Hopp til innholdet

Kviger - tilpass fôringa fram til kalving

Publisert:
av Ingunn Schei Fagspesialist fôring
Omriss av en person
av Ingunn Schei
Fagspesialist fôring

Nye normer for fôropptak viser at kvigene kan ete meir enn vi har trudd. Dette legg grunnlag for god utnytting av grovfôret, men pass på at kvigene ikkje blir for feite. Det kan fort skje dersom dei har fri tilgang på godt grovfôr.

Nye fôropptaksnormer

Optifor Ungdyr har vore ute av drift ei stund fordi vi ikkje hadde fått implementert dei nye vekstfunksjonane som var nødvendig då NorFor fikk nye opptaksnormer for kviger og oksar. Vekstkurvene og nye normer er på plass og systemet skal no vere endå betre enn før :o)

Tidligare har berekning av fôropptaket vore likt for mjølke- og kjøttrasar. Med fleire nye forsøksdata har vi fått eit større datagrunnlag for begge grupper, og det viser at det er behov for å differensiere fôropptaket mellom dei to rasetypane. Det store kvigeforsøket som har gått på NMBU over fleire år utgjer ein stor del av datagrunnlaget og revideringa skulle dermed passe godt til våre NRF-dyr.

 

Høgare fôropptak

Den nye opptakskapasiteten viser at kviger av mjølkerase (t.d. NRF) kan ete meir enn tidlegare berekna, og det gir seg spesielt utslag til eldre kvigene blir og fôropptaket aukar (Figur 1). I praksis inneber det at optimeringa vil gi høgare grovfôropptak og lågare mengder kraftfôr enn tidlegare. Dette skulle tilseie at dersom ein har nok fôr bør ein utnytte grovfôrkapasiteten til kvigene og heller spare på kraftfôret.  Tilpassing av kraftfôr ut frå kjennskap til grovfôrkvaliteten gjennom analyser er uansett viktig for god produksjonsøkonomi.

 Figur 1- NRF kvige 560kg på 24 mnd                      

Figur 1. Ny (gul farge) og gammal (grå farge) opptakskapasitet, tilvekst og levandevekt i forhold til alder på kviga.

 

Unngå feite kviger!

Rådgjevarane registrerer at det er mykje feite kviger rundt om. Det stemmer med det vi ser av fettklassifisering på slakta kviger. Sjølv om slaktealderen er omtrent som før så er det fleire kviger i dei høgaste feittklassane enn tidlegare. Feite kviger er ikkje bra og er ikkje ønskeleg verken på levande eller slakta dyr. Feite dyr vil ha eit lågare fôropptak, redusert avdrått og vil kunne mobilisere meir av kroppsfeittet som igjen gir auka fare for sjukdom og dårleg fruktbarheit. Sterkare fôring for å få større kviger ved kalving har vore i fokus dei siste åra, men kanskje har det vore for lite trykk på at ein må bremse opp etter inseminering?

 

Endre strategi etter inseminering

Evna til å vekse og auke i muskelmasse avtek til eldre kvigene blir. Figur 1 viser at tilveksten går ned frå over 700 til ca. 400 g/dag i tida frå inseminering ved 400 kg (15 mnd) og fram mot kalving. Samtidig aukar fôropptaket, så dersom ein ikkje endrar strategi etter inseminering blir kvigene fort feite. I stadenfor å gi stor energiforsyning bør det leggast vekt på å at kvigene skal utvikle ei stor vom og god vomfunksjon gjennom strukturrikt fôr i denne tida. Stor vom og riktig hold ved kalving er oppskrifta for å få ei god mjølkeku.

 

Strukturrikt fôr

Med strukturrikt grovfôr får kvigene i seg mindre energi og kan fortsatt ete seg mette utan å bli feite. Stive strå i grovfôret gjer at vomma strekkast og blir større. Stor vom gir større fôropptak, større overflate og auka kapasitet til å ta opp næringsstoff gjennom vomveggen. Høgt grovfôropptak og god fôrutnytting reduserer behovet for kraftfôr, og det gir gevinst både på økonomien, helse og miljø.

 

Mengder kraftfôr og grovfôr

Figur 2 viser mengder kraftfôr som er berekna når det er brukt grovfôr med låg fordøyelegheit og energiverdi på 5,6 MJ/kg tørrstoff (kode 463 i fôrtabellen) til kviger som skal kalve 24 månader gamle og vege 560 kg ved kalving basert på at kviga skal utnytte opptakskapasiteten sin. Figuren viser at etter drektighet frå ca. 450 dagars alder (ca. 400 kg) har kvigene ikkje behov for kraftfôr med denne kvaliteten før siste tida før kalving. Sjølv med denne grovfôrkvaliteten så ligg disse kvigene i positiv energibalanse i heile denne tida og har såleis muligheit å legge på seg. Det betyr at ein skal vere nøye med kva energiinnhald det er i grovfôret kvigene får tildelt.

Disse berekningane tek utgangspunkt i standard vekstkurve der ein har kontroll på fôring og tilvekst, men slik er det jo ikkje alltid i praksis. Kviger på beite får ofte ein knekk i tilveksten og må ha kompensasjon etter at dei kjem inn. I tillegg kan det vere at kvigene realiteten ikkje får appetitt-fôring, eller dei får «rask» frå kyrne. Slike forhold er det også viktig å ha kontroll på når ein skal sette opp fôrplanar. Vi vil komme tilbake med eksempel på fôrplanar i ein annan artikkel.

Figur 2 - Kvige 560kg på 24 månader

Figur 2. Grovfôrkvalitet låg fordøyelegheit (fôrkode 463). Mengde kraftfôr (orange søyler) og grovfôr (blå linje) ved ulik alder og kroppsvekt (grå linje) for kvige som skal kalve ved 24 månaders alder og vege 560 kg og full utnyttelse av opptakskapasiteten.

 

La ikkje kvigene få mjølkekufôr

Med den nye opptakskapasiteten ser vi at kvigene kan ete mykje grovfôr. Dersom dei får fri tilgang på høgt fordøyeleg grovfôr vil kviga kunne ta opp mykje meir enn det den har behov for til vekst. Berekningar i Optifor viser at dersom energikonsentrasjonen er på 6,0 MJ/kg TS vil det kunne gi ei overfôring på godt over 20 % med berre bruk av grovfôr. Grovfôr med så høg energiverdi bør difor ikkje bli gitt til kviger med fri appetitt. Dersom det ikkje er andre grovfôrkvalitetar på garden så kan eit alternativ vere å blande inn halm. Bruk rådgjevarane til å lage fôrplanar tilpasse grovfôrkvaliteten på den enkelte gard.

 

Ikkje gløym mineralar

Grovfôret inneheld svært variabel mengde mineral, både makro- og mikromineral. Det er difor viktig at alle dyr som ikkje får kraftfôr får tilskot av mineral.