Hopp til innholdet

Kjeing og ny laktasjon

Publisert:
av Helga Kvamsås TINE Rådgiving, Spesialrådgiver fôring og melkekvalitet geit
Omriss av en person
av Helga Kvamsås
TINE Rådgiving, Spesialrådgiver fôring og melkekvalitet geit

Kjeingstida er ein hektisk og krevjande periode . Mange dyr og konsentrert kjeing krev gode rutiner for å få ein god start på ny laktasjon.

Kjeinga er alltid ei påkjenning og ved å gi geitene riktig fôring, godt stell og god omsorg sæskilt i denne perioden legg vi til rette for at dei har god motstandskraft, held seg friske og er godt rusta til å produsere godt i ein ny laktasjon.

Tilrår moderat hastigheit på opptrapping av kraftfôr etter kjeing

Overgangen frå tørrperiode til laktasjon betyr ei svært stor endring i næringsbehov og krav til fôropptak. Omkring kjeing er fôropptaket naturleg lågt. Både hormonelle endringar og mindre plass til vomma når fostera blir store gjer at det blir mindre plass til fôr. Etter kjeing må vi trappe opp kraftfôret for å tilfredsstille eit stigande nærinsgbehov til mjølkeproduksjon. Det er viktig å gjere dette på ein måte som tek vare på eit godt vommiljø. For rask auke i kraftfôr og for store mengder kan gi sur vom og vere svært uheldig for grovfôrfordøyinga og grovfôropptaket.

Feltforsøk med ulike opptrappingshastigheiter på kraftfôr etter kjeing har synt at det ikkje er sikker skilnad på rask og sein opptrapping med omsyn til avdrått, form på laktasjonskurve, kjemisk innhold i mjølk eller vektutvikling hjå geitene. Når geitene får appetittfôring med grovfôr ser det ut til at dei kompenserer sein opptrapping av kraftfôr med høgare grovfôropptak. Grovfôret vere av god kvalitet og vere smakeleg slik at geitene verkeleg får høve til å utnytte den kapasiteten dei har til å ta opp grovfôr.

Meir om tilrådingar for opptrapping av kraftfôr etter kjeing.

Kritisk periode for jurinfeksjonar

Dei fleste kliniske mastittar opptrer første vekene etter kjeing. 80 % av desse er forårsaka av gule stafylokokkar, S. Aureus.Det er giftstoff frå S. Aureus som gjer at ein betydeleg del av desse mastittane går over i koldbrann.

Smittekildene til S. Aureus er fleire. I tillegg til infiserte jur finn ein ofte S. Aureus både i skjedeslimhinner, naseslimhinner og alltid i sår og byllar. Geita har altså ofte store reservoir av S. Aureus som kan vere kilde til infeksjonar i juret. Etterbyrdrestar, blod, og børflod er ypperlege oppformeiringsplassar for S. Aureus.

Tiltak som reduserer smittepress og styrkar motstandskraft er svært viktig:

  • God plass og god ventilasjon – stor dyretettleik og dårleg luftkvaliteter ein stor stressfaktor -  ikkje minst i kjeingstida . Smittepresset vert mindre når geitene har god plass og luftkvaliteten er god.
  • Geitene bør vere klipte på bakpart og jur for at det skal vere lettare å fjerne blod og børflod når dei har kjea
  • God kjeingshygiene : Hald bingane tørre og reine og fjern fosterhinner og morkaker etter kvart . På talle kan ein strø over med kalk eller anna desinfiserande strø før ein dekker over med nytt , tørt strø.
  • God hygiene ved fødselshjelp er avgjerande: Vask hendene godt og bruk lange plasthansker og tilstrekkelig glidemiddel. Vær forsiktig!

For ”tøff” fødselshjelp og/ eller uhygieniske forhold gjer geita meir utsett for mastitt, skjede- eller børframfall, tilbakeholdt etterbyrd eller børbetennelse.

  • Skrap eller børst etter kvart av børflod frå jur, lår eller hale
  • Stell eventuelle kviser, rifter eller sår med sinksalve, blåspray eller jodtinktur
  • Tilby geita lunka vatn når ho har kjea - ho treng både vatn og fôr.
  • Sjå etter at geita er i aktivitet og eter normalt
  • Ved kjeing i større bingar bør påsettkjea takast frå mor like etter fødsel . Ein sikrar at kjeet ikkje syg andre geiter og ein lærer kjeet raskt å drikke av smokk. Handmjølk geita slik at ein får tilstrekkeleg med råmjølk til kjeet, dvs. åtte til tidl i løpet av første døgnet, men husk at kjea må få råmjølk innan to timar etter fødsel.
  • Kontroller geiter som er sinbehandla med speneprøve ca ei veke etter kjeing. Har ho framleis infeksjon bør ho utrangerast så snart det er mogleg. Så lenge ho står i besetninga er ho ei smittekjelde for øvrige geiter .