Hopp til innholdet

Normal kalving

Publisert:
av Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær TINE Rådgiving
Omriss av en person
av Randi Therese Garmo
Spesialrådgiver/ veterinær TINE Rådgiving

God kjennskap til kva som er normalt under kalving er viktig for å vita når du skal søkje hjelp hjå veterinær. Denne artikkelen tek for seg hormonforandringar som ei førbuing til fødsel, kva slags teikn ein skal sjå etter hjå kua og kor lang tid ei normal kalving vanlegvis tek.

Førebuing til kalving, forandringar i hormonproduksjon

Omstilling frå livet i børen til eit liv utanfor er stor for kalven slik at det må skje ei modning i diverse organsystem før kalven er klar for livet utanfor livmora. Blant anna må lunger og fordøyelsesystemet vera klargjort for gassutveksling og næringsopptak, samt at kalven må vera i stand til å regulere temperaturen sjølv da det som kjent er konstant temperatur i livmora. Kalven må også ha nok glykogenreserver til å koma seg på beina og fram til juret for å kunne suge råmjølk. Naturleg nok er det diverse hormonelle endringar som fører til modning av lunger og fordøyelsesystem som også startar fødselen, men det er fosteret sjølv som har den overordna kontrollen for når fødselen skal starte. Det er noko uklart korleis kalven greier å signalisere at han vil bli født, men ein veit at hypothalamus i hjernen hjå kalven gjev signal til binyrene slik at desse veks og produserer kortisol. Når kalven produserar mykje kortisol påvirkar dette morkaka slik at østrogen-nivået aukar. Østrogen gjev ei oppbløtning av livmorhalsen og nedslepping av kalvingssena i tillegg til auka slimproduksjon slik at det er klart for fødsel. Produksjonen av oxytocin aukar hyppigheiten av samantrekningane (veer) i børen slik at kalven blir driven ut gjennom bekkenet. 

Normal kalving

Den gjennomsnittlege drektigheitslengda på NRF-kyr er 280. Generelt går kviger 2 dagar kortare enn kyr og oksekalvar blir født ein dag seinare enn kukalvar. Årstid, temperatur og tvilling kan au påvirke. Dersom ein kryssar NRF med kjøttfe, auker drektigheitslengda avhengig av farrase med unntak av Aberdeen Angus: Hereford +2 d, Tiroler Grauvieh +4 d, Charolais og Simmental +6 d, Galloway +8 d og  Limousin +10 d. Når kua nærmar seg kalving vil kalvingssena ”sleppes ned” slik at det blir ei fordjupning på kvar side av halerota og kua vil kalve i løpet av nokre dagar. Ein ser også at kjønnsleppene er hovne på grunn av ødem. Dei siste dagane/dagen kan ein også sjå at det heng seigt slim frå skjeden, men mengda kan variere frå ku til ku. Temperaturen kan gå ned 0,5-1 °C. Jurfylling kan skje 7-14 d før kalving.

Sjølv om fødselen er ein kontinuerleg prosess er det vanleg å dele den i 3 stadiar: Opningsstadiet, utpressingsstadiet og etterbyrdsstadiet.

Opningsstadiet

Opningsstadiet (blokkinga) varer frå nokre timar opptil eit halvt døgn. Særleg kviger og yngre kyr viser tydeleg ubehag og smerte slik som å stå og trakke, slå med halen, kul på ryggen og at kua ”truer” seg. Matlysta er i behald mellom veene som kjem med eit kvarters mellomrom. I opningstadiet er det spontane veer i børen som pressar opp livmorhalsen og ”lyfter” kalven mot bekkenet.

Utpressingsstadiet

Under sjølve utpressinga kjem veeane hyppigare og kalven retter seg opp slik at frambeina og hovudet blir pressa gjennom bekkenet. Kua vil nå ofte legge seg og vasskalven (allantois) kjem til syne som ein blåaktig ballong med væske i. Vasskalven rivnar lett slik at gulaktig fostervæske renn ut. Ganske ofte kan vasskalven rivne inne i fødselsvegen slik at ein ikkje ser den blåaktige ballongen. Ved normal fødsel går det kort tid frå ein ser vasskalven til fosterdelar kjem til syne. Fosterdelane er omslutta av ei kvit hinne (amnion) som inneheld ei tjuktflytande glatt væske. Hinna rivnar når kalven er på tur ut. Det er bukpressa i tillegg til veeane i livmora som pressar kalven ut. Ein ser fyrst i klauvane på frambeina med hovudet liggande oppe på pipene. Det tek lengst tid å få hovudet ut gjennom fødselsvegen og når det fyrst er ute går det vanlegvis raskt å få ut bakparten så sant den ikkje blir sittande fast i bekkenet. Heile utpressinga tek vanlegvis frå 30 min til eit par timar. Men dersom kalven er stor og kua ikkje får hjelp vil det ta lengre tid. Kviger bruker også lengre tid enn eldre kyr.

Etterbyrdsstadiet

Etter kalving heng fosterhinnnene (etterbyrden) igjen i fødselsvegen. Etterbyrden løsnar som oftast før det er gått 6 timar etter kalving. Mange kyr et opp etterbyrden dersom dei får anledning til det.