Hopp til innholdet
Laster...

Har du ein travel kvardag?

Publisert:
av Eivind Vik Prosjektleiar Lean i landbruket
Omriss av en person
av Eivind Vik
Prosjektleiar Lean i landbruket

Det er stor variasjon på tidsbruken i fjøset mellom ulike gardsbruk. Årsaka er ulik mekanisering, automatisering og kor god logistikk det er i fjøset. Men også røktaren sine arbeidsrutinar og arbeidstempo spelar stor rolle.

Du kan lett gjere ein kvalifisert vurdering på kor stor produksjon du har per arbeidstime du legg ned i fjøset. Måltalet er liter mjølk eller kilo kjøtt produsert per arbeidstime. Her ser du eit plott der 36 brukarar har lagt inn gjennomsnittleg timeforbruk gjennom året. Det er stor variasjon i arbeidsproduktivitet i registreringane under.
Det same ser me også frå undersøkingar gjennomført i Danmark og Sverige.

Omtale tidsbruk medlem2

 

Vil du produsere meir mjølk og kjøtt per arbeidstime enn i dag?

Då er det lurt å gjere registreringar gjennom arbeidsdagen som viser kor mykje tid du brukar på kvar arbeidsoperasjon.  Dermed ser du kvar du kan få effekt av å gjere forbetringar. Det kan og hjelpe deg til å sjå kor det er lønsamt å investere. Ved å frigjere ti minutt i kvart fjøsstell vert det til 120 timar eller over tre veker til ein lønna avløysar.

Skal ikkje springa fortare

Det gjeld å finna dei stadene i produksjonen der du har svinn. Då kan du få til auke i produktivitet utan at du treng springa fortare. Leankoordinatorene i TINE kan hjelpa til å finna svinn slik at du kan setja inn tiltak på rett plass. Dei har og registreringsskjema som kan hjelpa deg til å koma i gang. Det skal heller ikkje vera nokon konkurranse i å bruka minst mogeleg tid i fjøset. Du driv ein biologisk produksjon der tilsyn og observasjon er ein viktig del av arbeidet. Brukar ein for lite tid til tilsyn og observasjon kan det resultera i sjuke dyr, og sjuke dyr krev meir arbeid.

 

Laster...
Laster...