Meny

Auk proteinutnyttinga i økologisk mjølkeproduksjon

Kyrne er unike, dei kan omdanna protein frå fôr og areal som me ikkje kan nytta for å dyrka menneskemat til høgverdig protein for oss menneske. Men protein er ein avgrensa ressurs, i tillegg utgjer overforbruk av protein i mjølkeproduksjonen ei miljøbelastning.

Økologiske mjølkeprodusentar opplever at sortiment på kraftfôr er avgrensa, og mange nyttar det kraftfôret med mest energi og protein. Men kunne mjølkekyrne hatt ei betre proteinutnytting med eit kraftfôr med mindre protein? Som i neste omgang er eit billegare kraftfôr for økobonden?

Betre utnytting av grovfôret og proteinfôret vil i fleire tilfelle betra proteinutnyttinga. Vomomsetjing og produksjon av mikrobeprotein  er viktigare enn AAT- innhaldet i rasjonen. I rasjonen er 15% råprotein optimalt, og med auka fokus på dyrking og sortsval kan også økologiske produsentar nå dette nivået i grovfôret sitt.

Gjennomsnittstala for grovfôranalysar på 1. og 2. slått 2015 hjå økologiske produsentar ligg på 12,7% råprotein. Les «Strategi foran en ny grovfôrsesong» for å auke denne til 14% .
For å utnytta proteinet i grovfôret mest effektivt; sikt mot ein avdrått på mellom 7000 og 8000 liter mjølk.

 

Sjekk urea-tala

Etter grovfôranalysane føreligg kan ein på kvar enkelt gard optimera fôrrasjonen slik at det vert eit optimalt forhold mellom karbohydrat og protein i rasjonen, då vert vomomsetjinga mest effektiv. Då slepp nemleg vommikrobane å kvitta seg med overskot av protein, anten det skuldast overfôring av protein eller underfôring på karbohydrat. Dette er målbart på tankmjølka kvar veke, sjå berre på urea-tala dine. Optimalt bør urea liggja mellom 3,5 og 5. Ligg ein på eksempelvis 6 i urea tilsvara det energi som kunne vore brukt til produksjon av mellom 0,5 og 1 kg mjølk.

Grovfôrfordøyelegheit (OMD) finn ein svar på i grovfôranalysen. Visste du at ein auke her med 1% vil kunne redusera behovet for kraftfôr med 2,7 % og samstundes auka mjølkemengda med 3,5%?

Protein og feitt er dei dyraste komponentane i kraftfôret du kjøper. So hald fokus på grovfôret no framfor ein ny sesong, so kan du velja ei anna proteinkjelde og eit anna kraftfôrnivå frå hausten av.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås