Meny

Økologiske bruk meir effektive enn konvensjonelle bruk

I ei masteroppgåva ved Norges Handelshøgskole våren 2018 samanlikna Hans Haga og Kristian Lindblad lønsemda og inntektseffektiviteten på 59 økologiske mjølkebruk og 854 konvensjonelle bruk i åra 2014-2016. Resultata syner at økologiske bruk er meir effektive enn konvensjonelle bruk, gitt deira føresetnader for å produsere.

Dei same bruka vart studerte i kvart av åra. Data var henta frå Tine Mjølkonomi og Husdyrkontrollen.

For å gjere samanlikna rettast mogleg plukka studentane ut dei konvensjonelle bruka som likna mest på dei økologiske med omsyn til mjølkekvote, distriktssone grovfôrareal, tal kyr, del av totalomsetnaden frå mjølk, samdrift og robotdrift. Effektiviteten vart målt ved å samanlikne summen av alle inntekter inkludert tilskott for kvar av brukstypane, sett i høve til innsatsfaktorane grovfôrareal og mjølkekvote, og kostnadene med innsatsfaktorane semin og veterinærkostnader, grovfôr og kraftfôr, samt avskrivingar på bygningar og grøfter. Sidan økobruk og konvensjonelle bruk har ulike føresetnader for å produsere, vart effektiviteten rekna ut for kvar av gruppene.  

Fann skilnad i inntektseffektivitet

Resultata synte at det ikkje er skilnad i lønsemd mellom gruppene når ein måler med tradisjonelle mål på lønsemd, slik som t.d. driftsresultat. Derimot fann dei skilnad i inntektseffektivitet mellom gruppene. Økobruka oppnådde ein middel inntektseffektivitet på 82,9 % av det maksimalt oppnåelege innan si gruppe, medan dei konvensjonelle hadde ein tilsvarande middel effektivitet på 76,4 % av det maksimalt oppnåelege.

Resultata syner at økologiske bruk er meir effektive enn konvensjonelle bruk, gitt deira føresetnader for å produsere. Det vil seie at økobruka må være meir effektive enn konvensjonelle bruk for å oppnå same lønsemd.

I oppgåva peikar studentane på at skilnadene mellom dei to gruppene kan skuldast ulike forhold ved bonden som motivasjon, utdanning, alder osv., som dei ikkje hadde tilgjengelege data om. Studien synte òg at konvensjonelle bruk har eit større inntektspotensiale enn økobruk. Det vil seie at om alle bruka i studien dreiv optimalt, ville dei konvensjonelle bruka ha høgare driftsresultat enn økobruka. 

Heile oppgåva kan du laste ned her

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås