Meny

Enkel måte å holde styr på kalvenes alder

Kvar måndag flyttar Pål Folkvord pvc-markøren som heng på spikeren for å vise kor gamal kalven er.
Kvar måndag flyttar Pål Folkvord pvc-markøren som heng på spikeren for å vise kor gamal kalven er.

Kor gamal er kalven, slik at mjølkemengda vert trappa ned til rett tid? Det sleit Pål Folkvord med å halde oversikt over. Han klekka ut ein idè, i beste LEAN-ånd om stadige forbetringar og bruk av tavle. Les meir om korleis du enkelt kan lage same enkle kalvetavle som Pål har god erfaring med.

I fjøset hans er det to rekker med enkeltboksar til kalvane i mjølkefôringsperioden. Deretter går kalvane inn i fellesbingar.

Då skal dei vera innkøyrte på kraftfôr og grovfôr. Utfordringa var å hugse kor gamal kvar enkelt kalv var, slik at Pål kunne starte nedtrapping av mjølkefôringa til rett tid. Særleg når det kom mange kalvar på kort tid og det var travelt med utearbeid i tillegg, var dette vanskeleg å halde oversikt over.

 

To kjøkkenskapdører, spiker og pvc-røyr

Pål Folkvord har sidan februar 2015 nytta LEAN-koordinator Torfinn Nærland som sparringspartnar. Han var nysgjerrig på om LEAN kunne løfte drifta hans, då han såg eit potensiale i betre organisering og planlegging av arbeidstida. Samt i å få sett enkelte praktiske ting i betre system. Under eit besøk diskuterte vi korleis han kunne nytte tavle til å løyse problemet med å halde oversikt over kalvane. Han grubla på dette, og såg at ei innkjøpt whiteboard-tavle kunne vera vanskeleg å halde rein i den delen av fjøset.
Løysinga vart to kasserte kjøkkenskapdører, ein neve spiker og stumpar av kassert pvc-røyr, og Pål sin eigen gjer-det-sjølv-idè.

 

Kosta kun eigeninnsatsen

Han streka opp eit rutenett med tal kalveboksar og kor mange veker kalvane får mjølk. Kvar måndag flyttar han pvc-markøren som heng på spikeren for å vise kor gamal kalven er. Tavlene heng rett ved dei to rekkene med kalveboksar, og er eit robust system som ikkje kostar meir enn eigeninnsatsen med å lage tavlene!

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås