Hopp til innholdet

Tidlegpensjon i jordbruket

Publisert:
av Bjørn Gunnar Hansen Fagspesialist økonomi
Omriss av en person
av Bjørn Gunnar Hansen
Fagspesialist økonomi

Vurderer du å overdra garden? TINE Rådgiving har kunnskap om tidlegpensjonsordninga og kan rettleie ved planlegging av eigarskifte. Ta kontakt med din rådgjevar og finn ut om du kjem inn under ordninga.

Få bønder nyttar seg av tidlegpensjonsordninga i jordbruket. På landsplan kom det i 2014 inn berre om lag 1000 søknader, og til dømes i Oppland søkte berre 140 av totalt 5000 søkjarar om produksjons-tillegg om tidlegpensjon. Ei årsak til at få søkjer kan vere at ordninga er lite kjent. Ordninga vart innført for å stimulere eigarskifte i landbruket. Ein kan søkje om pensjon frå det året brukaren fyller 62 år, føresett at landbruks-eigedomen er overdregen til ny eigar. Ordninga opphøyrer når brukaren fyller 67 år.

To variantar av tidlegpensjon

  1. Einbrukarpensjon som kun omfattar brukaren
  2. Tobrukarpensjon som omfattar brukar og ektefelle.

Den som søkjer bestemmer sjølv kven som skal stå som brukar. Einbrukarpensjonen er på kr 8000 per månad og tobrukarpensjonen på kr 13000 per månad. Båe ektefeller kan tene ubegrensa i pensjonsperioden inkludert lønsinntekt frå arbeid på garden, og ordninga kan kombinerast med uttak av pensjon frå folketrygda. Mottakarar av tidlegpensjon kan derimot ikkje motta andre trygdeytingar eller ha næringsintekt frå landbruk. For å få rett til tidlegpensjon må brukaren ha drive i minst 15 år. I tillegg er det visse krav til inntekt frå bruket og kor mykje inntekt ein kan ha utanom bruket. I særskilte høve kan Fylkesmannen gje dispensasjon frå inntektskrava.  

Er du omfatta av ordninga?

Ein kan sende inn søknad på førehand for å få greie på om ein har rett på tidlegpensjon eller ikkje. Fylkesmannen godkjenner søknaden, som skal sendast via kommunen. Me i TINE hjelper deg gjerne både med å vurdere om du kjem inn under tidlegpensjonsordninga og med å planlegge eigarskiftet. Om dette er noko for deg? Kontakt nøkkelrådgjevaren din, som vil formidle kontakt med ein av våre Livslinjerettleiarar.

Bruk også kommentarfeltet til å stille spørsmål eller dele informasjon med andre.