kommenterer at dersom deira høgaste ønskje var å tene mest mogleg, ja så har dei definitivt satsa på feil hest. Dei er meir opptekne av å tene nok til å dekke utgiftene, og berre nokre få oppgjev resultatet på botnlina som deira einaste verdi. Å produsere mat og produkt av førsteklasses kvalitet er òg ein viktig verdi for mange mjølkeprodusentar, og dei som har økonomi og produksjon som dei einaste verdiane er dei som kjøper mest rettleiingstenester av TINE.

«Eigen herre»

Ein av dei aller viktigaste verdiane for mjølkeprodusentane er «å vere sin eigen herre». Ein kar i trettiåra sa det slik: «Du er din eigen sjef, og du kan legge opp arbeidsdagen sjølv».

Bondeyrket er ein livsstil. Ei dame i førtiåra sa det slik: «Det som var viktig for meg var å drive ein gard, det var målet i livet mitt… og eg likar arbeidet med dyra, den store fridommen i yrket…heile situasjonen…det er vanskeleg å trekkje  ut ein bestemt del av det heile».

På same måten framhevar fleire bønder det å ha eit yrke ein likar som ein særs viktig verdi: «Det viktigaste er at du er engasjert i det du driv med», sa ein kar i trettiåra.

Ein god plass å bu og vekse opp

Mange bønder legg vekt på å ta vare på miljøet og kulturlandskapet: «Det er mykje beite på denne garden, så me må halde kulturlandskapet ope, det er viktig. Det er så fint med eit ope landskap som vert halde i stand, og me har eit ansvar for å halde det vedlike». I den same kategorien er det fleire bønder som framhevar kor viktig det er å ta vare på miljøet og utnytte naturressursane på ein forsvarleg måte. Likeeins legg ein del vekt på at dei synest matproduksjon er eit meiningsfylt arbeid i ei verd der behovet for mat stadig aukar.

Garden er ikkje berre ein stad der ein produserer mat. Garden er òg ein god buplass både for born og vaksne, eller som ein bonde i førtiåra sa: «Av eiga erfaring veit eg at ein gard er ein god plass å vekse opp, det å kunne ha kontakt med dyra og ikkje minst med besteforeldra».

Det å kunne sette seg mål og utvikle seg ved å nå måla er òg ein viktig verdi for bønder. Ein kar i femtiåra sa det slik: «Å oppnå gode resultat og det å få rask tilbakemelding på det ein gjer er ei viktig drivkraft i kvardagen.…Mjølkeproduksjon er ganske interessant slik».

Fleire verdiar sikrar produksjonen

Nokre år etter intervjua sjekka me kor mange av dei 90 bøndene som framleis dreiv med mjølk. Då fann me noko interessant. Fleire av dei som hadde få verdiar hadde selt kvoten, jamført med dei som hadde mange verdiar. I praksis tyder det at dess fleire gode grunnar du har for å drive gard, dess lenger vil du halde oppe mjølkeproduksjonen. Bønder har fleire ulike verdiar, og det er viktig at både TINE og politikarane kjenner verdiane og måla til bøndene. Slik kan rettleiingstenesta i TINE sette tenestene inn i ein større samanheng for å sjå korleis dei kan tilfredsstille ulike mål og verdiar, og politikarane kan sette inn tiltak som tek omsyn til fleire ulike verdiar på kort og lang sikt.  

Les hele studien om melkebønders verdier og hvordan verdiene påvirker deres beslutninger

Hva er viktig for deg som mjølkeprodusent? Del egne verdier og refleksjoner i kommentarfeltet.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås