Hopp til innholdet

Storstilt fjøsåpning

Publisert:
av Knut-Olav Øvreeide Bygningsrådgiver TINE Rådgiving
Omriss av en person
av Knut-Olav Øvreeide
Bygningsrådgiver TINE Rådgiving

Laurdag 13. januar arrangerte TINE med fleire storstilt fjøsåpning hjå Anders Gåsemyr (26), i Byrkjelo i Gloppen kommune i Vestland.

Trass dårleg vêr med to grader og snø, skremde ikkje det folk i å møte opp på den store dagen. Rett i overkant av 500 (dette må vere på grensa til rekord?) møtte opp for å sjå den flotte fjøsen. Alle dei 300 burgerane og 150 pølsene som Nortura kom med forsvann med ein gong.

Fredag kveld den 7. oktober 2022 opplevde Anders og familien alle bønders mareritt, brann i fjøset. Trass kjapp utrykking og enorm innsats frå bygdefolket var det ikkje mogleg å berge fjøsen og dei fleste dyra.

TINE sitt rådgjevingskorps m.fl. var i sving samme natta med krisehandteringa for å plassere dyr som overlevde og få dei ivaretatt på ein god måte. Dagen etter var alle bondeorganisasjonane i sving, for fjøsen skulle opp att som ein fugl fønix. For å sitere Anders: -det er berre å setje i gang å teikne! 

Den 1. november 2023, 12 mnd og tre veker etter brannen, blei dei fyrste dyra mjølka att på Gåsemyr. Og på opningsdagen var han kome opp i 50 mjølkande kyr.

Anders var tydeleg frå start om å utnytte kompetansen han hadde rundt seg, og brukte TINE sine hjelpemiddel. TINE Rådgiving har i gjennom prosessen medverka med ikkje mindre enn sju kompetansepersonar for å hjelpe med mellom anna forsikringsoppgjer, oppfølging av overlevande dyr, planlegging av ny fjøs, byggeledelse, innkjøp av livdyr, helserådgjeving, fôrdisponering, oppstartsrådgjeving mm. Anders har også vore aktiv i grovfôrprogrammet gjennom heile perioden.

Eg er veldig glad for å kunne vise at når uhellet er ute, så er vi der for TINE bonden!

Fjøsåpning hos Anders Gåsemyr_Byrkjelo i Gloppen kommune 2