Hopp til innholdet

Plassering av robot og birom i mjølkekufjøs

Publisert:
av Torfinn Nærland Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling
Omriss av en person
av Torfinn Nærland
Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling

Mjølkerobotfjøs må kunne utviklast, med plass til meir husdyrareal bak roboten. Biromsavdelinga må ikkje stenge for utviklinga. Sinkyr bak roboten gir minst arbeid, gode forhold for sinkua og enkel logistikk.

 Av: Torfinn Nærland, bygningsrådgjevar, Tine Rådgiving Jæren og Agder, og Kay Arne Aarset, privatpraktiserande veterinær

Lausdriftsfjøs til mjølkeku har endra seg mykje frå 1990-talet til i dag. Vidare har mjølkeroboten endra driftsopplegget i fjøset radikalt sidan den kom. I tillegg til å stå for sjølve mjølkinga, er den eit reiskap til å handtere kuflokken på ein heilt annan måte enn før. Og den gjev oss mykje kunnskap om både enkeltkua og flokken. Dette gjev oss moglegheit til å styre buskapen og utvikle drifta på spannande sett. Og utviklinga stoppar ikkje nå.

Framtidsretta og fleksibelt?

Men kva så med måten me utformar sjølve fjøset på? Tenker me framtidsretta og fleksibelt nok? Vil våre lausdriftsfjøs kunne nytte roboten og nye driftsopplegg på ein god måte – òg om ti-15 år? Når det blir bygd nytt, tenkjer enkelte «Eg skal ikkje bli stor, det er ikkje jord eller kvote til det». Me erfarer likevel at dei som byggjer nytt kufjøs, ofte kjem til å ha behov for å byggje på eller å endre fjøset innafor åtte-15 år. Ved den tid har ein som regel brukt opp den ledige kapasiteten i fjøset som vart lagt inn på byggetidspunktet.

Det er særleg to moment me ser i nokre fjøsløysingar i dag som kan hindre ei framtidig utvikling av fjøset: 1) mangel på areal bak robot til ulike dyregrupper, og 2) plassering av biromsavdelinga.

Roboten kryp innover i fjøset

Mjølkeroboten har over tid blitt plassert lenger og lenger inn i husdyrrommet. Det er naturleg å plassere dyr som me skal fylgje godt opp i det området me oppheld oss mest, altså i tilknyting til roboten. Difor har me i mange fjøs bak roboten fått både velferdsavdeling, gode kalvings- og sjukebingar, samt sinkuavdeling. 

Velferdsavdeling sparer kua

Me skal ikkje mange år tilbake før eit robotfjøs vart bygd utan velferdsavdeling (eller fokus/VIP-avdeling) bak roboten. Roboten var plassert nær endeveggen i fjøset, utan høve til å lage velferdsavdeling eller fleire kalvings- og sjukebingar bak den.

Nå har dei fleste fjøs ei velferdsavdeling for å legge til rette for at kuflokken kan vera frisk og yte godt. Bruksområda for avdelinga varierer mellom gardsbruka. Mange har god nytte av velferdsavdelinga til opptrapping av fôr til kyr og kviger før kalving, til kviger som skal lære seg robot, og til oppsyn av småkranke dyr frå hovudavdelinga. Viktigast er likevel at nykalva dyr skal ha ein roleg start i velferdsavdelinga etter fødsel, gjerne i tre-fire veker etterpå. Før kalving vil hormonproduksjonen påverka alle leddband og sener i heile kroppen til dyret, dei vert slakke og svake. Difor skjer det ganske ofte at ei ku sklir ut med bakbeina rett etter kalving, dels òg at mangel på kalsium gir svake musklar. Dette skjer oftast på glatte golv. Nykalva kyr skal difor gå minst mogleg, noko dei kan i dette «barselhotellet» med korte avstandar til mjølking, fôr og vatn. Golva skal vera sklisikre og mjuke, gummi på golvet i velferdsavdelinga vil vera ei god investering. Dette er ei avdeling dei fleste produsentar ikkje kan klare seg utan, når dei har fått den.

Sinkuavdeling bak robot for god logistikk

Me bør ha sinkyr og kviger dei siste to månader før kalving i ei eiga sinkuavdeling, bak robot og ved kalvingsbingane. Dette gir god kontroll og oppsyn med dyra fram mot kalving, og reduserer arbeidet med å flytte dyra. Når tida er komen for at kua eller kviga skal trappe opp energimengda fram mot kalving, er det enkelt å flytte dyret til velferdsavdelinga. Det er jobb for bare ein person. Når dyret skal kalva, kan du aleine enkelt flytte dyret inn i kalvingsbingen. Det er og mogleg å ha ei sinkuavdeling med to grupper; ei avsining- og midtgruppe som får lågenergifôr, og ei gruppe tettare på kalving med meir energirikt fôr.

Det er ofte vanskelegare å oppdage kor tid eit dyr er klar for kalving, når det går i ei større mjølkekuavdeling, eller i sinkuavdeling i andre enden av fjøset. Resultatet kan bli at dyret legg seg i liggebåsen, og føder kalven ut på eit kaldt spalte- eller skrapeareal. Dette er ein dårleg start for spedkalven.

I mange fjøs vil utgang til beite for mjølkekyrne vera gjennom dører i endeveggen. I delar av sinperioden vil me gjerne ha kontroll på sinkyrne innandørs, og ikkje la dei få for godt beitegras. Dersom me legg sinkuavdelinga i enden av mjølkekuavdelinga, vil dette blokkere for å sleppe mjølkekyrne på beite.

Sinkyr er sårbare

Perioden ved sinlegging og kalving er dei to mest risikofylte periodane for at eit ku kan verte sjuk. I praksis ser me at ein del kyr kalvar med mastitt. Dette burde blitt oppdaga tidlegare. Når sinkuavdelinga ligg lengst vekk frå mjølkeavdelinga, vert det vanskelegare å vera tett på desse kyrne. Dette aukar risikoen for å ikkje oppdaga sjukdomar, eller forandringar hjå dyra som kan føre til sjukdomar.

Etter avsining tek det to-tre veker før spenekanalen lukkar seg etter siste mjølking. I denne perioden er det lett for bakteriar å trekke opp i juret, og gje kliniske endringar. Difor er det svært viktig å halde god hygiene òg i sinkuavdelinga. Me må senke smittepresset så mykje som mogleg, blant anna ved dagleg å strø og halde liggebåsane reine. Ein god rutine er å dagleg låse fast sinkyrne i fangfronten ved fôrbrettet, for å sjå til juret. Er det teikn til hevelse, bør ein kjenne på juret, då vil me kunne fange ein mastitt i kjømda.

Når sinkuavdelinga ligg i andre enden av fjøset, kan det skje at kua må jagast gjennom heile fjøset når kalvinga er i gang. Mange gonger fører dette til at kalvinga kan gå i stå. For ei kvige eller ku med ein stor kalv er dette uheldig, då kalven kan kome til å bruke lengre tid gjennom fødselskanalen. Dette kan resultere i nervetrykkingar hjå mordyret, og i verste fall ein svak eller daud kalv.

Kalvings- og sjukebingar i bruk

Desse vil bli brukt jamleg med gode resultat for ku og kalv, når dei er plassert bak roboten ved velferds- og sinkuavdelingane. Slik plassering gjer det enkelt å flytte kalveklare dyr inn i kalvingsbingen rett før kalving. I bingen bør det vera mogleg å låse fast kua i fangfront, medan kua slikkar kalven som ligg på fôrbrettet i ein cuddle-box, og me mjølkar kua med ein spannmaskin.

Behov for meir areal bak robot?

Utviklinga med velferdsavdeling, kalvings-/sjukebingar og sinkyr bak mjølkeroboten viser at det er behov for å legge til rette for moglege framtidige endringar bak roboten. Kva kan verte det neste me treng å gjere plass til? Eit dagsaktuelt tema kan vera ei løysing der kalven skal kunne die kua ei tid etter kalving. Eller kanskje bør sinkuavdelinga delast opp i fleire grupper enn me tradisjonelt gjere i dag? Utviklinga til nå har vist at framtidige driftsopplegg, behov og funksjonar kan krevja meir areal bak roboten, enn det me opprinneleg planla fjøset for.

Biromsavdelinga utafor på langsida

Birom er naudsynte servicerom i fjøset, slik som tankrom, kalvekjøkken, kontor, teknisk rom, smittesluse, garderobe og eventuelt toalett/dusj. Dette er kostbare rom å flytte eller byggje om på, så det er viktig å legge dei riktig med tanke på framtidige endringar og utvidingar i drifta.

Me ser i dag to hovudprinsipp for plassering av biromsavdelinga i fjøset; innafor fjøset sine fire vegger, eller trekt utafor husdyrrommet på langsida. Ved å plassere biromsavdelinga utafor husdyrrommet på langsida, vil me ha eit fleksibelt bygg som det er enkelt å gjere endringar i. Me kan leggje fleire dyregrupper bak robot ved behov. Har me behov for å byggje på og utvide fjøset, kan me gjere det i begge endar og få til gode løysingar.

Når biromsavdelinga er trekt innafor fjøset sine fire vegger, vert det straks mykje verre å få til gode, rasjonelle løysingar kring roboten. Me får mindre breidde å nytte til dyr, og dyreflyten vert som regel dårlegare. Plasserer me biromma i kortenden av fjøset, har me òg blokkert for framtidig utviding eller endring bak roboten. Dette på same måte som tårnsiloar plassert ved endeveggen(e) av båsfjøset gjorde i si tid.

Ingen regel utan unnatak

Hovudregel bør altså vera å legge biromsavdelinga utanfor husdyrrommet. Nokre unnatak kan det vera. Dersom byggetomta er lang og smal, kan det vera vanskeleg å få plass til biromsavdelinga på langsida. Eller ein veg, elv eller nabogrense gjer det umogleg å bygge på annan måte, og biromsavdelinga må plasserast i enden av fjøset. Kan me då fortsatt legge til rette for fleksibilitet og endringar bak robot? Dersom me plasserer biromsavdelinga heilt i enden av fjøset, kan me i fyrste omgang legge inn funksjonar eller dyregrupper, som enkelt kan flyttast på ved behov for meir plass bak robot. Eit anna alternativ er å legge biromsavdelinga fritt med noko avstand frå nytt fjøs. Me har fleire døme på at nytt fjøs er bygd fritt frå eksisterande båsfjøs, og mjølka blir sendt til eit godt tankrom i båsfjøset.

Biromsavdelinga treng stort sett same tal m2 bygg, anten den ligg innafor husdyrrommet eller på langsida. Me kan få kostnad til noko fleire m2 tak og yttervegg ved å trekke biromma ut på langsida, men på innsida får me fleire verdifulle m2 husdyrrom som gjev oss fleksibilitet. Det vil me nyte godt av i framtida.

Illustrasjonar

Riktig plassering og bruk av smittesluse er viktig for å unngå mogleg overføring av smittsame sjukdomar frå folk som besøker garden. I biromsavdelinga er ureine rom med potensiell smitte (rød farge) lagt før smitteslusa, medan grøne rom er reine soner der ein bare skal nytte garden sitt fottøy og klede.

Illustrasjon artikkel birom innvendig

 

Figur 1. Biromsavdeling plassert innafor fjøset sine vegger gir mindre fleksibilitet til å endre arealet bak robot, og det vert vanskelegare å få til gode løysingar for nye funksjonar og behov. Illustrasjon Torfinn Nærland, TINE Rådgiving

 

Illustrasjon artikkel birom utvendig

Figur 2. Lausdriftsfjøs med eit oversikteleg husdyrrom som ein lang firkant, med reine linjer utan krikar og krokar. Plassering av biromsavdelinga gir fleksibel bruk av arealet bak robot, utan stengsler og innsnevringar. Ved behov for å utvide fjøset i lengderetning, kan me bak robot bruke arealet til ynskja dyregrupper og føremål. Illustrasjon Torfinn Nærland, TINE Rådgiving