Meny

Mjølkeprognose med utrangeringsassistent overtek

Etter nokre månader med testversjon og gjennomførte forbetringar, er vi nå klare til å stenge den gamle mjølkeprognosa, slik at vi unngår vedlikehold og forvirring ved å ha to nokså like produkt. Den nye fungerer som eit «kinder-egg», med tre løysingar i eitt produkt:

  1. Mjølkeprognose PLUSS er utstyrt med ein såkalla utrangerings-assistent, som automatisk foreslår kva for kyr/kviger som bør utrangerast, og kva tid. Utvalget av dyr kan du påvirke via Rangering Kyr og Rangering Kviger.  Vidare blir utrangerings-forslaga styrt av fjøsplass og mjølkekvote.

  2. Du kan fint overstyre dei valga utrangerings-assistenten gjer med manuell endring for enkeltdyr.

  3.  Mjølkeprognose PLUSS kan fungere heilt som den gamle dersom du ynskjer å styre all utrangering manuelt.  Da koblar du berre ut utrangeringsassistenten i «Dyr» her ved å fjerne haken:

Huke av urangeringsassistent v2

Mjølkeprognose PLUSS har også fått funksjon for «Innkjøp av dyr», i «Dyr» :

Dette er heilt nødvendig for dei som set bort kvigeoppdrettet sitt, men sjølvsagt også for andre som vil kjøpe kviger eller kyr for å fylle mjølkekvota.

Slik får du tilgang

Mjølkeprognose PLUSS er berre tilgjengeleg for PLUSS-abonnentar (som for tida er gratis). Viss du ikkje allereie har PLUSS-tilgang, ordnar du det enkelt her: https://medlem.tine.no/abonnement/ui/

Alle mjølkeprodusentar – inkl. geitebøndene våre - har tilgang til  Mjølkeprognose enkel, som viser korleis årets kvotefylling ligg an ifht. den innvegingskurva du hadde i førre kvoteåret.  Den er eit greitt hjelpemiddel i kvotetilpassinga ved stabil kalvings- eller kjeingstid.

Mjølkeprognose PLUSS er betre ved at den tek omsyn til Kukontrollen til kvar tid, f.eks. kva tid kyr og kviger er inseminert, og forventa avdrått på kvar ku.  God kvotetilpassing er viktig både for kvar enkelt mjølkeprodusent og for fellesskapet. Med utrangerings-assistenten får du ei rask og god prognose.  Køyr ny med jevne mellomrom slik at du får med alle oppdateringar i Kukontrollen til kvar tid.

Vil du veta meir om «tankegangen» bak utrangerings-assistenten kan du lesa her:

  1. Fyrst sjekkar vi om det blir fleire kyr enn berekna kuplassar i løpet av perioda.  Dersom JA, blir datoen for den utløysande kvige-kalvinga markert som ein dato vi må utrangere ei ku på. 
  2. Den/desse datoane legg vi inn i lista over dyra, og sørger for at ingen nyleg kalva kyr (tidlegast 1 mnd etter kalving) og ingen høgdrektige kyr (siste 3 mnd) blir føreslegne for utrangering.
  3. Så bereknar vi sannsynleg mjølkemengde gjennom kvoteåret. Dersom vi er under kvote, er vi ferdige..

Ellers køyrer systemet pkt. fire til seks inntil berekna leveranse blir under kvote:

  1. Viss det ligg an til overprod., legg inn ei «kvoteutrangering» på fyrste ledige dag.
  2. Nå «stokkar» systemet utrangeringane på nytt slik at dårleg rangerte kyr går ut fyrst – enten det skuldast fjøsplass-utrangering eller det skuldast kvote-utrangering.
  3. Samtidig passar vi på å ikkje koma under 70 % utnytting av fjøsplassane. Da prøver vi heller med utrangering i neste månad i staden osv.  I buskapar med mange kuplassar ifht. kvote og avdråttsnivå vil det ikkje vera mogleg å få til kvotetilpassinga.  Set evt. inn eit lågare  antal kuplassar enn det verkeleg er for å tvinge fram betre prognose.
  4. Når siste utrangering fører til at vi kjem under kvota, blir denne siste fjerna og prognosa blir berekna på nytt. Nå er vi ferdige. 
  5. Så gjer vi det same for neste kvoteår.

 

 

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit februar

Kr 5,07

Snitt fettprosent kumelk februar

4,38%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås