Meny

Rettingar i Mjølkeprognose med auto-utrangering (BETA)

Takk til alle som har sendt oss beskjed om feil i verktøyet, og tilbakemeldingar ellers med ris og ros. Vi har nå fått retta dei viktigaste feila, men ikkje fått kapasitet til å gjera nye planlagte forbetringar.

NB! Det er viktig å starte med «blanke ark» - bruk derfor «Tilbakestill»-knappen både i Buskap og i Dyr før du gjer evt. manuelle redigeringar og køyrer prognosa. 

Her er liste over kva som er gjort:

  • Svinn innlagt i Buskap under «Venta fradrag ekskl. kalvemjølk» blir nå trekt frå slik det skal saman med kalvemjølka i prognosert leveranse.
  • Retta feil i opptelling av antal kalvingar og antal fôrdagar med kalvemjølk.
  • «Felles avsiningsdato» i Dyr (for dei med konsentrert kalving) fungerer nå, men ikkje alltid heilt korrekt. Ofte er det fleire kyr som får fellesdatoen enn det bør bli. Kyr som har fått berekna tidlegare avsiningsdato enn fellesdatoen, skal ikkje bli endra. Desse bør rettast tilbake manuelt.
  • «Tilbakestill» i Dyr med valget «Alle dyr» og «Tilbakestill alt» fungerer som det skal med eitt unntak – og det er ved bruk av «Felles avsiningsdato». For å Tilbakestille da må du velja «Alle dyr» og berre «Avsiningsdatoer for valgte dyr». Da går det fint.   
  • Nå er det fullt samsvar mellom planlagte utmeldingar (dyr nr og dato) i «Dyr» og i «Prognose (mjølkeproduksjon)» og det som blir kvittert ut på «Prognose (meierileveranse)» inkl. utskrifta også når det er gjort manuelle registreringar.
  • Betre forklaring i «Prognose(mjølkeproduksjon)» om årsak i kolonna «Planlagt utmeldt». Det kjem beskjed også på dei som er manuelt endra, og det står «Kvige» bak dyr som må ut p.g.a. at ei ny kvige kalvar og alle registrerte kuplassar er brukt opp før.

Med dette meiner vi at dette nye prognoseverktøyet i Pluss-pakka vil fungere veldig bra. Vi oppfordrar likevel til å koma med tilbakemeldingar viss døkk finn feil eller har andre kommentarar :-)

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter