Meny

Kostnader og CO2-utslepp ved handtering av husdyrgjødsel. Resultat frå Grovfôr 2020

Kapasitet pr. time har mykje å seie for kostnadene og samarbeid kan hente ut stordriftsfordeler i gjødselhandteringa.

I Grovfôr 2020-prosjektet rekna me på gjødselkostnader og utslepp av CO2 på 183 bruk frå heile landet.
I reknestykket tok me med eige og leigd arbeid samt kostnader med eigne og leigde maskiner knytte til røring, lessing, transport og spreiing av gjødsla. Lagerkostnaden var såleis ikkje med. Eige arbeid vart verdsett til 200 kr pr time. For alle arbeidsoperasjonane tok me med tida som går med til rigging av utstyret.

Deltakarane i prosjektet brukte følgjande handteringsliner: Tankvogn, slangespreiing og kombinasjonar av desse (kombi). Bruka med tankvogn hadde lågast gjødselmengd totalt, medan bruka med slangespreiing og kombi hadde om lag same mengd. Bruka med kombi hadde lengst transportavstand.

Kostnaden i kr pr. tonn spreidd gjødsel varierte mykje frå bruk til bruk, sjå figur 1, med ein middelkostnad på 46 kr. To faktorar var avgjerande for å forklare skilnadene i kostnader; transportavstand i km og kapasitet i tonn pr. time.
Dei to faktorane heng delvis saman. Kostnaden pr. tonn gjødsel auka med om lag 6 kr pr. ekstra køyrde km, medan ein auke i kapasiteten på 10 tonn pr. time reduserte kostnaden med kr 4,50 pr. tonn. Lina i Figur 1 syner òg ein klar tendens til at kostnaden pr. tonn minkar med aukande gjødselmengd, noko som indikerer at her er det stordriftsfordeler, og dermed pengar å vinne på å samarbeide.

Handteringskostnad gjødsel og mengde gjødsel pr. bruk

Lågast kostnad med slangespreiing

Kostnaden pr tonn var klart lågast for slangespreiing, og høgast på bruka med tankvogn. Kombi-bruka kom i ei mellomstilling. Høg kapasitet og kort transportavstand er viktige årsaker til at slangespreiing kom best ut. Sjølv om bruka med slangespreiing hadde kortast transportavstand, var det fleire døme på at bruk med lang avstand til teigane òg nytta slangespreiing. Samarbeid eller leige av transport gjorde dette mogleg, og bruka med slangespreiing hadde mest samarbeid om maskiner og reiskap.

Kapasitet og transportavstand viktig for CO2 - utslepp

To faktorar var viktige for å forklare skilnadene i utslepp av CO2 frå transport av gjødsla: Kapasitet og transportavstand, sjå figur 2. I figur 2a ser me at utsleppet minkar kraftig når kapasiteten i tonn pr time aukar. Tilsvarande ser me i figur 2b at utsleppet aukar jamt med transportavstanden til spreiearealet.

Om du lurer på kva gjødselhandteringa kostar på ditt bruk og korleis du ligg an i høve til dine yrkesbrør, kan rettleiarar i TINE hjelpe deg med å rekne på dine tal.

Figur 2a. Co2 frå transport av husdyrgjødsel og kapasitet

 Figur 2b Co2 frå transport av husdyrgjødsel og transportavstand

Denne artikkelen er også publisert i Buskap nr. 2/19.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit mars

Kr 5,07

Snitt fettprosent kumelk mars

4,38%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås