Hopp til innholdet
Pga omlegging av nettverks infrastruktur vil medlem.tine være nede fra lørdag 31.10 kl 1600 til søndag 01.11 kl 0900 ca.

Kva kan vi lære av fjorårets grashausting?

Publisert:
av Ingunn Schei Fagspesialist fôring
Omriss av en person
av Ingunn Schei
Fagspesialist fôring

Om lag 75 % av fôrprøvene på 1.slåtten i fjor har energiverdi under 6,3 MJ/kg tørrstoff. Det tyder på at mange har mykje å hente på å produsere eit betre grovfôr!

Det er snart tid for planlegging av neste års grovfôrgrunnlag. Høgt grovfôropptak er ein føresetnad for å oppnå høg avdrått, og bør generelt vere eit mål hos alle som har rikeleg tilgang på eigenprodusert grovfôr. Kor mykje surfôr dyra et er avhengig av næringsinnhaldet i det innhausta graset, og at konserveringa av graset har ført til lite tap av næringsstoff. I tillegg er det sjølvsagt viktig at gjæringskvaliteten og den hygieniske kvaliteten er så god at dyra har god appetitt på fôret. Fôranalysene frå haustinga i fjor viser stor variasjon i næringsverdi, og dersom arealet er tilstrekkeleg så bør fleire vurdere følgjande:

  • Slå tidlegare på 1.slåtten !
  • Gjødsle mindre med nitrogen, særleg på 2. og 3.slåtten !

Styr på plantenes utviklingstadium

Plantene sitt utviklingstrinn ved hausting er den viktigaste enkeltfaktoren som påverkar kjemisk samansetjing i grovfôret, og gjennom det: fordøyeligheit, energiverdi og fôropptak. Vurder difor kva kvalitet du har behov for, og planlegg slått etter utviklingsstadium for det dominerande graset i enga. Tidleg slått gras gir høgare energiverdi enn seint slått gras.

Kva er ønska næringsinnhald i surfôr?

Energi- og proteinverdi er dei viktigaste måla for næringskvalitet i grovfôret. Generelt ønskjer vi ein høg energiverdi i grovfôr til mjølkekyr, gjerne 6,30 MJ pr kg TS. I Optifôr har vi grenser for PBV i totalrasjonen på mellom 10 og 40 g/kg TS.  For lågt råprotein og PBV reduserar fôropptaket og mjølkeproduksjonen. Kyr som har høgt grovfôropptak bør difor ha positiv PBV frå grovfôret. Det er nær samanheng mellom råproteinet og PBV. Analyser i FAS (NorFor/TINE sin database over fôranalyser) viser at når råproteinet er 12,5 % så er PBV mellom 0-10 g/kg TS. Råproteinet i grovfôret bør  ikkje vere over 16 % for å få ei god utnytting av proteinet og unngå tap til miljøet. For høgt protein utgjer også ein helsebelastning for kua.

Tala i tabellen under er satt slik at fôret vil gi grunnlag for høgt grovfôropptak, men gir likevel nok fiber og passe mykje protein i fôret. I kombinasjon med andre fôrmidler kan andre verdier være ønskjelege.

Ønska nær_kval 

Mange har låg energiverdi

Tabellen under viser gjennomsnittleg næringsverdi i fôrprøvene i FAS for prøver som er sendt inn i haust og vinter samanlikna med året før. Energiverdi (NEL20) på 1.slåtten var omtrent som året, cirka 6,0 MJ/kg tørrstoff. Dette er lågt, og omtrent 75 % av prøvene frå 1.slåtten er altså under 6,3 MJ. Det tyder på at mange har mykje å hente på å produsere eit betre grovfôr. For 2. og 3. slåtten ser det betre ut, men også her er variasjonen stor. Cirka 50 % av prøvene på 2.slåtten i fjor var under 6,30 MJ. Låg energiverdi er ikkje spesielt for i år, så då kan ein lure på om dette er ein bevisst strategi. Har mange så lite areal at mengde kjem før kvalitet?

Innhaldet av iNDF (ufordøyelig NDF/fiber) i alle slåttane er hovudgrunnen til at energiverdien (NEL 20) er lågare enn ønska. Andelen  iNDF blir høgare med auka utviklingsstadium i plantene. Tørt og varmt vær tidleg i vekstsesongen er sannsynleg ein årsak til høg iNDF. I 1.slåtten er NDF for høgt, men det er innanfor ønska området for 2.slåtten og noko for lågt på 3.slåtten. Det høge NDF-innhaldet i 1.slåtten tyder på at graset har ein høg andel stengel og er komt for relativt langt i utvikling, og burde ha vore slått på tidlegare stadium.Næringsverdi2013_14

Pass på nitrogen-gjødslinga

På 1.slåtten ligg råprotein innan anbefalt nivå, men det er for høgt på 2. og 3.slåtten. Proteininnhaldet påverkast av artssamansetjing, utviklingsstadium og nitrogentilgang. Det høge protein-nivået kan ha samanheng med sterk nitrogen-gjødsling, særleg 3.slåtten i fjor ligg høgt i råprotein. Det er difor viktig å passe nitrogen-gjødslinga. Ein får lite att i auka produksjon for råprotein over 15-16 %.  

Utviklingsstadie i plantene

Surfôr hausta på tidleg utvikla stadium har høgare råprotein, lågare NDF og høgare fordøyelegheit i fôret. Dette vil stimulere til eit høgare fôropptak, meir tilført energi for vom-mikrobane og dermed auka mjølkeproduksjon.  Forsøk viser at forsyning av energi i grovfôret betyr meir for mjølkeproduksjonen enn tilført råprotein. Det tyder på at det er lettare å få nok råprotein i fôret enn nok energi, og ein bør heller fokusere på å hauste på eit utviklingsstadium som gir høg energiverdi enn høgt råprotein.