Hopp til innholdet

Bonden viktigast om dyra skal ha det bra

Publisert:
av Bjørn Gunnar Hansen Fagspesialist økonomi
Omriss av en person
av Bjørn Gunnar Hansen
Fagspesialist økonomi

Eigen livssituasjon og psykisk velvære betyr mykje for dyrevelferda. Det viser studiar TINE har gjort.

Dyrevelferd blir ofte gjort til eit teknisk spørsmål, medan bonden, den viktigaste faktoren for god dyrevelferd, kjem i bakgrunnen, meiner spesialrettleiar Bjørn Gunnar Hansen i TINE.

Han og Olav Østerås, veterinær og fagspesialist i TINE, står bak undersøkinga som blei publisert i Preventive Veterinary Medicine i fjor haust. Målet med studien var ikkje å kartlegge den psykiske helsa til norske bønder, men å syne at jobbtrivsel og stress heng saman med dyrevelferd.

Trivsel betyr mest

Mange studiar i inn- og utland viser kor mykje dette spelar inn på jobbproduktiviteten.Dersom ein ikkje er i balanse, men grublar for mykje over økonomi eller andre problem,vil dette påverka arbeidsdagen. Det kan gå ut over arbeidet og evna til å løyse problem, seierHansen. Dei to TINE-rettleiarane kopla saman ei undersøking i Robotprosjektet (Ruralis) med dyrevelferdsindikatoren i Kukontrollen. Han er basert på registreringar som sjukdom, avhorning, klauvskjering, tilvekst med fleire.

914 bønder med

914 mjølkebønder frå heile landet er med i undersøkinga. 54 prosent hadde robot, det vil sei over gjennomsnittet, sidan dette var ei undersøking i robotprosjektet. Tidlegare forsking har vist at auka arbeidspress har ført til at fleire rapporterer om psykiske plager. – Ein må ha trua på framtida, ei inntekt som er til å leve med, og eit stressnivå ein klarer å handtere. Det kjem tydeleg fram i undersøkinga. I tillegg er einsemd ein viktig faktor. Når ein ikkje har naboar som lengre driv med mjølk, er det viktig å ha gode nettverk – både sosialt og fagleg. Det er godt å kunne diskutere med nokon som er i faget. Mange har dette, men ikkje alle, seier Hansen. – Å ta vare på eiga fysisk helse, er òg eit viktig bidrag, legg han til.

Dyrevelferd = omsorg

Låg jobbtrivsel og stress kan gå ut over tida ein brukar på dyrestellet. Å bruke tilstrekkeleg tid i fjøset er fundamentalt for å oppnå gode resultat – òg om ein har mjølkerobot. Undersøkingar blant helsepersonell syner at for å gi god omsorg må dei som yter omsorg, trivest på jobben. Dyrevelferd handlar om omsorg, meiner TINE-rettleiaren. – Ingen blir bonde fordi ein har lyst til å plage dyr. Stress drar ned og trivsel drar opp, seier Hansen. Når det kjem fram dyretragediar, blir det fyrst og fremst ropt på straff. – Det er det enklaste, folk må forstå at slik oppførsel vil få konsekvensar. Men det å sjå og lytte til signal hjå bonden, kan hindre tilfelle med dårleg dyrevelferd. Derfor er det så viktig med gode kolleganettverk, rettleiarar og familie, og andre nære ein kan dele det ein går å ber på. Bondevelferd og dyrevelferd er to sider av same sak, seier Bjørn Gunnar Hansen.

Intervjuet er først publisert i  Bondebladets printutgave.