Hopp til innholdet
Landbrukets Dataflyt foretar en oppdatering av server i dag kl 12.00 til 13.30. I forbindelse med arbeidet kan det oppstå korte tjenesteavbrudd. Prøv igjen om litt.

Viktig å vurdera overtakingsdato ved eigarskifte

Publisert:
av Eivind Vik Prosjektleiar Lean i landbruket
Omriss av en person
av Eivind Vik
Prosjektleiar Lean i landbruket

Omlegging av tilskotsystemet i 2017 har konsekvensar ved framtidige eigarskifte. Partane i eigarskifte må setja seg inn i korleis endringa i tilskotssystemet påverkar inntekt og pengestraum mellom gamal og ny eigar. I åra framover bør eigarskifte skje før 1.oktober dersom du vil hjelpa ny eigar i gang.

Frå og med 2018 skal produksjonstilskot utbetalast ein gong i året. Med omsyn til betalingsevna er dette ein fordel i høve til dagens ordning. I dag kjem tilskotet til utbetaling i februar og juni, basert på teljedatoane 31.juli og 1. januar. Frå 2018 vil du få heile årsutbetalinga i februar. Det vil seie at du får noko av tilskotet fire månader tidlegare enn med dagens ordning. 

Overgangsåret 2017 har 3 teljedatoar

Frå 2018 skal teljedato vera 1. mars og 1. oktober, og desse pengane vert utbetalt som heilt års-tilskott i februar året etter. I 2017 vert det 3 teljingar:

  • 1.jan. vert  siste teljedato i det gamle systemet, med  påfølgande utbetaling i juni-17.
  • 1.mai.vert første teljing  i det nye systemet, og gir utbetaling i februar 2018.
  • 1.okt. vert andre teljedato i det nye systemet, og gir utbetaling i februar 2018.

2017 gir grunnlag for 1,5 husdyrtilskott og driftstilskott mjølk

For bruk som er i drift med same eigar,  vil året 2017 gi grunnlag for 1,5 husdyrtilskott og driftstilskott mjølk.  Utbetaling til det enkelte bruk blir ikkje vesentleg endra, men den som eig bruket på teljedatoen både vår og haust har opparbeida seg heilt årstilskott som kjem til utbetaling i februar året etter.

Tyngre for ny eigar etter 2. oktober 2017

Dei fleste eigarskifte skjer ved årsskifte. Når eigarskiftet skjer i perioden 2. oktober  til  28.februar, vil ny brukar ikkje få utbetalt produksjonstillegg før i februar, dvs. 12- 16 månader etter eigarskifte. Samstundes vil den som sluttar av ha opparbeidd rett til produksjonstillegg for eit heilt år. Det er verd å merka seg at denne endringa ikkje berre gjeld for overgangsåret 2017, men og ved alle framtidige eigarskifte.

Gamal eigar får med seg kr 100.000 meir enn ved noverande reglar

I tabellen under  tek eg utgangspunkt i eit bruk  som får utbetalt kr 200.000 i produksjonstilskot husdyr og driftstilskott mjølk og kr 50.000 i  areal- og kulturlandskapstillegg. Samla årleg tilskot er kr 250.000. Dette svarer til ca. 13 kyr og 20 ungdyr i sone 4. Utbetalinga er synt over 3 år, og vi ser korleis endringa medfører at inntekt vert flytta frå ny eigar til gamal eigar. Same effekt får ein også når eigar avsluttar husdyrhaldet.

Livslinjeråd

Tabellen viser teljedato og korleis tilskott vert utbetalt. Eigarskifte skjer her mellom 2.oktober og 28.februar.

Livslinjeråd kan vera til hjelp ved brukarskifte

Det er viktig at partane ved eit eigarskifte er klar over desse effektane av tilskotsomlegginga, og at dei diskuterer overtakingsdato, prissetting av eigedomen og eventuell fordeling av tilskott seg i mellom. TINE har rettleiarar som kan vera med å klargjera konsekvensar ved brukarskifte. Du kan få hjelp til å finna pensjonsutbetaling og smarte tilpassingar i eigarskifteprosessen.

Link til rådgivar for livslinjeråd her