Hopp til innholdet

Høgt innhald av råprotein i grovfôret i år

Publisert:
av Ingunn Schei Fagspesialist fôring
Omriss av en person
av Ingunn Schei
Fagspesialist fôring

Innhaldet av råprotein i grovfôret er høgare enn det har vore dei siste åra. Pass difor på PBV (proteinbalanse i vom) i fôrrasjonen og sjekk ureaverdiane.

Gode avlingar

Tilbakemeldingar frå ulike delar av landet tyder på at årets grasavlingar er gode. Nokre produsentar har faktisk rekordavlingar, men det er også ein del som har reduserte avlingar på grunn av tørke, særleg på 2.slått på austlandet. Det bør i alle fall ikkje vere problem med å få tak i fôr for dei som har behov for det. Generelt har det vore gode hausteforhold siste to åra, og det ser vi att på fôranalysene.

Høgt tørrstoff på 2.slåtten

I fjor var det spesielt bra hausteforhold på 1.slåtten og det gav god fortørking og høgt tørrstoff, medan 2.slåtten var meir normal. I år er det omsnudd; 2.slåtten har tørrstoff på landsbasis på 38,4 % medan 1.slåtten er meir på normal-nivå på 34,4 %. God fortørking (opp mot 40 %) er ønskjeleg fordi det gir dårlegare forhold for bakteriar; mindre gjæring og meir sukker. Dette gir god smaklegheit på fôret, høgare fôropptak og betre feittprosent i mjølka. Fortørkinga må gå raskt for å unngå tap av næringsstoff i graset medan det ligg på jordet. Dersom tørrstoffet blir for høgt gir det vanskelegare ensileringsforhold som lett kan gå ut over den hygieniske kvaliteten i fôret (mugg og gjærsopp).

Høgt proteininnhald?

Etter fleire år med råprotein-verdiar rundt 14 % både på 1. og 2.slåtten så har råproteinet gjort eit hopp opp i år. På landsbasis er gjennomsnittet hittil i år 15,0 % på 1.slåtten og 15,7 % på 2.slåtten. Anbefalingane våre er 14,0-16,0 % råprotein/kg tørrstoff, så disse verdiane er soleis ideelle, men med verdiane for særleg 2.slåttten så vil mange komme vel høgt. Det er stor variasjon mellom fylke og endå større variasjon mellom produsentar, så det er viktig å følgje opp eigen gard og få tilpassa kraftfôret til riktig nivå. I år er det Troms og Finnmark som har lågt råprotein på 1.slåtten (13,3 %), men dette er oppe på 15,1 % på 2.slåtten (kun 35 prøver). Det er nær samanheng mellom råprotein og PBV, og det ser vi også igjen på at PBV-verdiane i år er høgre enn tidlegare år. Til mjølkekyr med høgt grovfôropptak bør PBV vere mellom 10 og 40 g/kg tørrstoff for å sikre at vommikrobane får nok protein og for å få ei god utnytting av proteinet samt unngå tap til miljøet. For høgt protein utgjer også ein helsebelastning for kua. Passe mykje protein i høve til energi har stor betydning for effektiv utnytting av fôret. Det vil gi god mikrobeproduksjon (AAT-forsyning). For lågt råprotein og PBV gir dårlegare fiber (NDF)-fordøying og reduserar fôropptaket. Det blir dermed mindre energi- og AAT forsyning til kua og redusert mjølkeproduksjon.

Fordøyelegheit og energiverdi

Fôranalysene viser at innhaldet av NDF (fiber) er omlag som i fjor på 1.slåtten, medan iNDF og fordøyelegheita av fôret (OMD) er litt lågare. Det har resultert i litt lågare energiverdi (NEL20).  På 2.slåtten er energiverdien litt høgare enn i fjor, sjølv om OMD er lik i fjor. Dette kjem av litt høgare innhald av råprotein og sukker. Totalt sett er næringsverdien, bortsett frå råprotein, veldig likt i fjor om vi bytter om resultata for 1. og 2.slåtten. Som i fjor er det også i år Rogaland som har det beste fôret på 1.slåtten (NEL20 på 6,21 MJ), medan Troms og Finnmark ligg litt lågt i næringsinnhald, både på energi og protein. På 2.slåtten er har derimot Troms og Finnmark på dei første 35 prøvene analysert hittil i år slått til med 6,28 MJ NEL20 per kg ts. I disse prøvene er det høgt sukker (122 g/kg ts) og bra med råprotein, så det lovar godt foreløpig. På 2.slåtten har Viken lågaste energiverdi på 5,90 MJ NEL20/kg ts, og det heng saman med relativt låg fordøyelegheit og lågt proteininnhald (CP 14,0 %). Tørrstoffet oppe i 49 % i gjennomsnitt så det viser tilbake på ein sommar med mykje godt vèr, og at ein bør vere obs på den hygieniske kvaliteten av fôret.

Konklusjon

Energi- og proteinverdi er dei viktigaste måla for næringskvalitet i grovfôret. Det har vore stort fokus på å utnytte potensialet i godt grovfôret dei seinare åra, og dermed kunne redusere kraftfôrforbruket. Kan vi auke fordøyelegheita og energiverdien i fôret vil vi få ei betre utnytting av fôret og meir verdifullt protein i form av AAT (aminosyrer absorbert i tarmen). Tidlegare slått er den enklaste måten å auke næringsverdien i fôret på. Vi har mykje å gå på for å nå eit ideelt fôr til mjølkekyr. Bodskapen i år blir å passe på at råproteinet og PBV i eige fôr ikkje blir for høge for å redusere belastninga både i dyret og på miljøet.