Som i fjor i september gjennomførte TINE ei ny spørjeundersøking om framtidsplanane på same tid i haust. Til saman 1113 produsentar svara, ein svarprosent på 36. Fordelinga blant dei som svara samsvarar bra med den geografiske fordelinga av alle mjølkeprodusentar i TINE.
Alder på produsentane er i middel 47 år, 18 % er kvinner og 96 % driv konvensjonelt. Til saman 39 % har båsfjøs og resten lausdrift eller ein kombinasjon, og om lag halvparten har mjølkerobot. Flest produsentar finn vi i storleiksgruppene 100.000 til 149.999 liter og 200.000 til 299.000 liter.
Planar dei komande fem åra
På spørsmål om planar for produksjonen dei komande fem åra er svarfordelinga om lag som i fjor, sjå figur 1. Den største skilnaden er at andelen usikre er litt lågare i år. Til saman utgjer gruppene som vil halde fram som før og dei som ønskjer å auke produksjonen knapt to tredeler. Andelen som vil avvikle er høgast i tidlegare Troms fylke og i Møre og Romsdal, samt i tidlegare Akershus fylke, og lågast i Trøndelag samt i dei tidlegare fylka Vestfold og Telemark. I Akershus var det berre 19 som svara totalt på grunn av at det er få mjølkeprodusentar i fylket, og tilsvarande var totalt tal svar i Vestfold og Telemark høvesvis 5 og 4. Dei som vil avvikle er i middel 52.2 år. Andelen som vil avvikle er om lag ein tredel i gruppa med kvote mindre enn 99 999 liter, men òg i gruppa 100 000 til 149 999 liter er andelen høg, 28.5%, som er ein auke frå i fjor. Til saman utgjer desse to storleiksgruppene 61.4 prosent. Totalt 63.5% av dei som vil avvikle har båsfjøs. Dårleg økonomi kjem høgt på lista over årsaker til å avvikle.
Andelen som vil auke produksjonen er høgast i Trøndelag, Agder, og i dei tidlegare fylka Troms, Finnmark og Buskerud. I tidlegare Finnmark fylke var det berre 14 som svara på grunn av at det er få produsentar totalt i fylket. I Rogaland er andelen som vil auke lågare enn i fjor. Høgast andel av dei som vil auke finn vi i storleiksgruppene 150 000 til 299 999 liter. Om lag 56% av dei har mjølkerobot, og om lag to tredeler har lausdrift. Middelalderen blant dei som vil auke er 41.4 år, klart lågare enn middelen for alle som har svart.
Høgast andel produsentar som vil redusere produksjonen finn vi i gruppa med kvote over 300.000 liter, medan andelen i fjor var høgast blant produsentar med kvote over 400.000 liter. Om lag to tredeler har robot, og viktige årsaker til å redusere produksjonen er dårleg økonomi og for lite tid til familie, vener og aktivitetar utanfor garden. Andelen usikre er høgast i Agder og tidlegare Østfold fylke, og nokolunde jamt fordelt i dei andre fylka. I Østfold var det berre 14 som svara totalt. Høgast andel usikre finn vi blant produsentar med kvote under 150.000 liter, men òg i gruppa 150.000 til 199.000 liter er andelen høg. Knapt fire femdeler av dei usikre har konvensjonell mjølking og om lag 64% har båsfjøs.
2022
2023
Figur 1. Planar for produksjonen dei komande fem åra. Tal medlemmer som har svara i dei ulike kategoriane står på toppen av kvar søyle, og andelen i kvar kategori rekna i prosent av alle som har svara i det lyseblå feltet under.
Båsfjøs og lausdriftskravet
Vi spurde dei som har båsfjøs kor sannsynleg det er at dei vil halde fram etter 2034. Fleire enn i fjor, totalt 37.4%, reknar det som ganske eller heilt usannsynleg at dei vil halde fram etter 2034. Andelen usikre har òg auka og er 31.3%. Dei resterande 31.3 % reknar det som svært sannsynleg eller mykje sannsynleg at dei vil halde fram etter 2034, som er 7.1 prosentpoeng færre enn i fjor.
I kommentarfeltet er det mange som klagar over dårleg økonomi og manglande samsvar mellom arbeidsinnsats og lønsemd, særleg blant dei som vil avvikle. Blant dei som vil redusere produksjonen nemner fleire òg at dei ønskjer å redusere arbeidsmengda, t.d. ved å slutte å leige kvote og drive meir i samsvar med garden sitt ressursgrunnlag. Blant dei usikre er det fleire som tenkjer på å byggje om til lausdrift, men dei er i tvil om økonomien tillèt det. Likeeins er nokon usikre på om økonomien er god nok til at neste generasjon vil overta.
Oppsummering
Knapt to tredeler av mjølkeprodusentane ønskjer å auke produksjonen eller fortsette som før dei komande fem åra, medan 20,3 % ønskjer å redusere eller avvikle. Tala er om lag uendra i høve til i 2022. Som i fjor er dårleg økonomi ei viktig årsak til å avvikle. Blant produsentar med båsfjøs har andelen som mest sannsynleg vil avvikle etter 2034 auka til 37.4%.
Takk til alle som tok seg tid til å svare!