Meny

Korleis vert rekneskapsoppfølginga?

AgroSmart® er ei ny teneste som kombinerer digital rekneskapsføring med profesjonell rådgiving. Fordelen med digital rekneskapsføring er at bilaga vert automatisk ført i rekneskapen så snart leverandøren har sendt faktura.

Då har du heile tida eit oppdatert rekneskap, og automatisk føring sparer kostnader både for bonden og for rekneskapskontoret. 

Når du har eit oppdatert rekneskap, kan du bruke tala i di daglege styring på garden. Du kan samkøyre data frå husdyrkontrollen og rekneskapen. Då kan du for eksempel sjå om du fôrar den mengda med kraftfôr som du har oppgjeve, alt på den tanken du fôrar av no. Er det noko avvik, og må du gjera justeringar?  Du vel sjølv omfanget av rekneskapsoppfølginga. I utgangspunktet har AgroSmart® lagt opp til økonomisk oppfølging i ulike pakkar.

Les meir om digitaliseringa i rekneskapsbransjen.  

Tre ulike pakkar

Alltid oppdatert inneheld 12 timar oppfølging årleg. Du vel sjølv kva innhald du legg inn i timane. Denne pakken kan passe der det er jamn drift, men der du gjerne vil ha mjølkonomi for å analysere rekneskapen. I samråd med deg kan vi også lage ei produksjonsprognose der inntektsstraumen dei neste 12 månadane kjem fram. Når me har tilstrekkeleg historikk, vil det også vera enkelt å laga ei kostnadsprognose.

Betre styring har eit timetal på 18 timar i året. Også her er det du som bestemmer kva du vil bruka oppfølginga til. Der produksjonen er stor, eller der det er viktig at produksjonen går etter plan, kan tettare oppfølging vera med å sikra at du når måla som du har sett deg.

Full kontroll har eit timetal med  oppfølging på 24 timar årleg. Det kan passe der du har stor produksjon, men vil sikra at du heile tida er på sporet. Også dersom du har planar om utviding eller store investeringar kan det vera rom  for å leggja kalkylearbeid og driftsplanarbeid inn i pakken.

Det som skil pakkane er timetalet. Fleksibiliteten er stor, og det er behova dine som brukar som avgjer korleis du nyttar timane.

Rullerande 12-månadersrapport

Ved at du heile tida har eit oppdatert rekneskap kan du også ta ut oppdatert rapport kvar månad. I dei fleste driftsopplegg vil det vera sesongvariasjonar, og mange gonger kan det vera vanskeleg å samanlikne hittil i år med eit årsrekneskap. Ved å rapportera eit rullerande 12-månadersresultat, vil alle året sine månader vera med, same kva tid på året ein lagar rapporten. Det gjer det lettare å samanlikne situasjonen, og utviklinga i økonomien, mot tidlegare årsrekneskap. På same måten kan ein laga prognoser for eit år framover. Då kan ein like gjerne gjere denne gjennomgangen i august eller september, som ved årsskiftet. Du vil enkelt sjå om du er på ein stigande eller synkande kurs.

Meir om AgroSmart® kan du lesa her. 

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2017

Snitt melkepris ku og geit juli

Kr 5,09

Snitt fettprosent kumelk juli

4,23%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter