Meny

Automatisering av rekneskapsføring gir nye muligheiter for bonden

Det skjer for tida store endringar i rekneskapsbransjen. Det vert teke i bruk ny teknologi som kan ta bort mange av dei tidkrevjande manuelle prosessane som har følgt med handtering av bilag.

Teknologien gjer det mulig med varierte løysingar som er tilpassa den enkelte sin situasjon og ønskje.  Arbeidet med sjølve bilagsføringa vert automatisert, og  både  bonden og regnskapsføraren får frigjort tid.

Elektronisk overføring  kuttar kostnader

Landbruket har i fleire år hatt elektronisk overføring av avrekning direkte frå leverandør til rekneskapsprogrammet. Dette har skjedd gjennom Landbrukets Dataflyt SA. Også leverandørar går nå i stor grad over til å sende faktura på e-post som PDF-format eller sendt som elektronisk faktura (EHF).  Det gir høgare kostnader å laga og senda papirfaktura enn elektronisk sending.  Det vil derfor truleg bli høgare gebyr på papirfaktura.

Fleire kjem etter

Det er alt for tungvint å sjølv skriva ut faktura som du tek imot på mail, betala dei i nettbank og levera dei til rekneskapsførar. Staten har oppretta eit eige register for EHF-faktura kalla ELMA. Fakturaen vil gå gjennom eit elektronisk postkontor som koplar sendar og mottakar. Fakturaformat i EHF kan gå rett inn i rekneskapen til mottakar, der det vert korrekt ført. Som brukar vil du kunne hente opp innkomne bilag og  leggje dei til betaling på ønska forfallsdag med eit enkelt tastetrykk. Dermed sparer du tid til innlegging i nettbank. Det er venta at elektroniske bilag vil auka sterkt i omfang dei komande åra. Staten har sett som krav at innan 2019 skal alle faktura vera i EHF-format.

Kva med kontantbilag?

Det vil alltid vera nokre bilag som ikkje kjem til å gå elektronisk frå leverandør. Då kan du signera på  kvitteringen og ta eit foto av bilaget og maila det til rekneskapsføraren. Du kan gjerne kaste papirkvitteringen, for bildet vert lagra som eit bilag. Rekneskapsbransjen forventar at 80-90 prosent av bilaga kan førast automatisk innan få år, og andelen med manuell handtering vert minimert.

Alltid tilgjengeleg og betre oversikt i nettløysingar

Felles for dei fleste programleverandørane og rekneskapskontora er at meir og meir av data vert lagra i nettsky. Då kan både bonde, rekneskapskontor og rådgjevar ha mykje lettare tilgang til data heile døgnet, enten frå PC, nettbrett etter mobiltelefon. Det er enkelt å søkja opp bilag og rapportar. Den som nyttar dette aktivt, vil ha langt betre oversikt samanlikna med tidlegare system. Men med automatiske løysingar kan det også vera ein fare at du kan koma lenger bort frå rekneskapet dersom du ikkje brukar muligheita til å vera tett på.

Alltid oppdatert og grunnlag for beslutningar

I og med at dei fleste bønder har årlig mva, er det vanlig at rekneskapen har blitt ført til dels mykje på etterskot gjennom året. Ein stor fordel med dei nye systema er at du alltid kan ha eit fullt oppdatert rekneskap. Du vil då kunna nytta rekneskapen meir aktivt til det som skal skje framover, og ser mykje raskare der du kan påverka for å få eit godt resultat. TINE ser også på kva mulegheiter dette kan gi mjølkeprodusentane i forhold til å tilby prognoseverktøy.  Så langt har TINE gått inn i samarbeid med ein av aktørane i rekneskapsbransjen gjennom AgroSmart®. Meir om det kan du lese på agrosmart.no

bilagsflyt_v2

I figuren over er vist dei vanlegaste trinna ved handtering av faktura fram til ferdig rekneskap. Linja i midten viser manuell handtering med mange ulike arbeidsoperasjonar både hjå leverandør, bonde og rekneskapsførar. Det som skjer til venstre, før den blå boksen er på leverandøren si hand. Leverandørane går no i stor grad over til å senda faktura på e-post. Då følgjer flyten den nedste pila.

Ved elektronisk faktura vil flyten gå direkte frå leverandør til ferdig rekneskap langs den øvste pila. Bonden godkjenner betalingsforslag og har då gjort jobben. Alle ledda har ein kostnad, og ved å ta bort så mange ledd ligg det til rette for ei vesentleg innsparing.  

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås