Meny

Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon

Foto: Torfinn Nærland
Foto: Torfinn Nærland

TINE Rådgiving har undersøkt økonomi og driftsleiing på 36 bruk i mjølkeproduksjonen i Rogaland som har bygd nytt fjøs i perioden 2007-2010. Målet er å lære av bønder som har vore gjennom planlegging, bygging, oppstart og drift av nytt kufjøs. Dermed kan framtidige produsentar få eit endå betre erfaringsgrunnlag å bygge sine planar og avgjerder på.

Bruka i undersøkinga tok i bruk nytt fjøs i perioden 2008-2011. Dette gav minimum tre heile driftsår i nytt fjøs som grunnlag for undersøkinga. Bruka i utvalet er frå heile Rogaland geografisk spreidd slik mjølkebruka er i fylket. Det var 17 enkeltmannsføretak og 19 samdrifter, der hovudparten av samdriftene bestod av ein aktiv samdriftsdeltakar som hadde bygd det nye fjøset.

Mjølkekvoten på bruka har auka i snitt 79% ved utbygginga. Kvoten var i snitt 216.000 liter ett år før bygging, med variasjon frå 71.000 til 444.000 liter. I år tre etter bygging var snittet 386.000 liter, med variasjon frå 170.000 til 759.000 liter. 

Ein av hovudkonklusjonane i prosjektet er at utbygginga må delast i ein planleggingsfase, ein endringsfase og ein ny-driftsfase, for å få  rett vektlegging av ulike utfordringar til rett tid.

Samanlikning av rekneskap mot driftsplan viser at det i driftsplanane ikkje er teke tilstrekkeleg høgde for den endringsprosessen, auke i produksjon og dertil auke i faste kostnader som har skjedd. Det er heller ikkje teke omsyn til behova og ynskja for investeringar som er på bruka, eller for dei øvrige utbyggingane som bruka har gjennomført. 

Viktig å vera i forkant

Analyse av husdyrkontrolldata viser at bruka utrangerer mange kyr i innflyttingsåret, heile 60% mot landssnittet på 43% for alle bruka i husdyrkontrollen i 2014.  Analysane viser også at dess større mjølkekvote, dess mindre andel av kvoten vert levert i åra kring bygging og etter. For å redusere desse problema, har mange brukarar i ettertid sjølv kome fram til at dei  skulle lagt meir vekt på å ha god tilgang på kalvar og kviger i endringsfasen. 

Mjølkerobot som teknologi motiverer brukarane i drifta av fjøset og stellet av dyra. Den viktigaste endringa som leiar og driftsleiar generelt er at ein må vera meir i forkant slik at produksjonen flyt og ein unngår problem. Vidare har større produksjon og høgare arbeidsmengde ført til meir behov for å planlegge arbeidsdagen og sesongane, og til meir leige av arbeidskraft og maskinarbeid på jorda.

Økonomiske resultat

Det er stor spreiing i oppnådde økonomiske resultat på bruka, som vert reflektert i korleis brukarane sjølv vurderer den økonomiske situasjonen etter utbygginga. Ein tredel seier økonomien er som forventa, 36% seier at økonomien er relativt grei eller god, medan 28% seier at den er dårlegare enn venta ut frå produksjonsomfang og arbeidsmengde. I vurderinga av privatøkonomien etter utbygginga, seier 22% at dei har redusert privatforbruket og/eller har teke meir arbeid utanom bruket, medan 67% ikkje har opplevd endring.

TINE Rådgiving har vore prosjekteigar, med deltaking av Klepp Rekneskapslag og bidrag frå Rekneskapslaga på Jæren og Dalane. Prosjektet er finansiert med midlar frå det regionale partnarskapet representert ved Fylkesmannen i Rogaland, og med bidrag frå Jæren Sparebank, SpareBank 1 SR-bank, Sparebanken Vest, Haugesund Sparebank og TINE Rådgiving, samt eigeninnsats ved TINE Rådgiving og Rekneskapslaga på Jæren og Dalane.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås