Meny

Løysingar for mindre mjølkebruk

Løysinga kan vera å ta med heile eller deler av eksisterande fjøs, for å halda kostnadane nede.
Løysinga kan vera å ta med heile eller deler av eksisterande fjøs, for å halda kostnadane nede.

Over heile landet sit det mange mjølkeprodusentar – unge og eldre familiar – som er urolege for framtida på grunn av lausdriftskravet i 2024. Dei ynskjer å vera mjølkeprodusentar, men ser at det på deira bruk må skje utan vesentleg ekspansjon.

Diverre har det og hos mange festa seg ei oppfatning av at ein må vera «stor» for å overleva 2024 som mjølkeprodusent. Vi vil med to artiklar, denne om løysingar utifrå eksisterande fjøs og den neste om nybygg, visa at her er mogleg å finna lausdriftsløysingar hjå alle, som er gode nok for både ku, bonde og bankkonto.

 

«Robot skal me ha – kva anna får me råd til?»

Mange planar har hatt utsegn som dette som utgangspunkt. Det er gjerne unge familiar som ynskjer moglegheit til å fylgja opp barn på linje med andre foreldre, der det meste av aktivitetar skjer i tradisjonell fjøstid. Eller ein eller begge brukarane ynskjer å ha noko arbeid utanom bruket. Arbeidsplassar som i dag ofte er fleksible med omsyn til arbeidstid og arbeidsstad, og der brukarfamilien ser etter løysingar også i fjøset som gir same fleksibiliteten. Det vanlege er nok at desse møter argumentasjon om at robot er ei stor investering, med store årlege driftskostnader, slik at full utnytting av kapasiteten er viktig. I staden for å prøva finna løysingar i byggdelen av prosjektet, slik at totalen vert akseptabel økonomisk sett. Biletet er frå eit fjøs bygd 2014 med 20 liggebåsar til mjølkekyr i ei rekke, robot og plass til kalv- og kvigepåsett og naudsynte sjukebingar. Totalkostnaden vart kr. 20/liter kapasitet(kvote), - ei kostnadsramme som har viste seg å vera ei grei rettesnor på alle typar bruk. Diverre ser me i dag fleire store nybygg som sprenger denne grensa. Sidan innteninga er vesentleg høgare på dei første 20 kyrne enn dei neste, gir denne robotløysinga heilt greitt økonomisk resultat. Generelt er me nok flinke til å rekne reell kostnad, litt mindre flinke til å vurdere totalverdien denne roboten har for brukarfamilien.

Bilde_1_løysingar_for_mindre_mjølkebruk

 

Utfordringar i eksisterande

Som illustrasjon for å setje fokus på ein del utfordringar ein ofte vil møte ved planlegging utfrå eksisterande bygg, er valt eit lausdriftsfjøs for vel 30 mjølkekyr, med 2x3 tandem mjølkestall og plass til kalv- og kvigepåsett. Her vart kyrne flytta opp ein etasje, til eit ledig lagerrom med betongdekke, som ikkje lenger var i bruk i ein annan produksjon på bruket. Flyttinga løyste ei utfordring ved ombyggingar, ved at mjølkeproduksjonen kunne gå nærmast upåverka av arbeidet med ny fjøs. Men med synlege skader på betongsøyler og dekke, måtte det gjennomførast ein sakkunnig gjennomgang av heile betongkonstruksjonen. Denne konkluderte med behov for rehabilitering av nokre søyler, og tilråding om nytt 18 cm dekke oppå eksisterande i det nye fjøsrommet. Fordyrande sjølvsagt, men totalkostnaden som også omfatta eit 2. byggesteg, der tidlegare båsfjøs vart bygt om til kvigeoppdrettet, ville fortsatt i dag vore godt innanfor ei ramme på kr 20/liter kapasitet(kvote).

Som vist på bilete var det også søyler i rommet, og her vart løysinga å nytte fôringsbåsar (70x150 cm) mot fôrbrettet til høgre, og ein gjødselgang på 240 cm mellom første liggebåsrekke og fôringsbåsane. Smalt fôrbrett mot vegg er utstyrt med takband, mata frå rivar i etasjen over, der innkjøring til høge tårnsiloar også ligg.

Bilde_2_løysingar_for_mindre_mjølkebruk

 

Fôringsliggebås

Fôringsliggebås er ei løysing me frarår i nybygg, men som kan vera verdt å vurdera ved ombygging på grunn av låg kostnad. Hovudproblemet er at løysinga kan gje mykje fôrsøl i båsane, og det krev noko ekstra arbeid for å sikre reine dyr sidan gangarealet bak båsane er knapp. Her kan ein nytte skrapeanlegg, eller spalt, dersom bygget tidlegare har hatt open forbindelse til kjellar. For å få gangbreiddene større, er det ein fordel å smale inn fôrbrettet og gjerne nytte bandutfôring anten under tak eller på fôrbrettet.

Planteikninga viser ei løysing med robot, der eit tidlegare fjøs med båsar til 24 mjølkekyr og plass til 10-12 kviger er ominnreia til 32 mjølkekyr. Her var det vurdert å setje bort kvigeoppdrettet til ein nabo, ei løysing som godt kunne vore meir nytta når små mjølkekueiningar skal finna økonomisk gode løysingar. I alle fall burde ein senka påsett-prosenten ned mot 30, og fokuserer på størst mogleg leveranse frå kvar bås.

Fôringsliggebås kan sjølvsagt også kombinerast med brukt mjølkestall. Ja, det er endå til dei som vurderer å nytte eksisterande mjølkeanlegg ein periode, ved å ha ein fangfunksjon i båsfronten. Uansett får ein vanlegvis kostnader som ligg frå under kr. 10 til kr. 15/liter kapasitet(kvote).

Bilde3_håp_for_mindre_mjølkebruk

 

Klassikaren

Dei fleste lausdriftsfjøsa der ein har teke med seg eksisterande fjøsareal, er nok ulike variantar der det vert bygd ny liggebåsavdeling gjerne med robot. Kyrne går inn i eksisterande for å nytta same fôrbrett og fôringslinje som tidlegare. Tilbygget kan vera lagt i enden av eksisterande bygg, som vinkel ut frå langvegg, eller eit smalare bygg langs langveggen med to liggebåsrekkjer som vist på denne 3D-visninga. Her er takløysinga to parallelle saltak, som vil fungere greitt om ikkje snømengdene normalt er store. Hadde dagens bygg vore i 2 etasjar ville det vore valt ei halvtekkje.

Denne planen er under utarbeiding, og eit foreløpig kostnadsanslag med 38 liggebåsar og brukt mjølkestall, er godt under kr 10/liter kapasitet(kvote).

Bilde4_håp_for_mindre_mjølkebruk

 

 

«Utanfor boksen»

Som ei oppsummering av artikkelen vert her vist eit nytt fjøs som er på veg, med 25 liggebåsar i robotavdelinga og haustkalving. Alt nytt byggareal er lagt på eit tre meter breidt betongdekke på søyler langs heile eksisterande bygg, med trevegger og sperretak inn mot låvevegg. Her er dei 25 båsane plassert i ei rekke, etter at eksisterande vegg vert erstatta med søyler. Med 9-10.000 liter levert frå kvar liggebås, eit nivå denne brukaren har vore på også i båsfjøset, ligg investeringa her inklusiv plass til kalv- og kvigeoppdrett på mellom kr 11-13/liter kapasistet(Kvote).

Litt utanfor den vanlege måten å tenkja på, «utanfor boksen» bokstavleg tala. Og her ligg heile utfordringa når ein skal finna lausdriftsløysingar for små mjølkebruk, som ikkje har mogleheit til å auka produksjonen vesentleg.

Sjelden kopiar av kjende løysingar, sjelden heilt optimale løysingar, ofte litt upløgd mark. Oftast finns løysinga i å ta med heile eller deler av eksisterande fjøs, for å halda kostnadane nede.

Bilde5_løysingar_for_mindre_mjølkebruk

 

Ta gjerne kontakt med din Nøkkelrådgievar dersom du har behov for støtte i en bruksutviklingsprosess.

Denne teksten er skrevet av Svein-Åge Vangdal - bygningsplanlegger i TINE

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås