Hopp til innholdet

Kva er godt grovfôr til geit?

Publisert:
av Kari Margrete Sølvberg Fagrådgiver i Vest
Omriss av en person
av Kari Margrete Sølvberg
Fagrådgiver i Vest

Det er snart tid for slått. Her kan du lese om gode råd og kvalitetskrav til godt grovfôr for geit i tidleg laktasjon.

beite skil geitene seg frå dei andre husdyra ved at dei beitar meir lauv og skot av  tre og busker. Dei gneg bork av både lauvtre og bartre og likar ferske skot av eine. I tillegg et dei lyng, gras og urter.  Dette er ein svært variert meny. Når vi  på innefôring tilbyr geitene berre surfôr og kraftfôr, kan det vere utfordrande å fôre slik at dei får ei velfungerande vom.

Geitene treng struktur i fôret. For lite fiber fører til at det skal lite kraftfôr til før geitene vert lause i magen. Fiberinnhaldet i fôret vert høgare jo seinare ein haustar.  Samstundes  stig den ufordøyelege delen av fiberen, energiinnhaldet går ned og det blir behov for høgare kraftfôrmengder viss geitene skal mjølke godt.

Val av haustetidspunkt vert ein balansegong mellom høgt energiinnhald og nok struktur i fôret.

 

5 råd ved hausting av godt grovfôr til geit

 

  1. Grovfôr til geit rundt kjeing og i høglaktasjonen bør haustast på eit tidleg utviklingsstadium(start skyting), medan fôr som skal brukast seinare i laktasjonen og i tørrperioden kan vere hausta seinare. Svært tidleg hausting er ikkje tilrådeleg då graset på dette stadiet har veldig lågt fiberinnhald og det vert vanskeleg å unngå lause magar på geitene.

  2. Stubb høgt for å sikre god hygienisk kvalitet (8-10cm).

  3. Om mogleg fortørk graset til 25-35 % tørrstoff.

  4. Bruk ensileringsmiddel tilpassa tørrstoffinnhaldet i graset. Ikkje bruk for lite!

  5. Viktig med rask ilegging i silo - god pressing/pakking av rundballar. Helst 8 lag plast til rundballar, 10 eller fleire ved høgt tørrstoffinnhald. Dette sikrar god hygienisk kvalitet.

Kvalitetskrav til grovfôr til geit i tidleg laktasjon

 

Kvalitetskrav til godt grovfôr - Geit

 

Last ned hele fagartikkelen fra Topp Team Fôring

Del gjerne egne erfaringer og synspunkt i kommentarfeltet.