Meny

Bygde robotfjøs for 29 årskyr

I november 2015 tok Alf Terje Aune i Velfjorden i Nordland i bruk mjølkeroboten. «Både dyr og menneske tilpassa seg raskt kvardagen i nyfjøsen» seier han.

Alf Terje har drive med mjølkeproduksjon sidan 1983. Han har framleis god motivasjon og gleder seg blant anna over teknologiske nyvinningar som gjer arbeidet meir effektivt.

Både ut frå eit ønskje om å betre arbeidsmiljøet og imøtekomme det kommande kravet om lausdrift, vart det i 2013 sett i gang sonderingar kring bruksutbygging.

Ei klar utfordring var grovfôrgrunnlaget. Om ein skulle komme særleg høgare enn 300 daa eng, ville det utløyse vesentlege køyreavstandar.

Etter nokre rundar med planlegging, kom Alf Terje fram til at det beste var å bygge om til lausdrift, der den gamle plansiloen vart nytta til liggebåsar for kyrne. Både mjølkegrav og AMS vart vurderte. AMS vart vald ut frå arbeidsmiljø og teknisk interesse, samt at det var økonomisk forsvarleg.

 

Byggløysing og kostnad

Med siloen og andre tilpassingar er husdyrrommet utvida ca. 275 m².

Byggprosjektet var kostnadsberekna til ca. kr 3.9 millionar – og let seg gjennomføre til denne kostnaden. Trekkjer ein frå eigeninnsats og tilskot, utgjer gjelda ca. 13 kroner per kvoteliter.

Alf Terje Aune planteikning

 

 Alf Terje Aune snitt-teikning

I  2. etasje over siloen er det laga eit lagerrom på ca. 120 kvadratmeter.

 


Alf_Terje_Aune_ved_heveporten_2


Alf Terje står ved heveporten inn til sjuke-/fødebinge, somviser seg å fungere svært godt. Når det ikkje er dyr med spesielle behov, kan dette arealet nyttast saman med resten av lausdrifta.

 

Produksjon og økonomi

Det planlagde produksjonsomfanget i bygget er 29 årskyr og 36 ungdyr og ein kvote på 207 tonn. God drift av 305 daa eng skal gje eit tilfredsstillande grovfôrgrunnlag.

Prosjektet vil gje eit forsvarleg grunnlag for privatforbruk og sparing. Dette var ei grei sak å få gjennom hos både banken og Innovasjon Norge.

- Føre eg flytta inn i nyfjøsen hadde eg plager i eine armen, denne har vorte vesentleg betre – og det beste av alt er at eg er heilt god i kløtsj-kneet", avsluttar Alf Terje.

Ta gjerne kontakt med din Nøkkelrådgiver  dersom du har behov for støtte i en bruksutviklingsprosess.

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås