Meny

Fagkunnskap og engasjement er viktig

Gruppemøte er en måte å skaffe seg ny kunnskap på.
Gruppemøte er en måte å skaffe seg ny kunnskap på.

Fagutdanning gir betre driftsresultat.

Bønder med fagutdanning har betre driftsresultat jamført med bønder utan fagutdanning, dvs gruppa «anna utdanning». Til dømes fann me at bønder med fagutdanning har:

  • lågare kraftfôrforbruk
  • lågare grovfôrkostnader
  • høgare grovfôravling
  • større differanse mellom mjølkeinntekt og fôrkostnad (mjølk minus fôr)
  • høgare dekningsbidrag, dvs betre økonomi

Betre rusta til å løyse problem

I tillegg til desse direkte effektane på driftsresultata gjer utdanning bonden betre rusta til å løyse problem. Såleis fører fagutdanning til at bonden samlar meir informasjon før han tek beslutningar, og han arbeider meir systematisk når han løyser ulike problem i drifta. Utdanning gjer òg at bonden vert meir «på hogget», noko som mellom anna slår positivt ut på fruktbarheita i buskapen. Bønder med fagutdanning planlegg meir og er meir opptekne av framtida. Sist men ikkje minst, bønder med fagutdanning har større nytte av å diskutere drifta med kollegaer. Forklaringa på det er rett og slett at dei skjønar betre kva kollegaene snakkar om i diskusjonar om ulike fagspørsmål.

Hvilken type kunnskap er viktig?

Det er først og fremst agronomikunnskapen som er viktig, men høgare utdanning gjev ein positiv effekt i tillegg til agronomutdanninga. Variasjonen i oppnådde resultat i gruppa «anna utdanning» er stor, noko som illustrerer at skulegang berre er ein måte å tileigne seg kunnskap på. Praktisk sans, deltaking på ulike kurs og fagmøte samt deltaking i sosiale nettverk er andre måtar å skaffe seg fagkunnskap på.

Søk etter kunnskap 

Poenget er at ein er bevisst på kor viktig fagkunnskap er, og aldri sluttar å søkje etter kunnskap. Det er altså fullt mogleg å bli ein flink bonde utan mykje utdanning, men det krev eit godt nettverk av kollegaer og rettleiarar å støtte seg på, og ein sterk glød for bondeyrket. Om ein brenn for det ein held på med vil ein sette meir inn på å skaffe seg den kunnskapen ein treng og læringa blir lystprega.

Kva betyr desse resultata i praksis?

Ein konklusjon må bli at dei som planlegg å overta gard bør skaffe seg eit minimum av agronomikunnskapar. Fleire av dei som overtek i dag har utdanning frå andre yrke, t.d. eit fagbrev. Dei har god trening i å tileigne seg fagkunnskap og såleis eit godt utgangspunkt for skaffe seg den nødvendig agronomikunnskapen i tillegg. Då er det viktig at naturbruksskulane har fleksible utdanningstilbod som passar for motiverte vaksne som vil drive gard i tillegg til å skaffe seg kunnskap. For rettleiarane betyr resultata våre at dei må vere bevisste på kva kunnskapsnivå bonden har, og tilpasse rettleiinga deretter. Kort sagt må dei ha rom for alle og blikk for den einskilde.

Om intervjuobjekta

I eit samarbeidsprosjekt med Norges Handelshøyskole har me i TINE kartlagt kva utdanning har å seie for resultata bonden oppnår. Me intervjua totalt 90 mjølkeprodusentar i alle landsdeler. Fleirtalet av dei me intervjua hadde agronomutdanning inkludert eventuell tilleggsutdanning innan økonomi eller teknikk (agroteknikar). Gruppa «anna utdanning» hadde alt frå grunnskule til vidaregåande utdanning. Ingen i denne gruppa hadde landbruksutdanning eller høgare utdanning. Gruppa høgare utdanning hadde alle agronomutdanning og dei fleste av desse hadde studert ved Universitetet for miljø- og biovitenskap.

Bruk kommentarfeltet og del dine tanker om hvordan TINE best kan bidra til å øke din kunnskap.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås