Hopp til innholdet

Korleis gje kalvane best mogleg klima?

Publisert:
av Hilde Asbølmo Kjersem Fagrådgivar mjølkekvalitet, teknikk og inneklima
Omriss av en person
av Hilde Asbølmo Kjersem
Fagrådgivar mjølkekvalitet, teknikk og inneklima

God luftkvalitet er viktig for kalven si helse. Godt luftskifte gir færre smittestoff i lufta og mindre fuktigheit og gass. Optimal ventilasjon bør forhindre trekk og gje ein stabil temperatur for kalvane. Dette er ofte ei utfordring ved oppstalling av kalv, både i eldre og nye fjøs. Ventilasjonstubar kan vere løysinga.

Det vanlegaste systemet for ventilasjon i norske fjøs er mekanisk ventilasjon med undertrykk. Avtrekksvifter dreg ut brukt luft og skaper undertrykk slik at frisk luft sugas inn gjennom ventilar i vegg eller tak. I dei delane av landet der klimaet ligg til rette for det, vert det stadig vanlegare med fjøs med naturleg ventilasjon, gjerne i kombinasjon med uisolert bygg. For kalvane er vi spesielt opptekne av å unngå trekk. I mange tilfelle kan det føre til at det vert for tett rundt kalven, og godt luftskifte hindrast.

Planlegg god ventilasjon til kalvane

Det tilrådast å setje av tid til å planlegge ventilasjonen til kalvane, anten det er ombygging eller nybygg. Når fjøsen er oppe, er det vanskeleg å flytte veggar eller endre takhøgda. Ved bruk av eldre bygningar til oppstalling av kalv er det viktig å sikre tilførsel av friskluft. Frisklufta bør fordelast jamt og ikkje skape trekk. Det må også vere mogleg å ventilere ut brukt luft. Dersom kalveavdelinga er åtskild frå resten av fjøsen, vil det sannsynlegvis vere naudsynt med tilførsel av varme i tillegg til ventilasjon. Riktig montering og innjustering av ventilasjonsanlegget er også ein viktig jobb når det kjem til kalv og klima.

Kalvens klimakrav – reinhald, temperatur og frisk luft

Kalvar skal oppstallast i eit tørt og trekkfritt miljø med frisk luft. Liggeunderlaget skal vere reint og tørt. Nyfødde kalvar frys når gradestokken viser under 10 plussgrader, medan 1 månad gamle kalvar toler ned til 0 grader før dei frys. Dette er eit viktig poeng dersom ein endrar på klimaet til kalven. Betre ventilasjon vil gjerne føre til lågare temperatur sidan ein får inn meir frisk luft. I vinterhalvåret kan det vere naudsynt å kompensere temperaturnedgongen med meir fôr, lunare liggeunderlag og tilført varme.

Betre ventilasjon kompenserar ikkje for plassmangel

Etterkvart som produksjonen aukar i ein fjøs, vert det fleire kalvar også. Det vil auke behovet for frisk luft, men auka ventilasjon kompenserer ikkje for plassmangel. For store og tette grupper aukar smittepresset, og det kan vi ikkje fikse med fleire ventilar. Då må kalvane ha meir plass.

Ventilasjonstubar kan vere løysinga

For å få eit godt klima til kalvane er det viktig at det tilførast frisk, rein luft. For å unngå trekk der kalvane er oppstalla har fjøs med naturleg ventilasjon ofte tette veggar utan luftinnslepp. Det kan føre til dårleg luftskifte og sjuke kalvar. Det same kan vi sjå att i fjøs med mekanisk ventilasjon, det er ofte litt tett og tungt der kalvane står. I Danmark er det køyrt forsøk med ventilasjonstubar som bles frisk luft til der kalvane er oppstalla. Prinsippet er ein ventilasjonstube med ei vifte i enden som bles inn frisk luft. Lufta fordelast ved hjelp av små hol i tuben. Med mange små opningar vil lufta ha ein låg hastigheit når den når kalvane, og trekk unngåas. Ventilasjonstuben syt for eit auka luftskifte og frisk luft til kalvane. For at ein ventilasjonstube skal fungere, er det svært viktig at den er utforma riktig. Storleiken på vifta i høve til tuben og storleik og plassering av hola i tuben må vere korrekt. Dersom desse er feil, kan ein få ulik fordeling av frisklufta i tuben, og feil hastigheit på lufta når den når kalven, i verste fall trekk. Forsøka i Danmark er gjort i fjøs med naturleg ventilasjon, men det er ein spanande tanke å prøve ventilasjonstubar i fjøs med mekanisk ventilasjon også.

Bilde:Henrik Læssøe Martin, SEGES

Ventilasjonstuber

Forfattar: Hilde Asbølmo Kjersem er fagrådgjevar mjølkekvalitet og spesialist på ventilasjon. Ho er ein av fleire rådgjevarar med kompetanse på inneklima. Ta gjerne kontakt med din rådgjevar for å høyre meir om tema. Hilde er også tilgjengeleg for spørsmål og synspunkt i kommentarfeltet.