Meny

Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk

Mange utfordringar og spørsmål melder seg når ein skal byggje nytt kufjøs. Å lytte til dei som har vore gjennom prosessen kan vera svært nyttig. Gjennom prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjonen», er målet å lære av erfaringane som 36 utbyggingsbruk i Rogaland har gjort med planlegging, bygging og drift av fjøsa. Les om erfaringane.

Prosjektet er eit samarbeid mellom rekneskapslag og Tine SA, med finansiering frå Tine, bankar, Fylkesmannen i Rogaland og rekneskapslag.

I prosjektet har me intervjua til saman 36 brukarar som har bygd nytt fjøs eller «folkefjøs» i åra 2008-2010 om  deira erfaringar, frå dei bestemte seg for å byggje og til dei har fått røynd fjøset i minimum tre år. I prosjektet samanliknar me driftsplanane med rekneskapen for dei tre fyrste driftsåra. I tillegg vil me nytte data frå Kukontrollen til å finne samanhengar og forklaringar på kvifor det gjekk som det gjekk. Fjøsa er spreidde over heile fylket omlag slik tal produsentar er fordelte i Rogaland, og både TINE- og Q-produsentar deltek i prosjektet. Her presenterer me nokre førebels resultat og inntrykk frå den store datamengda, og meir informasjon vil kome etter kvart.

Vil vera med

Fellesnemnaren for gardbrukarane i prosjektet er at dei ønskjer å vera med vidare i næringa. Fjøsa deira var anten klare for fornying, kapasiteten var sprengd, eller dei ønskte å utvide produksjonen. Alle har auka produksjonsvolumet, og fleire har auka kvoten mykje meir enn driftsplanen la opp til. Gardbrukarane i prosjektet har gjort vala sine for framtida, uavhengig av den usikkerheita som politikarane og verdssamfunnet skaper. Dei tenkjer at «mat må folk ha uansett, og eg gjer mine val ut frå langsiktig vurdering».

Lær av andre og bruk tid på prosessen

Dette er to av dei viktige erfaringane deltakarane formidlar. Vidare er viktig å;

  • Sjå mange ulike fjøsløysingar, lytt og diskutèr. Besøk gjerne fjøs som har vore i drift nokre år, der gardbrukaren har fått prøvd ut ulike løysingar. Og spør kva ho eller han ville ha gjort annleis neste gong.
  • Vidare er råda å bruke tid på å sette seg inn i kva fjøs ein vil ha, kva krav du stiller til fjøset, og kva den økonomiske ramma er.
  • Vurdèr kva løysingar du synest fungerer, ut frå slik du ynskjer å drive. Planleggingsfasen er ein tanke- og modningsprosess. Nokre av brukarane har av ulike årsaker brukt relativt kort tid på å bestemme fjøsløysinga. Dermed har dei lagt eit stort ansvar på bygningsplanleggaren til å kome opp med ei tilfredsstillande løysing.

Driftsplan og rekneskap

Driftsplanen som blei laga for å søke lån og BU-midlar, blir berre brukt til å forsikre seg om at økonomien vil gå rundt etter utbygginga. Planen blir ikkje brukt til styring av økonomien, til det nyttar dei eigne erfaringar og status på driftskreditten. Rekneskapen viser at brukarane gjer til dels store investeringar i maskinar, bygningar, vedlikehald m.v. etter at fjøset er ferdig. Desse investeringane er ikkje lagde inn i driftsplanen. Difor bør økonomirettleiarane legge meir vinn på å kartlegge det totale investeringsbehovet knytt til auka produksjonsvolum. Rekneskapen syner òg oftast vesentleg høgare faste kostnader til maskinar, bygningar m.v. enn det som er lagt inn i driftsplanen. Årsaka kan anten vere at enkelte av prosjektbruka har auka produksjonen ut over produksjonsvolumet i driftsplanen, eller at planleggaren og brukaren har bomma på kostnadsnivået.

 

Har du eigne efaringar frå bruksutbygging? Del dei gjerne i kommentarfeltet.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås