Hopp til innholdet

Analyser av sporar i geitmjølk

Publisert:

TINE har i 2017 starta ei kartlegging av sporedannande bakteriar i geitmjølk. Desse bakterietypane kan gi alvorlege kvalitetsfeil i ferdige produkt, både i ost og konsummjølk.

Fram til no er sporeinnhaldet berre målt i kumjølk og har vore ein del av kvalitetsbetalingssystemet for kumjølk i fleire år.

TINE registrerer at sporeproblemet er aukande og vraking av mjølk og ferdige produkt grunna sporeproblem er svært kostbart. Industrien ynskjer naturleg nok å få oversikt over tilstanden m.o.t sporeinnhald også i geitmjølka..

Analysene som no vert gjort av sporer i geitmjølk er eit kartleggingsarbeid og vi presiserer at analysene ikkje gir konsekvensar for kvalitetsbetalinga.

Det er heller ikkje planar om at sporeanalyser skal inngå som ein del av kvalitetsbetalingsystemet i 2018. Kartlegginga av sporenivået i geitmjølk og konsekvensane for produktkvaliteten vil vere grunnlag for å gjere slike vurderingar seinare.

I vedlagte artikkel kan du lese om:

  • Kva er sporar ?
  • Konsekvensar for produktkvalitet
  • Tiltak for å unngå sporar
  • Analysemetodar og plan for prøvetaking i geitmjølk

Trykk her for å åpne artikkelen