Meny

Bønder som går sin eigen veg

Steffen Fjørstad og Else Renate Myren.
Steffen Fjørstad og Else Renate Myren.

«Ei genuin interesse for mjølkeproduksjon og ønskje om å drive i framtida» seier Steffen Fjørstad (30) når vi spør han kvifor dei valde å satse. «Vi synest det er veldig kjekt med mjølk. Lausdriftskravet låg òg i bakgrunnen, men det får ingen konsekvensar at dèt no er utsett.

Kombinasjonen av mjølkeproduksjon i båsfjøs og små born ga for lite fleksibilitet, og det var hovudgrunnen til at dei ville ha mjølkerobot. For dei var det aldri aktuelt å byggje til 50 kyr.

- Industrilandbruket blir litt overveldande for oss, og vi ville ikkje ha så mykje dyr at båe blir bundne til å vere på garden, seier Steffen. Vi har ikkje ressursar til meir enn 25- 30 kyr heller. Samstundes må vi tenkje langsiktig, og fjøsen er difor laga så fleksibel at det er mogleg å få plass til 40 kyr om det skulle bli aktuelt ein gong i framtida. Den nye fjøsen er kalkulert til åtte millionar, og me fekk to millionar i tilskot frå Innovasjon Norge. For oss var denne støtta heilt avgjerande. Reint økonomisk sett er ikkje fjøsprosjektet vårt veldig lukrativt, men det går rundt når ein av oss har inntekt utanom.»

 

Ikkje landbruksbakgrunn

Else Renate Myren (34) og Steffen Fjørstad (30) overtok bruket etter foreldra hennar i Haukedalen, 38 km aust for Førde i Sogn og Fjordane, 1. januar 2014. Dei har to jenter på eitt og fem år. Då dei overtok var mjølkekvoten på garden 85 000 liter, og det dyrka arealet 72 dekar. I dag er kvoten 120 000 liter, og planen er å auke opp til 230 000 gjennom kjøp og leige. Dei har dyrka 12 dekar og skal dyrke 45 dekar til. Jorda var veldriven og dyra gode, men driftsbygningen var frå 1958 og «hadde gjort sitt». Dei starta med å pusse opp våningshuset på garden. Steffen har ikkje landbruksbakgrunn. Han er utdanna lærar, og planen er å halde fram som lærar på skulen i bygda. Else Renate har utdanning innan ernæring og helse.
I desse dagar er dei i gang med å byggje nytt fjøs med robot til 25- 30 kyr som skal stå ferdig til hausten. Fjøsen skal byggjast i fabrikklaminert tre med naturleg ventilasjon.

 

Nedgang i kostnader ga fart i sakene

Korleis var møtet med rettleiingstenesta og dei som skal finansiere prosjektet, spør vi? Steffen kan ikkje få fullrost økonomirettleiar Jo Helge Sunde og bygningsrettleiar Jørgen Wik i TINE nok. «Vi ga dei utfordringa om å lage ein plan for 25-30 kyr som gjekk rundt, og det klarte dei. Jo Helge var positiv, og ei god støtte i møta med Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane. Båe finansieringsinstitusjonane var positive til planane. Den opphavlege planen var å byggje på den gamle fjøsen, men då Jørgen Wik kom inn i biletet vart det fart i sakene. Han klarte å få ned kostnaden på eit nytt bygg slik at det vart billegare enn å byggje på.»

Kva hadde det aktive jordbruksmiljøet i Haukedalen å seie for planane dykkar?  «For oss var det avgjerande at fleire her har valt å satse, og at miljøet er så positivt. Alle nabobruka er i drift framleis, og det gjer noko med deg. Nokon har bygd til ammeku, nokon til sau og ein har bygd til ku med mjølkerobot.»

Kva vil du seie til andre mjølkeprodusentar med 15-20 kyr som vurderer om dei skal satse? «Vi hadde berre 12 kyr, og når vi klarer det kan alle klare det. Ikkje var vi gjeldfrie før vi starta heller, etter å ha pussa opp huset. Bruk rettleiarane til alt mogleg, og kopl dei inn tidleg i prosessen. Og vèr varsam med kronene. Ikkje investèr i maskiner og bind deg til dyre leasingavtalar før du skal byggje og veit kva du treng» avsluttar Steffen.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås