Hopp til innholdet

Positiv utvikling i dyrevelferdsindikatoren

Publisert:
av Peder Buskenes Spesialrådgiver medlemskommunikasjon av Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær TINE Rådgiving
Omriss av en person
av Peder Buskenes
Spesialrådgiver medlemskommunikasjon
Omriss av en person
av Randi Therese Garmo
Spesialrådgiver/ veterinær TINE Rådgiving

Dyrevelferdsindikatoren vart lansert for nærare tre år sidan, og den overordna trenden har vore positiv. – Framgangen er størst på klauv og avhorning, og samstundes må vi auke merksemda retta mot kalv, seier Randi Therese Garmo, spesialrådgjevar og veterinær i TINE.

Dyrevelferdsindikatoren blir kalkulert automatisk basert på data frå Kukontrollen, med utgangspunkt i Verdens dyrehelseorganisasjon (OIE) sin standard for vurdering av dyrevelferd.

Er ein indikator på dyrevelferda

Dyrevelferdsindikatoren blir utrekna for produsent som deltek i Kukontrollen og oppfyller minstekrav til datakvalitet. Indikatoren er ikkje noko fasitsvar, men er fagleg godt forankra og gir, som namnet seier, ein indikasjon på dyrevelferd, seier veterinær Randi Therese Garmo som jobbar mykje med dyrevelferdsindikatoren.

Korleis har utviklinga vore på dyrevelferdsindikatoren sidan vi starta?

Dyrevelferdsindikatoren har totalt sett stige jamnt og trutt sidan 2015 som er referanseåret. Den er nå på 108,3 og har dermed stige 8,3 poeng sidan 2015. Dyrevelferdsindikatoren består av 10 delindikatorar og dei aller fleste har hatt ei positiv utvikling med unntak av delindikator kalv som har blitt redusert dei siste åra.

Kva delindikator vil du peike ut som særleg positive?

Delindikator klauv og avhorning har hatt ei god stigning. For avhorning ser vi at det er fleire produsentar som sørger for avhorning innafor forskriftsfesta periode som er 6 vekers alder. Så er det nok au nokon som har meir kolla kalvar i besetninga si og dermed ikkje treng avhorning. Kollaheit teller positivt inn i denne delindikatoren. Når det gjeld delindikator klauv så har vi i nokre år nå hatt fokus på at klauvskjæring skal bli rapportert i Kukontrollen og produsentar/klauvskjærarar har hatt fokus på dette. Så kan ein jo alltids hevde at betre rapportering ikkje påvirkar dyrevelferda. Men berre det å ha fokus på klauver og hyppigare klauvskjæring og rapportering av klauvdiagnoser frå både veterinær og klauvskjærarar gjev betre grunnlag for å sjekke ut klauvsjukdommar og haltheit og få gjort noko med det. Visste du forresten at det er Klauvas år i år? Ein eigen Facebook-gruppe er oppretta for klauvas år. Trykk her for å melde deg inn.

Etter ei tid med nedgang på kalv, ser det no ut som grafen peikar oppover. Kva har bidrege til å snu denne trenden?

Oii, her er det litt vanskeleg å svare, men litt gledeleg er det jo. Vi har over fleire år sett at delindikator kalv har blitt redusert og diverre er det særleg dei større besetningane som har hatt mest reduksjon medan det i båsfjøs har vore tilnærma «status quo». I delindikator kalv inngår både kastingar, dødfødslar, avliva og sjøldaua og behandlingar på kalv (les meir om saka her). Biletet er nok ganske samansett og det er ikkje slik at ein ikkje kan drive godt kalveoppdrett i større besetningar, men enkelte møter utfordringar dei ikkje visste dei hadde før ombygging. Så er det slik at jo fleire kokkar jo meir søl og ikkje alltid like greitt å vera kalv. Eg veit om mange større besetningar med god kalvehelse og velferd, akkurat som eg au veit om mindre båsbesetningar der det kunne vore betre. Det vi ser av statistikken er at det er stor spredning på dødlegheit hjå kalv i besetningane våre, frå tilnærma 0% til godt over 20% år etter år. Delindikator kalv er ein fin måte å få oversikt i besetninga di på dei siste 12 mnd. Og gikk det låkt i fjor så kan det gå betre i år, og da vil delindikator kalv stige og du kan gje deg ein klapp på skuldra. Ynskjer du hjelp med kalveoppdrettet står det både lokal veterinær og Tine-rådgjevar klare for å ta fatt saman med deg. I tillegg har vi Tine sin Kalvebrosjyre liggande på nett og den er absolutt ein «bestselgjar» spør du meg. Den burde vera lett tilgjengeleg i alle fjøs. Ikkje for å skryte, men vi har au forelesing liggande på youtube som heiter «Redd Kalven» som vi laga til produsentane for to år sidan, og like aktuell i dag. Elles så har mine kollegaer i TINE jamnleg «Go’kalven kurs» både nettbasert og fysisk i fjøs. Så hjelp å få er det, og det er ikkje så vanskeleg å betre kalvoppdrettet litt om du ikkje kjem heilt i mål med ein gong.


Finnes det andre delindikatorar der det er moglegheit for forbetring?

Ja, absolutt. Eg kjem raskt inn på både fruktbarheit og den som heiter stoffskifte. Fruktbarheit har sesongmessige variasjonar på landsbasis. Men det er mykje du kan gjera i di eiga besetning mtp fruktbarheit og økonomi. Målet ditt bør vera å sørge for ein kalv omtrent kvar 12.mnd. Ha fokus på brunstkontroll og når etter kalving du inseminerer kua, omløp hjå kyrne dine, få drektigheitskontrollert kua/kviga, ta vare på 1.laktasjonskyrne dine og at kvigene dine her innkalvingsalder på ca 24 mnd. Sørg for gode notatar for brunst på kvar ku/kvige og følgje opp dei som ikkje syner brunst. Har du kontroll på fruktbarheita så renn det «skilling» inn i kassa! Fruktbarheit heng au saman med delindikator stoffskifte. Stoffskifte/metabolisme kan vera heftige saker for både folk og fe. Å ha fokus på haldet hjå kyrne dine ved avsining, kalving og ut i laktasjonen kan redde deg frå både mjølkefeber og ketose. Kven har ikkje hatt ei altfor feit vaksen ku med mjølkefeber ofte i kombinasjon med mastitt i same slengen. Ein skulle tru ein har fornærma både eine og andre Guden når ein får slike tilfelle på fjøset. Mitt beste tips er å samarbeide med ein fôringsrådgjevar for å halde fokus på haldet, forebygge metabolske sjukdommar og forhåpentlegvis ha god fertilitet i besetninga. Forresten, ikkje gløym kvigene dine. Dei er framtida for deg og da kan eg slenge med kukalvane i same slengen. Fôr kalvane dine godt og husk KKK, altså kalv-kvige-ku!

Har du inntrykk av at melkeprodusentane følgjer med på sin dyrevelferdsindikator?

Det er både og. Enkelte har fokus på forbetringsområder kontinuerleg og andre ikkje. Så har vi tilfelle av produsentar som kjem ut med «raudt» og da mister litt motet. Men å vera raudfarga på indikatoren betyr ikkje at du har dårleg dyrevelferd i besetninga di, og det er viktig å understreke. Men du har ting å ta tak i og det har dei fleste produsentane.

Kva skjer med dyrevelferdsindikatoren framover? Vil han bli vidareutvikla?

Ja, no samarbeider vi godt med Mimiro for å gjere Dyrevelferdsindikatoren tilgjengeleg i Eana KU. Førebels er det litt for tidleg å seie når den kjem i Eana-appen. Samtidig ønskjer vi gjerne tilbakemeldingar på kva som kan bli betre i TINEs dyrevelferdsindikator for at den skal beskrive dyrevelferda på ein betre måte. Gi innspela dine her