Hopp til innholdet

Finn deg ein diskusjonspartner!

Publisert:
av Bjørn Gunnar Hansen Fagspesialist økonomi
Omriss av en person
av Bjørn Gunnar Hansen
Fagspesialist økonomi

Bønder som møtest og diskuterer drifta har ein praksisfellesskap. Slike praksisfellesskap er ein viktig læringsarena for bønder, og læringsutbytet av å delta kan vere stort.

Dele erfaring

TINE Rådgiving intervjua 90 mjølkeprodusentar over heile landet om kven dei diskuterer drifta med og kva dei diskuterer. Mange bønder er bevisste på kor viktig det er å dele erfaringar med kollegaer: «Ja me har kaffi annakvar fredag. Me er seks-sju bønder her i grenda, halvparten er mjølkeprodusentar og nokre driv med gris. Og desse samlingane er verkeleg nyttige, no er det fjerde året me samlast.»

Når bønder møtest diskuterer dei alt frå faglege spørsmål til politikk. Det er mest ikkje grenser for kva tema som blir diskutert: «Både faglege og sosiale emne….kort fortalt det meste». Fagpraten er viktig: «Det er dyra, korleis du steller dei og kva som skjer og….om det er sjukdom i buskapen er det eit tema...korleis du skal takle det osv., og det er like mange løysingar som det er personar». Diskusjonane går gjerne i djupna: «Vi driv omfattande erfaringsutveksling, vi diskuterer gardsdrifta i detalj, kva me lukkast med…. kyr og maskiner og….alt.» I tillegg til å lære av kvarandre hjelper bønder kvarandre med praktiske problem.

Yngre gardbrukarar lærer av eldre og meir erfarne: «For meg handlar mykje av møta våre om å lære av dei eldre og meir erfarne gardbrukarane.» På denne måten kan nye brukarar raskt fange opp og ta i bruk kunnskap frå yrkesbrør, og kompensere for manglande erfaring. Det er truleg årsaka til at me fann lite utslag av erfaring i undersøkinga vår. Det tyder ikkje at erfaring ikkje er viktig, men at erfaringane raskt kjem alle i yrkesgruppa til del. Slik bidreg erfaringsutveksling til å heve kompetansen i gruppa, ja i heile næringa.

Antall diskusjonspartnarar

I middel har dei som er intervjua tre til fire diskusjonspartnarar, men talet varierer mykje, frå 0 til 15-20. Ti prosent av bøndene diskuterer ikkje drifta med andre bønder i dei heile, eller som ein brukar i femtiåra sa: «Nei sjølve drifta nei, den diskuterer eg ikkje med nokon». Rett nok har vedkomande ein ektefelle som er mykje involvert i drifta, og ho er sjølvsagt ei veldig god støtte både fagleg og sosialt. I motsett ende av skalaen finn me ein kvinneleg brukar: «Sist gang trur eg me var mellom ti og femten bønder samla her i stova mi».

Effekt på driftsresultatet

Å diskutere drifta med andre har ein positiv effekt på driftsresultata. Dess større nettverk bonden har, di lågare vert veterinærutgiftene. Det understrekar at kyr og dyrehelse er blant dei viktigaste samtaleemna når bønder møtest. Me finn ingen samanheng mellom talet på diskusjonspartnarar og region, utdanningsnivå eller alder på brukarane.

Mange framhevar den sosiale sida ved møta som like viktig som det faglege. Såleis finn me at bønder som har ektefelle eller sambuar som er litt involverte i drifta, meir positivt innstilte til det å vere bonde enn dei som driv åleine. Det fortel oss at sosial støtte er viktig for å trivest som bonde. Ektefellen eller sambuaren treng ikkje vere mykje involvert, poenget er at vedkomande må ha ei viss forståing for kva det vil seie å drive gard. Sosial støtte kan ein òg få av kollègaer: «Og viss ein av oss i gruppa har ein litt dårleg dag og kanskje ser litt svart på det, så prøver me andre å mote han opp». Uansett utfordring ligg det ein styrke i å vere fleire.

Etterkvart som fleire sel kvoten kan det vere ei utfordring å halde oppe nettverket, men nokre av dei me intervjua har funne løysinga: «Mitt viktigaste nettverk er dei eg gjekk på jordbruksskulen med for ti år sidan. Me er spreidde over heile landet, men me snakkast på telefonen, og så samlast me ein gong i året». Elles var det fleire som peika på at det slett ikkje er tilfeldig kven dei diskuterer gardsdrifta med: «Det første du må gjere er å kutte ut dei negative».

Felleskap

Bønder som møtest og diskuterer drifta har ein praksisfellesskap. Praksisfellesskap er ei gruppe menneske som deler ein glød for noko dei gjer, og lærer å gjere det betre etterkvart som dei samhandlar regelbunde. Drivkrafta i læringa er gløden for temaet, og møta kan anten vere fysiske, på telefonen eller på nettet. I ein praksisfellesskap ligg ikkje kunnskapen berre i hovudet til kvar einskild deltakar. Kvar deltakar har ulike kunnskapar og dugleikar og alle desse er nødvendige for å utvikle ei heilskapleg forståing. Kunnskapen blir såleis laga i fellesskap og er fordelt mellom deltakarane i gruppa. Kunnskapen ligg i gruppa, og gruppa har større kunnskap enn nokon av gruppemedlemmene kvar for seg. Fordi kunnskapen er fordelt i gruppa må læringa også vere sosial. Slike praksisfellesskap er ein viktig læringsarena for bønder, og gitt at du sjølv har tilstrekkeleg fagkunnskap kan læringsutbytet av å delta vere stort.

Eit spørsmål til refleksjon kan vere: Kor mange diskuterer du drifta med? Og del gjerne i kommentarfeltet.

Til slutt tek med med siste verset av diktet «Når me lyfte kverandre» av Gunnar Roalkvam.

Hvis de som føle seg sterke
vil gå te verket
og bera de som slide,
leia de som har det stritt,
vil me se at så bitte lide
ska der te for at adle får sitt.
når me lyfte kverandre.