Meny

Er du klar over den store prisforskjellen på mjølk gjennom året?

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Når ytre føresetnadar endrar seg, er det viktig å finne ut kva utfordringar og moglegheiter dette kan gi. I første halvår 2020 har vi hatt tre ulike tall – 0,96 frå årskiftet, så 1,01 og no i sommar 1,05. I tillegg har TINE auka forskjellane i mjølkepris mellom best og dårlegast betalte månad.

Av Anja Våg Skjold og Helge Øksendal

Prisen i juni til og med september er no kr 1,29 høgare enn resten av året for «Landet» og kr 1,78 for «Fjord og fjell» – altså kring 30 prosent  betre betaling for same produkt!

Framleis mogleg å auke produksjonen

Bønder utstøyter «er det så mykje?!», når vi konfronterer dei med prisskilnaden.  Med andre ord ligg det store økonomiske verdiar i å levere så mykje av kvoten som råd i perioden juni til og med september. No er vi alt inne i denne perioden, og moglegheitene er noko avgrensa. Men det er likevel  mange som framleis kan gjere noko.

 Vurder å bruke mjølkeerstatning

Til dømes  kan nokon bruke mjølkeerstatning i denne perioden med god forteneste. Dette gjeld sjølvsagt berre dersom ein klarer å halde kalvane like friske på mjølkeerstatning.Mjølkeerstatning er elles eit kostbart fôr – ca 6 gonger dyrare per FEm enn kraftfôr. Korvidt det løner seg å levere mjølk og kjøpe mjølkeerstatning i perioden oktober til mai, bør ein rekne på. Og då snakkar vi om mjølk levert innafor kvote!
Elles gjeld det å halde kutalet og mjølkeproduksjonen høg. Fjøsplassen er gjerne mindre avgrensande i denne sommarperioden. Nedskalering av produksjonen tilpassa kvoten, bør skje i tida etter tredje kvartal, om ikkje før.

Kva med å bruke noko av førsteslåtten?

Eit anna tiltak kan vera å gi kyrne det beste fôret ein har. Fekk ein til dømes rundballar av god kvalitet under førsteslåtten i år, kan dette brukast til å booste ytinga på buskapen litt ekstra. Ser ein at dette fôret også trengs sårt på eit seinare tidspunkt, lyt ein sjølvsagt avvege. Men mange kan nok få ei auke i ytinga no når mjølkeprisen er høgast ved å fase inn årets førsteslått i  ein fjerdedel til halvparten av rasjonen. Det vil sjølvsagt berre gjelde dei som har rundballar, då det kan være risikabelt å opne siloane tidleg no i varmen.

Send inn tidlege grovfôrprøvar

Bruk av dyrka jord til beite etter førsteslåtten kan også være ei løysing. Men ein må sjå kva som løner seg og er mogleg på kvar enkelt gard.Det som uansett gjeld er å ta ei vurdering av fôret, og få sendt inn tidlege grovfôrprøvar for å kunne velje riktig kraftfôrtype og kraftfôrmengde til årets avling. Då vil ein klare å optimalisere produksjonen best mogleg utover seinsommar og haust, og utnytte grovfôret best mogleg.

Nytt tilbod for å halde oversikten

Erfaringa vår, i TINE rådgjeving, er at det for dei fleste er krevjande å halde oversikt både over korleis det ligg an, finne handlingsrommet og teste lønnsemd ved ulike tilpassingar. Vi har derfor utvikla eit tilbod til dette føremålet. Tilbodet byggjer på data frå Kukontrollen, verktøya Mjølkeprognose og TINE produksjonsprognose.
Hugs at høg leveranse i juni til september også gagnar fellesskapet. Lønnsemda i TINE blir betra. Noko som i neste omgang slår positivt på mjølkeprisen for alle!

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit oktober

Kr 5,36

Snitt fettprosent kumelk oktober

4,44%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås