Hopp til innholdet

Planlegg tidlig og fyll kvota

Publisert:
av Ingunn Schei Fagspesialist fôring
Omriss av en person
av Ingunn Schei
Fagspesialist fôring

Forholdstalet har auka til rekordhøge 1,07 i 2021. Det vil sei at har du ei kvote på 100 000 liter kan du no levere 107 000 liter. Det utgjer nesten produksjonen til ei gjennomsnittsku, eller 20 kg ekstra per dag resten av året. Greier du å fylle kvoten vil det gi deg ekstra inntekter i år.

Kunsten er å starte planlegginga tidleg. Bruk TINE Mjølkeprognose for å få ei oversikt over korleis det ligg an hos deg. Ta gjerne kontakt med rådgjevar for å få hjelp.

Nedanfor er nokre små tips som kan vurderast:

  • Sjekk dyrestatus. Har du ledig plass i fjøset så kan det vere aktuelt å få tak i ei ekstra ku dersom det er dyr til salgs. Muleg rådgjevar har tips om kven som kan ha kyr til salgs. Har du friske kyr til overs så er det viktig at disse ikkje blir solgt til slakt. Det er stort behov for livdyr i marknaden.
  • Hold på kyr som er tenkt slakta og som kan produsere mjølk lengst mogleg.
  • Kan det vere aktuelt å auke avdråtten hos kyr etter kalving? Det er mange som har mykje grovfôr og vil nytte det best mogleg. Då kan det vere aktuelt med eit kraftfôr som er berekna til å gi god avdrått med høgt energiinnhald og proteininnhald. Har du lite grovfôr så kan auka fiberrikt kraftfôr vere aktuelt. Med auka kraftfôr er det viktig å passe på vombelastninga.
  • Kyr med bra produksjon kan om mogleg ha kortare sinperiode enn det som er vanleg (8 veker). Sinperiode ned på 5-6 veker går greit dersom kua er i passe hold og elles frisk.
  • Kalvane kan få noko av mjølka som mjølkeerstatning. Mjølkeerstatninga kostar litt, men mindre enn det du får på mjølkeprisen. Få hjelp av rådgjevar om mengde og strategi for å sikre tilvekst og helse hos kalvane.

Signala for 2022 er også positive, så framtidsplanane bør tilseie at det er lurt å inseminere så ein har kyr nok for produksjonen også i 2022.