Meny

Gruppebesøka i 2017: «Står bonden med ryggen mot enga?»

Grashøsting i Harstad
Grashøsting i Harstad

Gruppebesøket er ein del av det fellesfinansierte tilbodet i TINE og skal vere ein fagleg møteplass med tema av høg relevans for melkebøndene. I 2017 blir det sett fokus på grovfôret.

I år blir invitasjonane sendt ut på epost i veke 1 - 4 til alle distrikt. Så følg med i innboksen din og følg påmeldingsinformasjonen som ligg der. 

Grovfôravlingane hos melkebøndene viser ein stagnasjon dei siste 20 åra og avlingsnivået er langt under potensialet. Ny forsking viser i tillegg at avlingspotensialet er vesentleg høgare enn det mange av oss til no har gått ut frå. Kvalitet og fôranalyser i same tidsrom syner heller ikkje nemneverdig utvikling.

Melkebøndene sine kunnskapar om produksjon av grovfôr synest å gå langt utover det som kjem til utrykk i avlingsnivå og kvalitet. Korfor vel så mange å ikkje ta ut potensialet? 

Kanskje opplever ein at ein har nok grovfôr – dyra klarer ikkje å ete meir. Også på dette området  har det kome ny kunnskap i seinare tid. Grovfôr av god kvalitet vorte oppvurdert i høve til «middels» og «dårleg grovfôr». Med god tilgang, kvalitet og tilrettelegging, kan dyra dekkje ein større del av behovet sitt enn ein tidlegare har gått ut frå.

Lønnsemd og metodar

Kanskje handlar det om lønnsemd. Ein har kanskje kome til ei oppfatning om at det ikkje løner seg å «jage» etter høgare avling eller betre kvalitet. Kanskje oppfattar ein alternative fôrslag (som regel kraftfôr) som billegare.

Det har elles versert ulike metodar for å rekne kostnaden på grovfôret. Kva er så rett måte å setje opp reknestykket på? Og kan ein rett og slett produsere grovfôret billegare – få meir igjen for innsatsfaktorane? 

For mange handlar det om kapasitet. Ein har ikkje nok tid til å kome seg ut på jordet og få omsett kunnskapen i tiltak. Dette er ein frustrerande situasjon. For ein del kan kanskje løysinga vere å få ein gjennomgang av «managementet» og utstyrsparken for å frigjere tid samt eventuelt auke maskin-kapasiteten.

Ei anna årsak kan vere at grovfôret i liten grad har vore på dagsorden i næringa i seinare tid. 

På gruppebesøka i 2017 skal vi gje nokre haldepunkt i høve til problemstillingane oppom. Vi vil også relatere grovfôret til klimautslepp og sjølvforsyningsgraden.

Dette saman med diskusjon blant deltakarane, håpar vi vil sette i gang tankeprosessar og motivere den enkelte til å utnytte sine grovfôrressursar best mogleg. 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås