Som i fjor i september gjennomførte TINE ei ny spørjeundersøking om framtidsplanane på same tid i haust. Til saman 1021 produsentar svara, eller 34 prosent av dei spurde. Fordelinga samsvarar bra med den geografiske fordelinga av alle mjølkeprodusentar i TINE. Difor hadde resultata blitt om lag like om alle mjølkeprodusentane hadde svara.
Alder på produsentane er i middel 51 år, 15.5 % er kvinner og 96.3 % driv konvensjonelt. Til saman 37 % har båsfjøs og resten lausdrift eller ein kombinasjon, og 52% har mjølkerobot. Flest respondentar finn vi i storleiksgruppene 100.000 til 149.999 liter og 200.000 til 399.000 liter.
Planar dei komande fem åra
På spørsmål om planar for produksjonen dei komande fem åra har andelen usikre minka jamt dei tre siste åra, medan andelen som vil fortsette som før har auka i 2024, sjå figur 1. Utviklinga kan tyde på at fleire har gjort eit val. Andelen som vil avvikle er om lag lik i kvart av åra, medan andelen som vil auke har minka litt frå 2023 til 2024. Til saman utgjer gruppene som vil halde fram som før og dei som ønskjer å auke produksjonen litt over to tredeler. Prosentandelen som vil avvikle er høgast i Troms og Finnmark, samt i Akershus fylke og Østfold, og lågast i Nordland, Rogaland, Telemark og Vestland. Prosentandelen er høgast i gruppa med kvote mindre enn 99 999 liter, men òg i gruppene 100 000 til 149 999 liter og 150 000 til 199 000 liter er andelene relativt høge, respektive 18.1% og 16.2%. Dei som vil avvikle er i middel 56 år, og 58.7% har båsfjøs. Dei resterande 41.3% har lausdriftsfjøs eller ein kombinasjon, noko som syner at det ikkje berre er dei med båsfjøs som vil avvikle. Dårleg økonomi kjem høgt på lista over årsaker til å avvikle, deretter kjem «ingen til å overta drifta» og for lite tid til vener, familie og aktivitetar utanfor garden.
Andelen som vil auke produksjonen er høgast i Nordland, Rogaland og Troms. Høgast er andelen blant dei med 150 000 til 299 999 liter i kvote, og i gruppa med meir enn 500 000 liter. Om lag to tredeler av dei har lausdrift og 55% har mjølkerobot. Dei som vil auke er i middel 47 år, klart lågare enn middelen for alle som svarte.
Høgast andel som vil redusere produksjonen finn vi i Agder og Finnmark, og andelen som vil redusere er høgast i gruppa med meir enn 400.000 liter i kvote. Om lag tre firedeler har lausdrift, og dei viktigaste årsakene til å redusere er dårleg økonomi samt for lite tid til familie, vener og aktivitetar utanfor garden. Andelen usikre er høgast i Vestfold, Østfold og Finnmark, og lågast i Rogaland. Høgast andel usikre finn vi blant produsentar med kvote under 150.000 liter, og lågast andel i gruppa med over 400.000 liter. Om lag tre firedeler av dei usikre har konvensjonell mjølking og om lag 64% har båsfjøs.
I gruppa som vil halde fram som før har 357 lausdrift, 25 ein kombinasjon, og 153 båsfjøs. Middelkvoten i gruppa er 284 113 liter, og 126 797 liter blant dei 153 med båsfjøs.
2022

2023

2024

Figur 1. Planar for produksjonen dei komande fem åra. Tal medlemmer som har svara i dei ulike kategoriane står på toppen av kvar søyle, og andelen i kvar kategori rekna i prosent av alle som har svara i det lyseblå feltet under.
Båsfjøs og lausdriftskravet
Vi spurde dei som har båsfjøs og har tenkt å halde fram kor sannsynleg det er at dei vil halde fram etter 2034. Fleire enn i fjor, totalt 41.1%, reknar det som ganske eller heilt usannsynleg at dei vil halde fram etter 2034. Andelen som er usikre har minka frå 31.3% i fjor til 26.3% i år. Dei resterande 32.6% reknar det som svært sannsynleg eller mykje sannsynleg at dei vil halde fram etter 2034, ein liten nedgang frå i fjor.
Kommentarar
I kommentarfeltet er det mange som er misnøgde med mjølkeprisen, økonomien og manglande samsvar mellom arbeidsinnsats og lønsemd, særleg blant blant dei som vil avvikle eller redusere. Offentlege krav og tilsyn av ulike slag vert òg nemnde. Blant dei usikre er det fleire som tenkjer på å byggje om til lausdrift, men er i tvil om økonomien tillèt det. Mange i denne gruppa er misnøgde med økonomien og er usikre på om den er god nok til at neste generasjon vil overta.
Oppsummering
I overkant av to tredeler av mjølkeprodusentane ønskjer å auke produksjonen eller fortsette som før dei komande fem åra, ein auke frå i fjor. Tilsvarande har andelen usikre minka jamt dei tre siste åra, medan andelene som vil redusere produksjonen eller avvikle er om lag uendra. Som i fjor er dårleg økonomi og lite tid til familie, vener og aktivitetar utanfor garden viktige årsaker til å avvikle. Blant produsentar med båsfjøs har andelen som heilt eller ganske sannsynleg vil avvikle etter 2034 auka til 41.4%.
Takk til alle som tok seg tid til å svare!