Meny

Korleis auke mjølkeproduksjonen i 2020?

Forholdstalet for mjølkekvotane for kumjølk auka frå 0,96 til 1,01 i starten på april. Ulike grunnar, blant anna usikkerheit i forhold til korona-viruset og oppstart av Jarlsberg-produksjonen i Irland, gjer at TINE treng meir mjølk i 2020. Økonomiske berekningar viser at det løner seg å fylle kvoten.

av: Ingunn Schei, Bjørn Gunnar Hansen og Jon Kristian Sommerseth - alle spesialrettleiarer i TINE.

Tiltak for å auke produksjonen

Berekningar vi har gjort i Tine, mellom anna på alle referansebruka, syner at i dei aller fleste høve løner det seg å fylle mjølkekvoten. Høg kvotefylling og økonomisk effektiv drift heng saman. Med ein grunnkvote på 200 tonn og eit forholdstal på 0,96 vert disponibel kvote 192 000 liter, og med forholdstal 1,01 vert disponibel kvote 202 000 liter. Auken tilsvarar årsproduksjonen til ca. 1,3 kyr dersom gjennomsnittsavdråtten er om lag  8000 kg. Dersom vi reknar at auken i leveranse skjer frå midten av april vil det vere att 255 dagar av året. Med jamn leveranse gjennom året må leveransen aukast med 39 liter pr dag for å fylle den nye kvoten. Det er fleire måtar å auke produksjonen på. Her er dei mest aktuelle:

  • Utsetje planlagt slakting av kyr
  • Auke avdråtten med:
    • Betre grovfôrkvalitet og uendra eller høgare kraftfôrmengde
    • Same grovfôrkvalitet og auka kraftfôrmengde og ev. nytt kraftfôrslag
  • Gje tilleggsfôr i beitesesongen
  • Gje mindre mjølk til kalvane og bruke meir mjølkeerstatning
  • Forlenge laktasjonen
  • Kjøpe inn kyr eller kviger

Utsetje slakting av kyr

For tida er det vanskeleg å få kjøpt kyr og kviger. I tillegg er det usikkert kva som skjer i 2021 når mjølkemengda truleg skal ned att. Dersom ein kan utsetje slakting av ei ku i seinlaktasjonen som mjølkar rundt 20 kg med ein månad, vil det gje omlag 600 kg ekstra mjølk. Om ein har plass i fjøset og kan behalde kyr som er midt i laktasjonen og mjølkar 24 kg, vil det gje omlag 5400 kg meir mjølk.

Auka avdrått

Kva respons ein vil få av å auke kraftfôrmengdene er avhengig av ei rekkje forhold og vil variere frå gard til gard. Dei faktorane som har mest å seie er grovfôrkvaliteten, kva kraftfôrnivå ein ligg på, kua sitt laktasjonsstadium, og holdet. Dersom kyrne får lite kraftfôr i utgangspunktet vil eitt kg ekstra kraftfôr gje meir mjølk enn om kyrne allereie får mykje kraftfôr. Både mengde og eigenskapar ved kraftfôret påverkar grovfôropptaket. Om ein har grovfôr av god kvalitet med høgt energiinnhald vil ein også ha mindre att for ein ekstra kilo kraftfôr enn om grovfôret har lågt energiinnhald, fordi ekstra kraftfôr vil redusere grovfôropptaket (substitusjonseffekt). Di mindre blir den økonomiske nettoeffekten. Figuren under viser døme på kva respons ein kan oppnå i kg EKM på den vertikale aksen etter kvart som kraftfôrmengda pr dag aukar langs den horisontale aksen for tre ulike grovfôrkvalitetar. Figuren viser at responsen i kg EKM pr dag minkar etter kvart som kraftfôrmengda pr dag aukar, og at ein får mindre att for ein kg kraftfôr når grovfôrkvaliteten er god enn når grovfôret har lågare fordøyelegheit. Dette viser  kor viktig det er å ha rett forhold mellom grovfôr og kraftfôr i rasjonen. For å finne den optimale tilpassinga på den enkelte gard må det utarbeidast fôrplan med reelle prisar på fôret.Samanhengen mellom kraftfôrmengde og mjølkeavdrått (EKM)

Figur 1. Samanhengen mellom kraftfôrmengde og mjølkeavdrått (EKM) ved tre ulike fordøyelegheiter av organisk stoff i grovfôret. Høg = 75 %, Middels =70 %, Låg = 65 % fordøyelegheit (Alvarez m.fl., upublisert).

Betre grovfôrkvalitet

Grovfôr med  høgt energiinnhald er grunnlaget for høgt fôropptak  og god energiforsyning. Det er den sikraste og beste måten å auke energiforsyninga på som samstundes gjev best økonomi. Med god grovfôrkvalitet kan ein produsere like mykje mjølk på mindre mengde kraftfôr, eller produsere meir mjølk med same mengde kraftfôr. Som bonus kan ein òg få auka feittprosent, og dermed nokre ekstra kroner i feittbetaling. Vi står framfor ein ny fôr-sesong, og å auke grasavlinga og energiverdien i graset kan gje meir mjølk og  auka kvotefylling. Med høg energiverdi meiner vi minst 6,2 MJ NEL/kg tørrstoff. Fjorten dagar utsett haustetid reduserer energiinnhaldet med om lag  10 %. Det tilsvarar ein nedgang frå 6,4 til 5,6 MJ NEL/kg tørrstoff. Med uendra  kraftfôrmengde i rasjonen utgjer det om lag 2,5 kg EKM lågare avdrått pr ku pr dag. Med utsikter til reduserte kvotar neste år kan eit tiltak vere å slå litt tidlegare på førsteslåtten og bruke denne utover hausten. Så kan ein eventuelt justere mengda på seinare haustingar og bruke dette fôret i kvoteåret 2021.  

For å utnytte potensialet i eit godt grovfôr og oppnå høgt grovfôropptak tilrår vi å trappe opp kraftfôrmengda forsiktig etter kalving med omlag 0,3 kg per dag. Gradvis opptrapping gjev kyrne høve til å  kompensere auka energibehov med auka grovfôropptak. Det vil òg gjere at avdråtten ikkje stig for raskt og dermed gje ei relativt flat laktasjonskurve.

Høgare avdrått – vil feittprosenten i mjølka gå ned?

Normalt vil auka avdrått basert på auka kraftfôrmengde redusere feittprosenten. Vil det då løne seg å levere fleire litrar, eller vil det løne seg å oppretthalde feittprosenten? Dersom ein tek utgangspunkt i snitt mjølkepris for mars så må feittprosenten reduserast med meir enn 3,7 tidelar for at auka produksjon tilsvarande kvotefylling skal gi lågare utbetaling. Då er ikkje eventuelle auka kostnader rekna med.

Gje tilleggsfôring på beite

Tilleggsfôring på beite kan vere aktuelt i fleire høve. Godt beite har høg energiverdi, lite fiber og mykje umetta feittsyrer. Då er det viktig å ikkje gi for mykje kraftfôr slik at vomma kjem i ulage og feittprosenten blir låg. Her kan ekstra fiberrikt grovfôr som seint hausta rundballar eller halm vere aktuelt fôr å betre fôrutnyttinga og halde oppe feittprosenten. Mange har avgrensa beiteareal og varierande tilgang på beitegras, og mjølkeproduksjonen har gjerne ein tendens til å minke. For å halde stabil og jamn fôrtilgang på beite kan det vere aktuelt med tilleggsfôring både med kraftfôr og 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit oktober

Kr 5,36

Snitt fettprosent kumelk oktober

4,44%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås