Hopp til innholdet

Stell og omsorg i kjeingstida gir ein vellukka laktasjon

Publisert:

Mesteparten av kliniske mastittar hos geit oppstår i løpet av dei første vekene etter kjeing. Giftstoffet som vert produsert av bakterien Staphylococcus aureus gjer at ein vesentleg del av desse mastittane går over i kaldbrann. Riktig stell, miljø og førebygging kan redusera førekomsten betraktelig.

Det er lønnsamt å halde førekomsten av mastitt på eit så lågt nivå som mogleg. Mastitt er eit felles namn på ein betennelsesreaksjon i juret, uansett årsak. Den er oftast forårsaka av ein underliggande infeksjon. Tidleg diagnose og igangsetting av behandling er viktig, men enno viktigare er førebygging og kontroll då behandling ofte har dårleg prognose.

Gjennomgang av analyser i geitkontrollen syner at geiter med særs høge celletal (>5.000.000) får halde fram med å produsera mjølk i lang tid. Slike geiter har omfattande betennelsesprosessar i juret og bør ikkje stå i mjølkeproduksjon utan at relevante tiltak til forbetring vert sett i verk.

Gode rutiner i sintida

Dei viktigaste førebyggande tiltaka gjer ein kring avsining og gjennom sintida. For å unngå smitte bør ein fylgje opp alle geiter med celletal over 1 million ved siste geitkontrollprøve, alle geiter med geometrisk middel over 1 million og alle geiter som har hatt klinisk mastitt i laktasjonen med eit speneprøveuttak. Dei som får påvist Staphylococcus aureus, Streptococcus agalactiae eller Streptococcus dysgalactiae bør ein sinbehandle eller utrangere.

Førebuing av geita fram til kjeing er òg viktig for å redusere sjansen for mastitt. Regelmessig klauvstell etter behov reduserer stress for dyret, og gir grunnlag for ei robust geit som har god trivsel og kan gå og stå normalt og ete og ligge når ho ynskjer.

Klypping av jur, bakpart og hale er eit godt hjelpemiddel for å halde geita rein, særleg den første tida etter kjeing. Børflod og andre ureinheiter fester seg dårlegare på kort ragg, og let seg lettare børste av. Oppkaking legg til rette for danning av kviser, småsår og verkebyllar. Desse er viktige reservoar for mastittbakteriar.

Det er òg viktig å nytte tørrperioden til å styrke immunforsvaret – robuste dyr toler meir, og kjeing er eit stort stress for geita. Immunforsvaret vert styrka gjennom god fôring (sjå tidlegare artikkel frå Topp Team Fôring Geit ), men òg gjennom å tilby eit godt fjøs med godt miljø, der det er tilstrekkeleg med plass og god ventilasjon.

Reduser stresset til eit minimum

Det er få ting som senkar motstandskrafta til eit dyr så kraftig som stress. Det er difor viktig å minske stressfaktorar til eit minimum, då kjeinga i seg sjølv er ei stor påkjenning for geita.

Ein bør flytte unggeitene inn i mjølkegeitavdelinga i god tid før forventa kjeing, slik at dei har tid til å finne seg til rette og gjera seg kjent med omgjevnadar og flokkvenner.

Geita ynskjer av natur å trekke seg litt vekk frå flokken for å kjee. Er dyretettleiken i bingen for stor slik at det ikkje er plass til dette, vil det bety mykje stress i flokken.

Ventilasjon og det å oppretthalde eit optimalt inneklima er ei utfordring vinterstid. Då drøvtyggarar fordøyer fôret gjennom ein gjæringsprosess produserer kvar geit store mengder varme som ho treng å verte kvitt. For høg temperatur i fjøset vil difor påføre varmestress.

10 – 18 grader vert rekna som optimal temperatur, men geiter toler godt å ha det kjølig. For å oppnå dette må ventilasjonen fungere optimalt – det er store luftvolum som skal bytast ut i løpet av ein dag.

Kjeingshygiene

Kjeing skal foregå under hygieniske tilhøve. Geitene skal ha reine og tørre bingar med tilstrekkeleg plass og nok strø. Fosterhinner og morkaker skal fjernast etter kvart.

Det er viktig å oppretthalde eit tørt og reint miljø under og etter kjeinga. Det vert fort tilgrisa og klinete kring kjeing, og der dyra går på talle kan reinhald i denne perioden vera ei utfordring. Fjerning av fosterhinner og å dekke over med nytt tørt strø er eit minimum for å sikre god helse for geitene i ein sårbar periode.

Ved behov for fødselshjelp er god hygiene alfa og omega. Vask hendene godt og nytt lange plasthanskar og tilstrekkeleg med glidemiddel. Ver varsam! Ein vanskelig, uhygienisk eller røff fødsel gjer geita meir utsett for mastitt, skjede- eller børframfall, tilbakeholdt etterbyrd eller børbetennelse.

I dagens situasjon i sanerte besetningar bør ein ta kjeet frå mor så raskt som mulig. Syt for frie luftvegar og andredrett, og tørk kjeet. Navlen kan med fordel desinfiserast, i allefall om ein har problem med navleinfeksjonar i flokken.

Kjea skal så over i tørr og trekkfri binge og ein bør gi dei råmjølk helst innan to timar. I året ein eventuelt snappar skal kjea ha kuråmjølk. Det vert også tilrådd å bruke kuråmjølk andre året etter sanering. Dersom det då er vanskeleg å få tak i kuråmjølk, må dei få råmjølk berre frå eiga mor. Ved overgang frå kuråmjølk til geiteråmjølk må rutinen med å tildele råmjølk kun frå eiga mor skal halde fram for å ha kontroll på smitte i besetninga. CAE smitter med mjølk. Tankmjølk må difor ikkje verte nytta som kjefor.

Tilby geita ei bøtte med lunka vatn etter kjeing – det er gjerne lenge sida sist ho tok til seg både vatn og fôr. Tørk samstundes av henne bak så godt som mogleg med ei tørr fille. Følg med geita! Sjå til at ho er i aktivitet og at ho et nok – tilby smakeleg fôr utan kje på fôrbrettet.

Tørk eller skrap av børflod frå jur, lår og hale. Stell eventuelle kviser, rifter og sår med til dømes sinksalve, blåspray eller jodtinktur. Undersøk juret og om mjølka er normal minst to gonger dagleg

Normal børflod skal opphøyre innan tre veker etter kjeing, ofte raskare. Kroppstemperaturen til geita kan i denne perioden ligge noko høgare enn normalt. Får utfloden ein illeluktande karakter, temperaturen stig til over 40oC, og/eller geita syner teikn på buksmerter kan ein mistenke børbetennelse. Milde børbetennelser kan geita ofte klare opp i sjølv. Meir alvorlege kan gje eit snøggt sjukdomsforløp med høg dødelighet. Kvart tilfelle og eventuell behandling bør diskuterast med veterinæren din. Er det hyppige tilfeller i besetninga bør ein gå gjennom hygiene og rutiner kring kjeing, og ein kan legge ein plan for å unngå problemet ved neste kjeing.

Geiter som vart sinbehandla på slutten av førre laktasjon bør kontrollerast med nye speneprøver i løpet av fyrste veke etter kjeing. Dei som framleis står med infeksjon bør ein vurdere å utrangere.

Godt fungerande mjølkeanlegg og god mjølketeknikk førebygger mastitt

Mjølkingsprosessen påverkar smittepresset, og juret sitt forsvar mot S. aureus. Det er avgjerande at mjølkingsanlegget er kontrollert til å arbeide skånsomt og ikkje ha skadeleg verknad på juret. Det vert tilrådd å gjennomføre ein funksjonstest ein gong i året på mjølkingsanlegget både heime og på setra. TINE mjølkekvalitetsrådgivarar utfører slike testar.

Mjølking skal gjerast i samsvar med geita sine fysiologiske krav og med god hygienisk standard. Ei god stimulering er naudsynt for skånsom mjølking gjennom naturleg nedgiingsrefleks. Den beste stimuleringa er å tørke godt av jura med bomullsklut – nytt ein klut per geit. Så lenge det framleis er børflod bør ein tørke eller skrape den vekk tørt for ikkje å forureine spenetuppane.

Reine dyr, jur og spenar er viktig for å oppnå god hygienisk standard kring mjølkinga. Rein mjølkestall, mjølkingsutstyr, god handhygiene og hyppig vask av fjøskle er òg avgjerande.

Mjølk geita opp i ein prøvekopp før påsett av maskin og undersøk mjølka for avvik samstundes som du undersøker jur og spener for skader. Det er viktig at spenehuda er mjuk og smidig. Begrens vask og påsett til så mange geiter som du når av gongen utan at nokon vert ståande på tomgangsmjølking eller det går for lenge mellom stimulering og påsett.

Juret er ekstra sårbart for invasjon av bakteriar rett etter mjølking, når spenekanalen framleis er open. Kalde jur er også meir utsett for mastitt. Det er difor viktig at geita returnerer frå mjølking til ein tørr og rein binge.