Meny

Kan du som bonde lære av andre bransjar?

Lærer om Lean hos Felleskjøpet
Lærer om Lean hos Felleskjøpet

Felleskjøpet Rogaland Agder har spart 150 mill kr på forbedringsarbeid. Tidlegare investerte FKRA seg til kapasitetssauke, men har no oppnådd det same med å byggja ein forbedringskultur. Effektiviteten i kraftfôrfabrikken har auka med 70 % sidan 2006. Les meir om kva bøndene fekk høyra om Lean arbeidet då dei var på bedriftsbesøk hjå FKRA.

Det spennande med Lean er at me kan henta impulsar frå heilt andre bransjar. Dette kan gi nytte til bonden i den daglige drifta. Bøndene som har vore med i prosjektet Lean i Landbruket, hadde sett av ein desemberdag for å få inspirasjon til vidare Lean arbeid.

Overføringsverdi

Sjølv om me her var på ei bedrift med mange tilsette, ser me at mykje av det me fekk sjå og høyra, kan overførast til bruk hjå den enkelte bonde Dette er å byggja ein kultur der ein legg stein på stein. Så no gjeld det å ta med seg element frå dette og halda fram arbeidet heime på eigen gard, seier ein av deltakarane.  

Starta i det små

-Me starta med eit område i fabrikken, og gjekk  i gang med orden og reinhald, eller 5S som me kallar det. Me tok bilde før og etter, og etablerte ein standard på korleis me ville ha det. Etter kvart såg me at arbeidet gjekk lettare, og me har  gradvis utvida arbeidet til heile fabrikken. Me haldt litt igjen i starten, slik at me fekk utvikla systemet og var trygge på at det fungerte. Nå har dei tilsette som mål at alle skal koma med eit forbetringsforslag i månaden, seier produksjonsdirektør Arne Norland.

Korte mål for den daglige drifta

-Det held ikkje med dei langsiktige måla i den operative drifta. Dei lange måla må brytast ned i korte sekvensar, for at me skal få fokus på dette i den daglege drifta. Dei viktige måla rapporterer me kvar veke, og dei tilsette konkurrerer om viktige produksjonsmål også mellom kvart skift. Kven skulle trudd det for 8 år sidan, seier Norland. Fokus er på dei måla me set oss, og dette vert heile tida følgt opp med tavlemøte og visualisert. Leiinga har tett oppfølging, og har kvar månad inspeksjonsrunde der ein gir karakter. Dei tilsette har stor glede og entusiasme av å måla og dokumentera resultata, seier produksjonsdirektør Arne Norland til bøndene som er på besøk.

Det visuelle er viktig  

Norland poengterte at det visuelle er heilt sentralt, og ved omvisinga fekk me sjå at tavler var i bruk over alt. Dei var tettpakka med informasjon. Kvart skift har si tavle. Dei set opp sine eigne mål og får opp resultata på tavla fortløpande. Leiinga er tett på, men kvar avdeling har sitt sjølvgåande system. Systema er i stadig utvikling. Me har hatt over 6500 forbetringar sidan starten, og også i år har me fått inn meir enn 1000 forslag. Det er framleis stort potensial  og kreativiteten og engasjementet har ikkje minka enda.

Fjerne plunder og heft

Me arbeider systematisk med å fjerne plunder og heft. Har det skjedd noko, går me gjennom det, og stiller oss spørsmål kvifor dette kunne skje. Me prøver ut ulike løysingar og etablerer ein ny standard, slik at alle gjer dette likt.  Då brukar me foto og heng opp ein ny standard. Ved dei ulike maskinane heng me opp ettpunktsleksjonar. Det er eit laminert ark med beskriving av korleis det skal gjerast. Også her med foto for å gjere det meir visuelt, seier Norland.

Andre auger på eigen praksis

FKRA starta i 2006 med eit pilotprosjekt. I dag er meir enn 20 forbedringsgrupper i sving. Siste året er også arbeidet teke over i andre divisjonar. -Me har brukt ekstern konsulent 2 dagar i månaden. Det har vore avgjerande for å koma der me er i dag. Det er viktig å heile tida få påtrykk frå auger utanfrå. Det skjerpar oss alle, avsluttar Norland

Lean dobbel bunn bilde

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås