Hopp til innholdet

Lønsemda på bruk med og utan mjølkerobot

Publisert:
av Bjørn Gunnar Hansen Fagspesialist økonomi
Omriss av en person
av Bjørn Gunnar Hansen
Fagspesialist økonomi

To studentar ved Norges Handelshøgskole, Jonas Høva og Hans Olav Aas Herje har skrive masteroppgåve i samarbeid med TINE. I oppgåva samanlikna dei lønsemda på bruk med robot og bruk med andre mjølkesystem. Dei fann at mjølkerobot er lønsamt frå 35-40 kyr og oppover.

Grunnlaget for analysen var 1920 bruk som var med i Mjølkonomi i rekneskapsåra 2014 og 2015, og av desse hadde 632 mjølkerobot. I tillegg supplerte dei med data frå Husdyrkontrollen. I Mjølkonomi har vi tal for driftsgreina mjølkeku utan å ta med inntekter og kostnader med kvigeoppdrett, kjøtproduksjon på okse/ammeku og grovfòrproduksjon. 

I analysen brukte dei berre tal frå driftsgreina mjølkeku. Tal kyr på robotbruka var i middel 49, mot 25,5 på bruka utan robot. Om lag ein tredel av robotbruka var i samdrift, mot åtte prosent av dei andre bruka. Halvparten av robotbruka hadde investert i robot for tre år sidan eller mindre. Til samanlikning var det i middel 19,5 år sidan bruka med andre mjølkesystem investerte. 

For å utlikne desse skilnadene vekta studentane bruka ut frå storleik og tid sidan investering i mjølkesystem. Figur 1 syner avvika i lønsemd for robotbruka samanlikna med andre bruk av tilsvarande storleik.  

 Lønsemda på bruk med og uten mjølkerobot
Figur 1. Skilnad i resultat før avskrivingar i driftsgreina mjølkeku for bruk med robot (AMS) jamført med andre bruk (KMS). Den raude null- lina er resultatet før avskrivingar på bruk utan robot med tilsvarande storleik.

Mjølkerobot lønsamt frå 35–40 kyr 

Driftsresultat mjølkeku, som tilsvarar resultat før avskrivingar i denne driftsgreina, er alle produktinntekter minus alle produksjonsavhengige kostnader. I produktinntekter er alle tilskott inkluderte. Med produksjonsavhengige kostnader mener vi summen av variable kostnader og den delen av dei faste kostnadene som varierer med produksjonsomfanget. 

Den blå lina i Figur 1 er robotbruk som har investert i robot for fire år sidan eller mindre. Lina kryssar 0-lina ved om lag 45 årskyr. Det vil seie at ved 45 årskyr er resultatet før avskrivingar på robotbruka om lag likt som på eit jamstort bruk utan robot. Den raude lina syner tilsvarande tal for bruk som har investert i robot for meir enn fire år sidan. Då kjem skjeringspunktet tidlegare, ved om lag 35 årskyr. I eit anna alternativ såg studentane på resultat etter avskrivingar på teknisk inventar. Då kryssar den blå lina 0-lina ved 50 kyr, medan den raude lina kryssar 0-lina ved om lag 40 kyr. Ei viktig forklaring er at roboten ofte vert avskriven med åtte til ti prosent, noko som kan utgjere store beløp, særleg dei første åra. Om vi hadde hatt tilgang til tal arbeidde timar på bruket ville dette sjølvsagt kunne endra resultata. 

Høgare inntekter pr årsku

Studentane fann òg at robotbruka har høgare inntekter pr. årsku, på grunn av 616 kg høgare avdrått. Mjølka frå robotbruka har lågare feitt- og proteininnhald, slik at skilnaden i energikorrigert mjølk vert 437 kilo. Skilnaden i tørrstoffinnhald i mjølka mellom robotbruka og dei andre bruka vert borte etter fire år. 

Dei ulike kostnadene

Robotbruka har høgare kostnader med innkjøp av livdyr, forbruksartiklar og tenester i husdyrproduksjonen. Med produksjonsavhengige faste kostnader meiner vi løn, leige av mjølkekvote, vedlikehald og avskrivingar på teknisk inventar, og vasskostnader. Teknisk inventar er t.d. mjølkesystem, utgjødslingssystem, fôringsautomatar osv. På dei minste bruka er kostnadene med løn og leige av kvote høgast på robotbruka, medan på dei største bruka er kostnadene høgast på bruk utan robot. Robotbruka har høgast kostnader med vedlikehald og avskrivingar av teknisk utstyr, og høgast vasskostnader, og skilnadene i høve til andre bruk aukar med storleiken.  

Heile oppgåva kan du lese her.