Hopp til innholdet

Korleis tilpasse mjølkeproduksjon til eit lågare forholdstal?

Forholdstalet for 2022 er bestemt til 0,99. For mjølkeprodusentane  betyr det eit dårlegare potensiale for økonomien samanlikna med 2021 då forholdstalet var 1,07. Kva kan gjerast på den enkelte gard for å kompensere for redusert mjølkeleveranse?

Vi har snakka både med ein TINE-rådgjevar og ein mjølkeprodusent om kva tankar og råd dei har i den situasjonen vi no står framføre.

Lag ein produksjonsprognose

Runar Haugland er fòringsrådgjevar i TINE. Eit forholdstal på 0,99 inneberer for mange bønder ein stor reduksjon i produksjonen, opptil 8 prosentpoeng. Samtidig understrekar han at det kan vere stor skilnad frå gard til gard, til dømes om du har høg eller låg kvotefylling.

Dei med låg kvotefylling i år, til dømes 90 prosent, treng ikkje gjere store endringar. Mitt råd til dei som ta ned produksjonen, er å sjå nærare på dei tilgjengelege ressursane knytt til grovfôr og dyr. Mitt hovudbodskap er å lage ein produksjonsprognose som mellom anna viser fôrbehov og produksjonen neste år.
 

Runar Haugland portrett
Rune Haugland er fôringsrådgjevar i TINE.

Lokale forhold krev ulike tilpassingar
–Dersom ein har knappe ressursar på grovfôr og kanskje for mange dyr, kan eit tiltak vere å redusere besetninga. Ein må tilpasse besetninga til produksjonen, poengterer Haugland.
Han understrekar at mjølkekurva gjennom året også må vektleggast, og om ein har spredt eller konsentrert kalving. Tiltaka må tilpassast den enkelte gard. Det finst ikkje ein fasit.

Livdyrportalen kan vere eit alternativ til slakting
Har du ein stor buskap, kan det hende du må slakte dyr tidleg i januar. Då kan det vera rett å slakte kyr som kalvar om hausten.
–Eit alternativ til slakting er å tilby dyr i Livdyrportalen, til dømes drektige kviger som skal kalve til hausten. Har du kyr som begynner å bli gamle, la vere å inseminere dei no. Dei er aktuelle kandidatar for utrangering.

Endring på lengre sikt
Dersom målet er større andel sommarmjølk i 2022, når mjølkeprisen er høgast,  tilrår Haugland å ta vare på dei av dyra som kalvar etter jul.
På lengre sikt, i 2023 og seinare år, bør ein vurdere strategien for inseminering av kviger. Reint praktisk kan det gjerast ved å dele kvigene i to puljar. Inseminering før beiteslepp for den eine gruppa, og avslutte beitinga tidlegare enn normalt for inseminering av gruppe to.

TINE har fulle lager. No har vi fått eit klart signal og tydeleg kommunikasjon om redusert mjølkeproduksjon neste år. Då er det klokt å starte førebuingane allereie no.
 

Skjermbilde pris differanse heile landet

Figuren viser at den mest lønsame perioden å inseminere på, ut ifrå priskurva, er i grøn sone. (juni - oktober). Dårlegast lønsemd er å insemine i raud sone ( desember, januar og februar)  Viss målet er høgast mogleg mjølkepris, så bør ein redusere talet på insemineringar i dei tre raude månadane.

Har to klare alternativ
Kjell Joar Sunnset er mjølkeprodusent på Hølonda i Melhus kommune. Her disponerer han 625 dekar. I år har han ei disponibel kvote på drygt 318 tonn som han fyller. I tillegg til mjølk, har han kjøttproduksjon der han kryssar inn kjøttfe. Litt kornproduksjon og skogdrift blir det og tid til.
Eit forholdstal på 0,99 betyr at han neste år må redusere produksjonen med i underkant av 24 000 liter. For å klare ein så stor nedgang, ser Kjell Joar for seg to alternativ: Anten å behalde dyretalet, om lag 36 årskyr, og redusere avdråtten  ved mindre bruk av kraftfòr, eller å slakte ut dyr. Han kjem truleg til å velje det siste alternativet. Han trur interessa er låg for at andre mjølkeprodusentar er interesserte i å kjøpe livdyr når produksjonen skal ned.

Reduserer mest mot slutten av neste år.
–Kyr som har planlagt kalving seint på hausten 2022 eller rundt årskiftet blir sendt til slakteriet. Slik priskurva er no, må eg prøve å få fleire kalvingar på seinsommaren og tidleg haust neste år.
Det betyr at han i 2022 i store trekk opprettheld produksjonen første del av året, og reduserer mot slutten. Sjølv om han ideelt sett skulle ha produsert mest mjølk frå april til oktober på grunn av priskurva.

Betre grovfôr - mindre kraftfôr neste år
På kjøkkenbordet ligg ein fersk produksjonsprognose frå TINE, den andre han har fått laga i år.
Det er eit godt hjelpemiddel når ein først har lært  å bruke den. Her finn du mange opplysninga for å optimalisere produksjonen. Å få ein slik prognose er uansett lønsamt. No ser eg blant anna at eg har nok grovfôr til august neste år.
Han legg til at planen neste år er å slå graset enno tidlegare enn i år, noko som gir betre kvalitet slik at også kraftforforbruket kan reduserast, også det ein økonomisk vinst. No ligg avdråtten på litt over 10 000 liter med eit forbruk av kraftfôr på cirka 32 kg pr. 100 liter EKM.

Klarer å halde motet oppe
Kjell Joar Sunnset veit at neste år blir det mindre inntekt å betale rekningar med, samstundes med at det er stor prisvekst på dei fleste innsatsfaktorane, så som gjødning, drivstoff, straum og maskiner.
Neste år planlegg han ein produksjon cirka på grunnkvota.
Det er uro i verdsmarknaden. Vi er ikkje ferdig med koronaen. Endringar kan skje brått. Dersom forbrukarane på nytt vil ha meir norske varer, må vi vere leveringsdyktige, poengterer Sunnset, som forstår at det ikkje er lett å fastsette forholdstalet.

–Eg klarer å oppretthalde motivasjonen. Vi har vore gjennom store svingingar før. Det viktigaste vi no skal gjere er å levere ei råvare av topp kvalitet slik at TINE kan tilby forbrukarane produkt av høg kvalitet.