Hopp til innholdet

Unngå dobbel nedtur i mjølkeinntekta – planlegg produksjonen nå

Publisert:

Mjølkeleveransen til TINE er lågast i andre halvår når mjølkeprisen er høgast. For 2023 er forholdstalet sett til 0,95 for kumjølk. Dersom kvotetilpasninga startar for seint blir det ein dobbel nedtur i mjølkeintekta når både mjølkepris og kvote vert redusert.

Jo Helge Sunde er prosjektleiar i TINE. Han har jobba med ulike storfeprosjekt i ei årrekkje og dei seinare åra har han også engasjert seg i utfordringar kring sommarmjølk og utjevning av mjølkekurva.

Hovudårsaka til skeiv mjølkekurve er skeiv fordeling av kalvingane gjennom året. Ein anna faktor som viser seg å ha stor betydning er endring av forholdstal frå eit år til eit anna.

- Når forholdstalet går ned startar kvotetilpasninga for seint. Det betyr i praksis at ein større del av mjølka vert levert i første halvår når mjølkeprisen er på det lågaste.  Det blir ein dobbel nedtur ved at både mjølkepris og kvote vert redusert, seier Sunde og understrekar kor viktig det er å planlegge produksjonen frå dag ein i det nye året.

Ha kvote til disposisjon i andre halvår

I 2019 gjekk forholdstalet ned frå 1,04 til 0,98 og då vart det levert 16 prosent mindre mjølk i andre halvår samanlikna med første halvår. Ut frå prognose blir nedgangen om lag 14 prosent i 2022.  I meir stabile periodar eller når forholdstalet går opp er nedgangen i andre halvår  berre 6 til 7 prosent.

- Likviditeten for mjølkeprodusentane er som regel best frå slutten av februar og utover på grunn av utbetaling av tilskot i februar og etterbetaling frå TINE utpå våren. Det kan difor vere eit ekstra moment å ha kvote til disposisjon i andre halvår, meiner prosjektleiaren.

Kva kan mjølkeprodusentane gjera i praksis for å unngå at for stor del av kvoten er brukt opp før ein kjem til juni?

- Det enkle svaret er å ha eit bevisst forhold til reduksjon i produksjonen frå første dag i det nye året.  For dei produsentane som har knapt med kvote i forhold til  produksjonskapasitet tilrår eg å slakte kyr som skal utrangerast raskast mogeleg. Dersom ein skal halde oppe dyretalet som før, sin av kyr som skal kalve til våren tidlegare enn vanleg. Vurder kraftfôrtype og mengde frå no av og utover vinteren, seier Sunde og legg til:

- På den måten kan ein i større grad ha fokus på å maksimere produksjonen når mjølkeprisen er på topp, frå juni og utover. Sett opp mjølkeprognose snarast mogeleg med tanke på 2023!