Hopp til innholdet

Nye avlsmetodar kan betre økonomien

Publisert:

Fagleg og tekno­logisk utvikling har ført til stadig nye metodar innan avl. Avlen blir meir treffsikker og gjev raskare effekt. Me har sett på korleis nokre av desse metodane kan brukast til å betre økonomien

Av: Helge Øksendal, Økonomirådgiver i TINE og Svein-Egil Skartveit,  Fagleder Avl i TINE.

Kan god avlsplanlegging påverka noko på botnlinja? Ja, vil me meina. Ein tradisjonell avlsplan tar utgangspunkt i at alle bedekningar gjev ei kvige som skal bli ei betre ku enn mora. Så blir halvparten av desse ein oksekalv som blir seld til liv eller satt på til slakt.

Frå avlsplan til produksjons­plan

Tanken er å vri fokuset til kalven (produktet av planen). Kva skal kalven brukast til?

Då går avlsplanen frå å være ein rein avlsplan til å også bli ein ­produksjonsplan. Ein kan ta inn bruksdyrkryssing. Me tar utgangspunkt i dei tre rasane som er mest aktuelle, Aberdeen Angus, ­Charolais og Limousin. Angus fordi den er veldig gunstig i sluttmarknaden grunna avtalen med Meny. Charolais og Limousin fordi dei gjev særs gode slakt (tilvekst, klasse og lite feitt) kryssa inn i melkeku­buskapen. På sikt blir det også muleg å få kjønnsseparerte hansæd/y-­celler frå alle tre rasane. Tyr har målsetting om å ha y-sæd av kjøttfe tilgjengeleg i løpet av året, og Geno har ambisjoner om prøveproduksjon i løpet av vinteren på kjønnsseparerings­laboratoriet på Store Ree i desember.

Bruksdyrkryssing kombinerast med kjønnsseparert sæd (REDX™) på dei beste kvigene og førstekalvskyr, slik at ein har nok kviger av melkerase. Resten ­brukar ein kjøttfesæd på (hansæd/­y-­celler når det vert ­tilgjengeleg). I dag har me over­produksjon av kviger tenkt til melkekyr. Melkevotane skal ned, men fjøsplassen er like stor. ­Korleis kan ein utnytte denne plassen?

Nortura ønsker meir storfekjøtt i første halvår, mens Tine ønsker meir sommarmelk.

Me må i større grad enn no ­produsere rett mengde og rett kvalitet til rett tid til sluttmark­naden.

Dra med seg både sommarmelk og høg kjøtpris før St. Hans?

Vel ein Angus, må den slaktast før 18 månaders alder og slaktevekt over 260 kg for å få ut ­avtaletillegget. Det vil seie slakte­klar mellom 15 og 18 månaders alder og født mellom august og februar for å bli slakta til høgast pris. Avtalen gjeld berre for utvalde veker i året. Desse vekene får ein informasjon om frå slakteriet. Kyrne som skal føde desse kalvane bør inseminerast i tida november til mai. Brukar ein kjønnsseparert sæd på kvigene og inseminerer slik at dei kalvar på våren, tar ein med seg ein høgare melkepris. Kvigekalvane ein får vil vidare passe godt inn i dette opplegget. Det er veldig viktig å ta GS-test på alle kvigekalvar slik at ein brukar dei beste dyra til å produsere neste generasjon melkekyr.

Bruk av vanleg sæd

Brukar ein vanleg sæd, både til rekruttering av melkekyr og bruksdyrkryssing, må ein ha fleire fødslar for å få nok kviger til ­melke­­produksjonen. Tal kviger vil variere frå gard til gard. Antall fødte ­kalver pr.årsku, FS-tall og ­haldbarheita på kyrne er viktige parametre.

Charolais- og Limousin-krysningar kan slaktast ved høgare alder utan feittrekk. Ein har større vindu for når på året dei kan vere født. Om alle oksekalvar blir seld, vil ein også ta del i verdiauken gjennom ein høgare livdyrpris.

Om ein ikkje brukar kjønnsseparert sæd, så vil ein få ein del ­krysningskviger. Desse kan følge dei andre kvigene, bli inseminert med Angus og kalve i sommar­halvåret. Dei går med kalven og vert slakta etter 1. oktober, ei såkalla «eingongsammeku». Ein tar då med seg eit ammekutilskott, får nytta beite og dermed beitetilskott. Har kua angusfar, kjem den i angusavtalen. Forutsett at den slaktast før 33 månaders alder.

Opplegget krev god og langsiktig planlegging samt avtale med slakteriet.

Reknedøme

Vi har laga reknedøme for nokre av mulegheitene oppom. Vi har avgrensa oss til rasane NRF og Aberdeen Angus og sett på bruksdyrkryssing med vanleg sæd og kjønnsseparert sæd.

For å ta omsyn til flest mogleg nyansar i berekningane, har vi bruka verktyet Tine Produksjonsplan ØRT.

Alternativ 1

Vi har i alternativ 1 teke utgangspunkt i ein rein NRF-buskap med bruk av vanleg NRF-sæd på alle hodyr. Bruket ligg i sone 2 for kjøt, sone C for mjølk og sone 5A for arealtilskott. Kvote på 225 000 liter blir levert, med ein melkepris medrekna etterbetaling (utan distriktstilskott) på kr 5,50 per liter. Det blir levert 8,6 tonn kjøt og seld 5 drektige kviger per år. Grovfôrgrunnlaget er 260 dekar fulldyrka à 555 FEm per dekar og 130 dekar innmarksbeite à 245 FEm per dekar. I tillegg er det ein del utmark som kan beitast.

Det er 30 årskyr med 36 kalvingar jamt fordelt på året. Det er 87 dyr i alt og god utnytting av fjøsplassen. Kvigene kalvar ved 24,5 månaders alder. Meierileveransen er 7 500 liter per årsku. Oksane blir slakta 17 månader gamle og 315 kg i slaktevekt.

Alternativ 2

I alternativ 2 er det brukt berre kjønnsseparert sæd. Ein har brukt REDX™ (NRF-sæd som gjev avkom av berre hokjønn) på så mange kyr og kviger som trengs for å få nok kvigekalvar. I denne buskapen utgjer det tredjedelen av alle bedekningar. Til dei resterande to tredjedelar av bedekningane, blir det brukt kjønnsseparert Angus-sæd som berre gjev oksekalvar. Avlsopplegget fører til betre kyr og mindre utskifting.

Det er teke omsyn til moderat auke i omløp, kortare drektigheit for Angus, ulike doseprisar, mindre avhorning då Angus er 100 prosent kolla.

Det blir ikkje overskott av kviger som kan seljast til liv. Angus har svært lite kalvingsvanskar og daudfødslar, nett som NRF. Også her er det 30 årskyr, heilårskalving og i sum 87 dyr i buskapen. Krysningsoksane (NRF/Angus) blir fôra til 310 kg på 17 månader – om lag som NRF-oksane i utgangspunktet – men oppnår tillegg etter Angusavtalen og vesentleg høgare avrekningspris.

Dekningsbidraget aukar med kr 71 000,- i høve til utgangspunktet. Om vi gjennom redusert avdrått og kraftfôrforbruk, senker meierileveransen frå 225 000 til 206 000 liter, blir dekningsbidraget likt med utgangspunktet. Avlstiltaka kompenserer eit tap tilsvarande 92 prosent kvotefylling!

Alternativ 3

I alternativ 3 er det bruksdyrkryssing, men utan bruk av kjønnsseparert sæd. Det blir brukt angus-sæd på 12 hodyr. Dette gjev seks anguskrysningskviger per år. Fire av desse blir brukt til amming på  utmarksbeite. Dei må altså vere vårbære. Desse blir slakta om hausten. Dei to andre krysningskvigene og seks krysningsoksane blir oppdretta til slakt på 22 og 17 månader.

Det er i alt 37 kalvingar. Av desse er 25 rein NRF og 12-13 av desse er kviger. Held ein utom krysningskyrne, er det 27,5 årskyr. Leveransen blir 8 200 liter per årsku.

Driftsopplegget gjev like mange dyr i innefôringssesongen men meir dyr i beitesesongen. Det blir fleire dyr og fleire slakt. Ein får utnytta utmarksbeite og får meir tilskott. Driftsopplegget gjev 12 NRF-/angus-slakt per år (4 ungkyr, 2 kviger og 6 oksar) som alle får tillegg etter Angusavtalen.

Dekningsbidraget aukar med kr 43 000 i høve til utgangspunktet. Om vi gjennom redusert avdrått og kraftfôrforbruk, senker meierileveransen frå 225 000 til 213 000 liter, blir dekningsbidraget likt med utgangspunktet. Avlstiltaka kompenserer eit tap tilsvarande 95 kvotefylling.

 Tabell reknedøme

Alle kan nyttegjere seg mulegheitene oppom, i noko grad. Kor mykje ein har å hente, vil variere.  Svaret ligg i skjeringspunktet mellom eigne ambisjonar, avl, økonomi og tilhøva på garden.

Ein kan elles få god hjelp av rådgjevar til å diskutere, kartlegge, rekne og planlegge.

Fakta om Angusavtalen 2019

  • Kr 4,50 i tillegg for alle dyr med minimum 50 prosent Angus (far må være 100 prosent Angus)
  • Minimum klasse O og fettgruppe 2+. Anguskrysningar oppnår elles betre klassifisering enn rein NRF. 
  • Gjelder alle kategorier unntatt ku og kalv
  • Ytterligere kr 3 forutsatt krav til vekt, alder og fettgruppe (Ung okse 260,1 kg – 360 kg, maks 18 måneder og fettgruppe 3- til og med 5+)
  • Begge tillegg forutsetter innmelding av slakt i definerte slakteuker og avtale med slakteriet
  • Kontakt Nortura for ytterligere informasjon