Hopp til innholdet

Veks kjea godt nok på beite?

Publisert:
av Helga Kvamsås TINE Rådgiving, Spesialrådgiver fôring og melkekvalitet geit
Omriss av en person
av Helga Kvamsås
TINE Rådgiving, Spesialrådgiver fôring og melkekvalitet geit

Tilveksten det første leveåret har betydning for korleis kjeet skal bli som mjølkegeit. Ein må rekne med at tilveksten går ein del ned på beite, men kjea bør auke vekta med om lag 2,5-3 kg per månad i beitetida, altså ein tilvekst på 80–100 g per dag.

Kor godt kjea greier å nytte beitet er mykje avhengig av alder og storleik ved beiteslepp og beitekvaliteten gjennom sesongen. God overgangsfôring, god parasittkontroll og tilskot av kraftfôr ut frå beitekvalitet er viktige faktorar for å få eit godt resultat.

Alder i måneder Tilrådd oppnådd levandevekt for geit som skal veie 45-50 kg ved første kjeing
1 8-9 kg
2 12-14 kg
3 18-19 kg
4 22-24 kg
6 28-31 kg
8 35-38 kg

Tilrådd tilvekst i g/dag: Frå avvenning til ca 4. måneder 160-180 g/dag.

 

Overgang frå innefôring til beite

Mikrofloraen i vomma treng 10-14 dagar på å tilvenne seg nye fôrslag og andre mengder. Kjea bør få tilgang til grovfôr, helst høy dei første par vekene etter beiteslepp. Brå overgang til kraftig beite kan føre til oppformeiring av giftproduserande bakteriar (clostridier) i tarmen og forårsake pulpanyre/enterotoxemi. Kjea bør vere vaksinerte to gonger om våren mot clostridieinfeksjonar. Tilrådd tid mellom vaksineringane er 4-6 veker. Hvis kjea skal på håbeite om hausten bør siste vaksine setjast så nær opp til beiteslepp som mogleg for å sikre effekt på ettersommar/haust.

Tilgang til godt og variert beite

Kje som går ilag med mjølkegeitene kjem raskt i gang med beiting og lærer seg gode beitevanar og det er enklare å gi dei litt tilskot av kraftfôr når dei fylgjer geitene heim.Kje som går på eigne beiter kan ha god tilvekst men det krev tilstrekkeleg areal og beite av god kvalitet.Til kje som vert brukt til landskapspleie er det antyda eit behov på 1,3 da per kje på godt utmarksbeite. Dette er kje som skal «pressast» litt for å beite busk og kratt og rydde areal. Til kje som skal ha god tilvekst er det naturleg å tenke at arealbehovet er vesentleg større, kanskje 2-2,5 da med godt og variert utmarksbeite. Har ein gamal eng og slåttemark som kan gjødslast, kan ein nok få tilfredsstillande resultat med noko mindre areal. Svaret på om beitet er godt nok får ein berre ved å kontrollveie kjea før og etter beiteslepp.

Kraftfôr i beiteperioden

Kje under 6 mnd ved beiteslepp treng i dei fleste høve noko kraftfôrtilskot heile beiteperioden for å oppnå tilfredsstillande tilvekst. Eldre kje kan gjere seg betre nytte av beite, men oftast er litt kraftfôr naudsynt. Kraftfôrmengda dei første 2-3 vekene bør avgrensast til 0,3 kg for å stimulere til beiting. Seinare i beitesesongen kan kraftfôrmengda ligge på 0,3–0,5 kg avhengig av kvalitet på beitegras, alder og storleik på kjea. Bruk ein fiberrik kraftfôrtype, for eksempel kraftfôr til lam eller intensiv kjøttproduksjon.

Parasittar kan redusere tilveksten

På store utmarksbeiter med mykje buskvegetasjon er det sjelden problem med parasittar. Hvis kjea går på avgrensa areal som er brukt som kje- eller geitebeite kvart år kan det oppstå problem med snyltarar som kan gi redusert tilvekst og utrivelege kje. Ein skal behandle minst mogleg for å unngå at parasittar utviklar motstandskraft mot behandlingsmiddel. Ein bør ta avføringsprøver 4-6 veker etter beiteslepp og kontakte veterinær for å drøfte rutiner omkring prøvetaking og eventuell behandling. Hvis ein skal behandle er det viktig at det vert gjort rett. Som generell regel for parasittmiddel treng geiter dobbel sauedose. Uansett beitetype bør ein sjekke parasittstatus og behov for behandling ved innsett av kjea.

Nok vatn, salt eller saltslikkestein

For lite salt reduserer appetitten og set ned fôropptaket. Rikeleg og godt drikkevatn er ein føresetnad for normale kroppsfunksjonar og aktivitet i vomma

Vei kjea før beiteslepp

Like før beiteslepp er det lurt å kontrollvege eit representativt utval av kjea. Då kan ein sjekke om tilveksten har vore bra dei første månadane. Hvis ein fylgjer opp med ny veging ved innsett ser ein kor stor tilvekst kjea har hatt i beiteperioden og ein kan legge opp fôringa utover hausten ut frå dette. Hvis veksten har vore svak eller har stagnert kan ein nok ta att ein del av av tapt tilvekst ved sterkare fôring utover hausten men då treng ein å kome tidleg i gang med tilleggsfôring både med kraftfôr, håbeite eller anna grovfôr.

Tilrådingane er utarbeida av Topp Team Fôring Geit.