Meny

Husdyrgjødselkostnaden i mjølkeproduksjonen- resultat frå Grovfôr 2020

Bård Oliver Gjellestad skreiv i vår masteroppgåve ved Norges Miljø og Biovitskaplege Universitet. Han studerte kostnadene med husdyrgjødsel og korleis dei kan reduserast, basert på rekneskapstal frå 183 bruk i heile landet som deltok i prosjektet Grovfôr 2020.

Vi gjev att deler av samandraget her:

«Vi fann at husdyrgjødselkostnad pr tonn er svært avhengig av transportavstand og gjødselmengde totalt. Grunnen til at køyreavstand er så sentralt kan både vere at transport er dyrt, og at transport er ein sentral del av husdyrgjødselhandteringa. Vidare er dei faste kostnadene sentrale, då gjødselmengde totalt er ein viktig faktor. Resultata syner at ein har stordriftsfordeler når ein skal handtera husdyrgjødsel. Det synte seg òg at slangespreiar gjev effektiv og billeg handtering. Ut frå analysane av val av metode såg vi at sannsynet for at ein brukar slangespreiing aukar om ein har kort køyreavstand, mange tonn og låg eigardel av maskiner og utstyr.

Slangespreiar gjev lågare kostnad enn bruk av vogn

Oppgåva synte at mange nyttar ein kombinasjon av vogn og slangespreiar, og i nokre høve ser vi at  dette gjev lågare kostnader. Vi fann at bruk av slangespreiar gjev lågare kostnad enn bruk av vogn. Dermed konkluderer vi med at det er ein samanheng mellom val av metode og husdyrgjødselkostnad.

I mjølkeproduksjonen vil vi tilrå samarbeid og andre tiltak som reduserer transportkostnaden slik at ein får utnytta stordriftsfordelene. Slangespreiing bør brukast der tilhøva ligg til rette for det, då det gjev lågast kostnad. I utgangspunktet krev slangespreiing korte avstandar mellom lager og spreieareal, men med å organisere mellomtransport med til dømes tankbil, kan ein nytta slangespreiar òg på areal som ligg eit stykke unna lageret.»

 

Her kan du lese og ev. laste ned heile oppgåva:

http://hdl.handle.net/11250/2571648

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås