I haust gjennomførte TINE ei spørjeundersøking om framtidsplanane blant medlemmene. Planen er å gjennomføre ei liknande undersøking kvart år framover. Det kom inn til saman 922 svar som ga ein svarprosent på 32.
Fordelinga blant respondentane samsvara bra med den geografiske fordelinga av alle mjølkeprodusentar i TINE. Til saman 41% hadde båsfjøs og resten lausdrift eller ein kombinasjon.Om lag halvparten hadde mjølkerobot eller planla for robot, og 9% var i samdrift. Halvdelen hadde mjølkekvote under 200.000 liter. Alderen var i middel 49 år, 18% kvinner og 96% dreiv konvensjonelt.
Planar dei komande fem åra
På spørsmål om planar for produksjonen dei komande fem åra utgjer gruppene som ville halde fram som før og dei som ønskte å auke produksjonen 65.4%, sjå figur 1. Til saman 11.3% ville avvikle, og andelen som ville avvikle var høgast i Innlandet, i tidlegare Troms fylke og i Agder, og lågast i Rogaland og i Trøndelag. Vi legg til at i Agder var det berre fem som svara. Blant dei som ville avvikle hadde om lag ein tredel kvote mindre enn 99 999 liter, men òg i gruppa 100 000 til 149 999 liter var andelen høg, med knapt ein firedel. Til saman utgjer desse to gruppene meir enn ein tredel av medlemmene i TINE (36.6%). Om lag to tredeler av dei som ville avvikle hadde båsfjøs. På topp blant årsaker til å avvikle kom dårleg økonomi, deretter kravet om fødebinge, ingen til å overta drifta, og for lite tid til familie, vener og aktivitetar utanfor garden.
Andelen blant dei 18.3% som ville auke produksjonen var høgast i Rogaland, Trøndelag, Vestland og Agder, og i storleiksgruppene 150 000 til 299 999 liter. Flesteparten av dei som ville auke hadde mjølkerobot, og i denne gruppa er det truleg ein del bruk som nyleg har bygd ut. Vi legg til at svara for Agder gjeld berre 8 medlemmer. Blant dei som ville auke produksjonen var det 50 medlemmer med båsfjøs som har planar om å byggje om til lausdrift. Høgast andel av dei som ville redusere produksjonen var det blant dei som hadde kvote over 400.000 liter, og om lag to tredeler hadde robot. Dei viktigaste årsakene til å redusere var dårleg økonomi og for lite tid til familie, vener og aktivitetar utanfor garden. Blant dei som var usikre var andelen høgast i storleiksgruppa 100 000 til 149 999 liter, med gruppa 50 000 til 99 999 liter som nummer to. Om lag fire femdeler av dei usikre hadde konvensjonell mjølking og knapt 62% båsfjøs.
Planar fem til ti år fram i tid
Vi spurde dei som ikkje har tenkt å avvikle dei komande fem åra om planane for produksjonen fem til ti år fram i tid, sjå figur 2. Til saman 72.6 % rekna det som mykje eller svært sannsynleg at dei vil produsere mjølk også om fem til ti år, medan 21.5 % var usikre. Resten rekna det som ganske eller heilt usannsynleg at dei ville produsere mjølk om fem til ti år, og av desse hadde 1/3 kvote mindre enn 150.000 liter.
Båsfjøs og lausdriftskravet
Vi spurde dei som hadde båsfjøs kor sannsynleg det er at dei vil halde fram etter 2034. Om lag ein tredel rekna det som ganske eller heilt usannsynleg at dei vil halde fram etter 2034, medan andelen usikre var 29.1 %. Blant dei med båsfjøs er såleis usikkerheita om framtida stor. Dei resterande 38.4 % rekna det som svært sannsynleg eller mykje sannsynleg at dei vil halde fram òg etter 2034. Usikkerheita er størst blant produsentane i Vestland, Trøndelag, Nordland, Innlandet og Agder, og minst i dei sentrale områda på Austlandet. Høgast andel av dei som reknar det heilt eller mest usannsynleg å halde fram etter 2034 fann vi i Troms.
I kommentarfeltet kom det mange klager på dårleg økonomi i mjølkeproduksjonen, gjerne i kombinasjon med diverse krav. Fleire ga òg uttrykk for at TINE må gjere meir for å auke mjølkeprisen.
Oppsummering
Knapt to tredeler av mjølkeprodusentane vil auke produksjonen eller fortsette som før dei komande fem åra, medan 17 % ønskjer å redusere eller avvikle. Viktige årsaker til å avvikle eller redusere er dårleg økonomi, kravet om fødebinge, ingen til å overta drifta, og for lite tid til familie, vener og aktivitetar utanfor garden. Vi ser ein tendens til at dei fylka som tradisjonelt har høgast produksjon t.d. Trøndelag og Rogaland vil auke sin andel av totalproduksjonen. For produsentar med båsfjøs er det stor usikkerheit knytt til lausdriftskravet i 2034. Takk til alle som tok seg tid til å svare!