Hopp til innholdet

Korleis få ein økonomisk buffer?

Publisert:
av Bjørn Gunnar Hansen Fagspesialist økonomi
Omriss av en person
av Bjørn Gunnar Hansen
Fagspesialist økonomi

Enkelte belaster driftskreditten mykje til dømes etter bruksutbygging. For å unngå problem med betalingsevna er det nokre alternativ du kan vurdere. Les meir om dette og korleis skattereglane fra nyttår er endra på eigedom og bygningar.

Enkelte bønder låner ikkje meir enn høgst nødvendig til nybygget, og uføresette investeringar eller investeringar utanom driftsplanen gjer at dei endar opp med å sprengje ramma for driftskreditten.

Fornya takst og rammelån

Taksten på garden er gjerne av eldre dato og banken vil nødig strekkje seg lenger. Ein konsekvens kan til dømes bli at brukaren må skaffe seg maskiner ved hjelp av leasing, og dèt kan som kjent vere eit dyrt alternativ så lenge ein ikkje betaler toppskatt. I slike høve kan det vere lurt å få utarbeidd ein ny takst på garden, slik at banken får oversikt over dei reelle verdiane. Det kan gje grunnlag for eit litt romsleg rammelån, slik at ein har litt å gå på, og slepp å overbelaste driftskreditten. Med rammelån slepp ein òg å søkje om nytt lån kvar gong ein skal investere og renta er gjerne lågare. Diskutèr det gjerne med banken din.

Eigedom og bygningar kan skrivast opp ved eigarskifte

Skattereglane vart endra frå nyttår, og tilpassing til dei nye reglane kan òg hjelpe på betalingsevna. Regjeringa innførte kontinuitetsprinsippet, som inneber at arvingar overtek den same skatteverdien på eigedelene som til den som gjev dei frå seg. Landbruket fekk delvis unntak frå kontinuitetsprinsippet, slik at til dømes sjølve eigedommen med bygningar kan skrivast opp til tre fjerdedeler av marknadsverdien ved eigarskifte. Unntaket gjeld ikkje for traktor, maskiner og reiskap, samt buskap og varelager. Dermed er lønsemda ved slike investeringar redusert jamført med «anna fast installert produksjonsutstyr i saldogruppe d», som framleis kan skrivast opp ved eigarskifte. Mjølkerobot og fôringsanlegg er døme på utstyr som kan skivast opp og som dermed gjev høgare avskrivingsgrunnlag. Endringane i skattereglane taler såleis for å vri investeringane over på innandørsmekanisering.